onsdag 9. september 2009

Målestasjon og dokumentasjon:)


Som foreldre / besteforeldre flest synes vi det er kjekt å følgje med i utviklinga og veksten til born og borneborn. Mannen min har hatt for vane å stille borna opp etter veggen og merka av høgda med blyant, han har vore nøye med å skrive dato og høgd, på den måten har det vore lett å følgje med kor mykje dei har vakse på eit år. Det han ikkje tok hødge for var at på veggen hang det vinyltapet som sakte, men sikkert begynte å løsne i skøytane. For mange år sidan fann ein liten tass av ein onkelunge som var på besøk eit punkt der tapeten hang laust, han tok eit godt tak i tapetbiten, og med ei rask handrøyrsle flerra han halve tapeten av veggen!
Dermed forsvann fleire års dokumentasjon på veksten til dei eldste borna våre, og vi fann ut at det nok var på tide å gi kjøkkenet ei aldri så lita opppussing.
"Målestasjonen" vart flytta frå veggen og bort til dørkarmen mellom kjøkken og vaskerom.
Her ein dag fann eg ut at dette er i grunnen godt bloggestoff, så eg tok med fotoapparatet bort til vaskeromsdøra for å forevige merka.Det eldste merket eg fann på dørkarmen er snart ti år gammalt, der er altså datere merke med høgda til born og borneborn over ei tiårsperiode.

Alle borneborna er målte minst ein gong, helst fleire.

Medan eg stod slik med fotoapparatet og knipsa, oppdaga eg det nyaste merket høgt oppe - merkeleg i grunnen, ingen av borna eller borneborna er så høge.

Dårleg lys og svekka syn gjorde at eg måtte ganske nær for å lese det som stod der:
Det viste seg at ein kamerat av tjueåringen vår også ville dokumenterast på dørkarmen, så der står høgde og namn oppskrive, datert til ein julidag i 2009:)


Ganske koseleg, spør du meg!

6 kommentarer:

  1. Skikkelig koselig! Vi har også satt merke på veggen etter barn som har blitt målt;) Nå er det tid for barnebarnmåling snart;)
    Kos deg videre ikveld og klem fra meg;)

    SvarSlett
  2. Det var jammen et koselig påfunn ! Dette kan nok ikke pusses opp !!!! Klem !

    SvarSlett
  3. Artig innlegg ,du har rett i at dette var virkelig noe og blogge om og i tilegg så får du alltid til og lage dine intersanne og ikke minst morsomme!!
    Ønsker deg en fortsatt god kveld jeg Kristin!!!..trass i at høststormene har begynt og ule rundt oss igjen.

    SvarSlett
  4. he he noko liknande har vi og.På døra mellom stove og kjøkken er det mange strekar med namn og dato."målestsjonen er flttig brukt .Mest av borneborna no, men nokre av dei store må av og til bort å sjå om dei har vokse.

    SvarSlett
  5. Koseleg og artig målestasjon :) Ha ei fin helg!

    SvarSlett