mandag 28. juni 2010

Endeleg vart det!

I dag var vêrforholda gode nok til at eg fekk mannen min med på padletur:)

Endeleg kajakktur 006

Sidan vi ikkje har naust eller sjørett er det litt problematisk å oppbevare kajakkane, men oppfinnarmannen min har tenkt ut noko som vi, han og eg, synest er smart:Litt ut på sommaren skal vi på båttur, og då vil vi sjølvsagt ha med kajakkane, kva er då betre enn å lage til plass til dei på taket på båten?
Der er dei no lagra når dei ikkje er i bruk. Praktisk synest vi, heilt skrullete synest ungane våre, det ser ut som vi er tyske bobilturistar i båt, hevdar tjueåringen, han forstår visst ikkje at slike kommentarar berre er litt krydder for oss gamlingane:)

Vi treng nok litt øving før vi kan kalle oss fullbefarne padlarar, særleg er det ombord-  og ilandstiginga som valdar oss problem. Vi klatrar ned badestigen bak på båten og stig opp i kajakken derifrå, det har gått bra så langt. Når vi skal motsett veg er det enda vanskelegare, men berre ei treningssak, seier mannen min.
I dag var han uheldig og fekk seg eit ufrivilleg bad:) Friskt, med berre 13 grader i lufta og nokre grader kaldare i sjøen!

Vi fekk no prøvd ut samarbeidet, det er ikkje berre enkelt å tøme ein kajakk som har gått rundt og er full i sjøvatn, men jammen greidde vi det til slutt:)

Det å site i kajakken og padle avgarde  - i passe tempo -  langsmed land - i roleg sjø - er berre heilt nydeleg, 

Endeleg kajakktur 008

 

 Endeleg kajakktur 001 å finne seg ein holme og gå i land for å kose seg med niste er også herleg, det var ein del av turen vår i dag:)

Endeleg kajakktur 003

fredag 25. juni 2010

K for ……

4523786846_4250cdfd2c_m[1]_thumb[2]

Abc-leiken held fram, og eg har stadig nye spanske substantiv på lur:)

For oss nordbuarar er det litt rart å tenkje på at i spansk er K (blir uttalt ka) brukt berre i “låneord”, dvs ord som kjem frå andre språk, slik som kiosco, kilo, karate og koala.

Eg tenkte at no skulle det verte eit bra høve til å få vist fram den nye, raude kajakken min, (el kayac) men med det veret vi har for tida er det ikkje muleg å få med mannen min ut og padle, og eg klarer ikkje å få sett kajakken på sjøen på eiga hand, så der glapp den sjansen….:(

I staden blir det ei frukt frå down-under: Kiwi.

I det siste har vi fått både gule og grøne kiwi i butikken, smaken er det ikkje store forskjellen på, og fargemessig går eg for den grøne, han ser liksom litt friskare ut, eller kva synest du?

gul og grønpage

Eg tek gjerne ein kiwi rett frå skalet som dessert.

Kiwi 008

Det er mange deltakarar i Abc-leiken, vil du sjå kva andre deltek med, kan du klikke her.

torsdag 17. juni 2010

“Hota” - J


I ABC-leiken er bokstaven denne veka J. På spansk heiter bokstaven hota, og ord som begynner med J startar derfor med h-lyd.

Substantivet mitt er namnet på månaden vi er inne i, den lysaste av dei alle, Junio, her representert ved ein bukett markblomster

Ferietur 09 090 

og kveldssola som skin gjennom furugreinene.

Juni 09 016

Andre sine bidrag finn du om du klikkar her.

lørdag 12. juni 2010

For 365 dagar sidan…..

fylte den vesle oslojenta vår 3 år. Mykje har hendt i livet hennar sidan den tid…

For oss som berre møter henne av og til er det lett å merke korleis ho veks og utviklar seg:)

MARYLIN BURSDAGpage

Marylin er ei aktiv jente, ho er glad i merksemd og ho likar at det skjer noko rundt henne.

Den største endringa ho har opplevd dette året er nok at ho har vorte storesyster – ei flink storesyster som er veldig kry av veslebroren sin:)

Michael_-_new_born_094_thumb

I dag skal ho feire fødselsdag med mange gjester: Først gode venner frå barnehage og nabolag, deretter familie, men utan besta og bestefar, vi må nøye oss med bilete og rapport i etterkant.

Men pakke er i alle fall sendt, og vi ønskjer den STORE oslojenta til lukke med fireårsdagen:)

torsdag 10. juni 2010

Øy

Sidan eg har vore på tur saman med fire åttandeklasser til øya Runde i dag, blir det spanske substantivet så klart isla.

Rundetur -10 020

Vi hadde ein flott tur i strålande vêr, passe dose med trim, herleg utsikt og god tid til kos og hygge:)

Vi fekk fyrst ei orientering om det nye miljøsenteret som er bygt opp på øya, det skal bli ein samlingsstad for forskarar som har marinbiologi som fagfelt.

Rundetur -10 031

Deretter la vi i veg over øya til fyret som ligg på vestsida. Der vart det grilling avslapping og leik i fleire timar.

Rundetur -10 036

Siste delen av dagen brukte vi til å vandre opp på fjellet for å kikke ned i fuglefjellet, og vidare til lundeura for å sjå lundefuglen når han kom inn frå havet om kvelden.

Tur til Runde 084

Det spanske substantivet isla tyder altså øy.

Rundetur -10 043

4523786846_4250cdfd2c_m[1]_thumb[2]

Klikk deg inn her så kan du sjå fleire
I-innlegg.

fredag 4. juni 2010

Ein bolero vart resultatet

Karding med handkarder og timesvis med spinning og tvinning, ein tråd merinoull og ein tråd tussahsilke, resulterte i ca. 500m tolagd tråd.

lage trådpage

Denne tråden ville eg lage noko til meg sjølv av, men det er ikkje så store plagga ein kan få med så lite tråd.

Tråden min 005

Drops har oppskrift på ein søt bolero i perlestrikk som eg trudde tråden skulle rekke til.

Eg fekk snart trua på at det ville bli nok til sjølve strikkearbeidet, men så skulle det heklast ein blondekant rundt boleroen, og då vart det ganske spennande om det vart nok. Heldigvis skulle ein del av blonda vere lys, då fekk eg bruke rein ull. Dermed rakk eg rundt den siste omgongen med blandings-tråden, rett nok ikkje heilt slik mønsteret forklarte, men eg er fornøgd med resultatet; ein “rustikk” bolero i ein litt ubestemmeleg farge:)

ferdig boleropage

Det første plagget eg har laga til meg sjølv - frå fiber til ferdig produkt!

ABC i ord og bilder: H

På spansk heiter H “ache”, med andre ord er h-lyden stum. Likevel er han brukt i mange ord. Eg vel meg ordet helado som tyder is, både iskrem og den isen vi fotograferte i Ottaelva den 13.mai.

heladopage

Helado de fresa = jordbæris.
Helado con chocolate = sjokoladeis.
Heladería = isbar.

Ordlista mi:

Singular

Plural

Norsk

la adivinanza

las adivinanzas

gåte

el barco

los barcos

båt

” camino

” caminos

veg

” dedo

” dedos

finger

” enchufe

” enchufes

stikkontakt

” flor

” flores

blomster

” gallego /

la gallega

” gallego /

las gallegas

person frå Galicia

el helado

los helados

is

4523786846_4250cdfd2c_m[1]_thumb[2]

Fantasirike bidrag på H kan du finne her.