lørdag 26. mars 2011

Kort besøk

Eg har beundra mange flotte fuglebilete på bloggar rundt omkring, og eg har gjort mange forsøk på å knipse fuglar på foringsplassen vår, utan å lukkast. I dag fekk eg ein sjanse til å ta eit nærbilete, eg vart nemleg vekt av ein liten stakar som hadde forvilla seg inn gjennom den vesle opninga i soveromsvindauget vårt.

Kort visitt 006

Han var så forskrekka at han enda hjelpelaus på golvet så eg kunne plukke han opp og ta han med ned i stova.

Kort visitt 007

Men før eg hadde fått leita fram kameraet var han så pass at han kom seg på vengene og sette seg på den ru overflata i skorsteinspipa.

Kort visitt 001

Han var snar til å kome seg ut når vi opna dørene:)

mandag 21. mars 2011

Skippertak

Det er vel dette ein kallar ein dårleg match: At eg strikkar lestar med striper i mange fargar, men eg likar ikkje å feste endane.

Meir lestar 003

Då eg reiste med buss til Oslo i vinterferien såg eg ei strikkedame som imponerte meg, ho drog fram stoppenåla og festa endane for kvar gong ho skifta farge. Skulle ønskje at eg også gjorde det……..

Meir lestar 004

Andre har funne ut at mangefarga tråd er ideelt, då er det berre å strikke i veg og så dannar det seg striper av seg sjølv. Eg har gjort nokre forsøk med slik tråd eg også, men eg er for sær – eg vil bestemme korleis stripene skal verte sjølv!

Meir lestar 002

Derfor må det eit skippertak til i ny og ne – det vart ein bra haug med endar etter at jobben var gjort for denne gong:)

Meir lestar 007

lørdag 19. mars 2011

Tjukt med lestar

Bestalesta 004

Treng eg mange lag med lestar for å halde varmen? - lurer du kanskje på.
Ja, av og til gjer eg kanskje det, men desse lestane er “lurelestar” som varmar litt ekstra rundt anklane, det er nemleg berre eitt par.
I staden for å strikke striper eller mønster, har eg delt  skaftet i fleire lag:

Først la eg opp 40 maskar og strikka 24 omgongar to rette, to vrange.

Bestalesta 011

Så la eg opp 40 maskar på eit nytt sett med pinnar og strikka 20 omgongar glattstrikk.
Eg strikka dei to delane saman ved å legge det glattstrikka delen utanpå den andre og strikka frå to pinnar samtidig, så strikka eg ein ny omgong før eg la til sides arbeidet.

Bestalesta 008

Til slutt la eg opp med ein tredje farge og strikka 16 omgongar, dette vart det ytste laget på skaftet og eg strikka det saman med dei to andre på same måte som sist.samanstrikkingpage




Deretter strikka eg skaftet så langt eg ville ha det før eg laga hæl og fot på lesten.

Bestalesta 006

søndag 13. mars 2011

Ein sykkeltur gjer ingen vår

Sidan eg skifta arbeidsplass for eitt og eit halvt år sidan har eg sykla dei seks kilometrane til jobben så sant det har vore muleg. 
Eg kunne sjølvsagt ha kjøpt piggdekk og brukt sykkelen om vinteren også, men det har ikkje vorte gjort.
I staden har eg gått til jobben sidan midten av november og den greie mannen min har henta meg  når eg har vore klar til å fare heim om ettermiddagen:) Men det er no litt tungvint å vere avhengig av andre, så no ser eg fram til å begynne å sykle igjen.

Sykkelen 007

I dag var det fin temperatur ute og snø- og isfritt på vegen utfor huset vårt, så då var det berre å tørke støvet av hjelmen og ta ein prøvetur rundt øya.

hjelmenpage

Kjekt å ta fram “gliset”, fin sykkel, synest eg:)

rosemålapage

Likevel har eg planar om å skifte han ut. Behova endrar seg i takt med stigande form og lyst til større fart, så denne våren blir det hybridsykkel med tre - eller er det fire ? – gongar fleire gir.

gearpage

Prøveturen gjekk fint, trass snø på vegen nokre stader – og sjølvsagt ei snøbyge rett i “fleisen”:0

fredag 11. mars 2011

Slik kan ein ha det

når ein får vere med klassa si på skileirskule i mars

Fjellsætra 016

- nysnø, sol, blå himmel – fornøgde elevar og glade lærarar:)

Fjellsætra 013

Fjellsætra 005

Men både elevar og kollegaer skal sleppe å kome på strikkebestabloggen…

lørdag 5. mars 2011

Trekning

på min fyrste “gi-vekk” er no utført.
Det er mannen min som har hatt rolla som assistent for meg i heile dag; fyrst måtte han vere “baywatch” sidan eg var den einaste av badedamene som hadde høve til å ta ein symjetur i dag, deretter måtte han foreta den høgtideleg trekninga:

Trekning 001

14 samanbretta lappar i ei skål.

Trekning 002

Ingen kikking her, takk!

 Trekning 003

Vinnaren er Trollkåno, så si første reise gjer Travelling Woman til henne i Evanger.

Travelling woman 003

Slit det med helsa:)

Takk til alle dykk andre som har vore innom med gratulasjonar og koselege kommentarar.

torsdag 3. mars 2011

Eventyret ligg rett utanfor stovedøra

Berre tjue meter frå dørstokken min ligg grinda som fører rett inn i eventyrverda – og eg har ikkje visst noko om det før i dag!
Eg har kort veg til nydeleg turterreng, noko eg gjer meg nytte av rett ofte, eg går den vante stien, ein skogsveg som går over til sti etter ei stund, oppover mot nokre små høgder. Eg har lagt ut bilete frå turane mine mange gongar.
I dag gjorde eg ein vri og svinga til venstre i staden for til høgre ved første vegskilje – og gjekk meg rett inn i eventyret:)
Det var ut på ettermiddagen, lyset var ikkje det beste og eg hadde ikkje med kamera så eg måtte nøye meg med mobilen.Men knipsa det gjorde eg;

Eventyrskogen 011  krokete buskfurustammer, underlege figurar,

Eventyrskogen 017Eventyrskogen 035

sitjeplassar i fleng,

Eventyrskogen 014

oppkutta greiner lagt ned  på dei blautaste punkta i stien,

Eventyrskogen 045

godt med skilt,

Eventyrskogen 033

ein makelaus gapahuk,,,

Eventyrskogen 026

Eventyrskogen 028
Fantasien tok heilt av – dette er tingvallir frå vikingtida, drakar med tre hovud som ventar på djerve riddarar,

Eventyrskogen 019 

leirplassar og skumle skogsuhyre, bruer og portalar …

Eventyrskogen 041

Eventyrskogen 042

Hit skal eg tilbake saman med borneborn og Cannon-en!
Mot slutten av den flotte runda eg gjekk møtte eg mannen som har gjort mesteparten av rydde-, skiltings- og tilretteleggingsarbeidet, blid og fornøgd med saga i handa, han hadde vore og laga til ein ny benk ved eit utsiktspunkt. Bjarne heiter han.

Eventyrskogen 051

Han må vel vere eit heitt namn når neste frivilligpris skal utdelast i kommunen!

Eventyrskogen 047

Strikkebesta nyt vinterferien

- med nokre dagar i Oslo på besøk hos barn og borneborn:)

Vinterferie 004 Vinterferie 009

- med å kome heim og ta fram symaskina og plutseleg ha ein fiks ferdig kjole i ullfilt:)

Vinterferie 029

Det var ikkje maskinsaumen som tok tid, ikkje klippinga heller, men handarbeidet til slutt, som hekla kantar – og forsøk på broderi på ryggen og lomma.

Heklogbroderipage

Eg har lese eit par bøker og strikka nokre lestar – det er passe tidtrøyte på bussturen til og frå hovudstaden 
– og endå er det tid til turar og matlaging – og til å kikke etter vårteikn mellom rusk og rask ute i “hagen”:)

Vinterferie 035