fredag 27. august 2010

ABC…..T


Det er ikkje alltid like lett å velgje blant alle substantiva som byrjar på den aktuelle bokstaven i ABC-leiken til Petunia,
men denne gongen var det lett:)

No får eg vist fram den penaste koppen eg eig. La taza. Eg har berre ein av sorten, kjøpt på loppis i Sverige. Han står vanlegvis og pyntar opp ei hylle i glasskapet mitt.

tazapage

Han kunne ha passa både til ein kopp te:

Una taza de tè,
eller ein kopp kaffi:

Una taza de cafè
men eg er litt redd for at han skal bli knust, og nokre ting kan berre få lov til å stå og vere vakre,ikkje sant?

Andre t-ar er å finne på denne lenkja.

mandag 23. august 2010

Gåver på vandring

Som så mange andre bloggarar har skrive om, så opplever også eg at det kjem dettande små gåver ned i postkassa mi mykje oftare etter at eg begynte å blogge enn tidlegare.

Då eg kom heim frå ferie, for ei god veke sidan, låg det ein pakke frå Gamleheksa og venta på meg:)

Kvifor? Berre fordi eg var ei av dei tre første som kommenterte på innlegget hennar om “Gåver på vandring”, det var ikkje noko meir som skulle til.

“Gåver på vandring” er ein slags stafett, så om du er mellom dei tre første som kommenterer dette innlegget så forpliktar du deg til å halde stafetten i gong ved å lage eit innlegg om gåva du får, og så sende små gåver til dei tre første som kommenterer hos deg.

Kva eg fekk? Te, herleg blåbærte som mannen min og eg alt har smakt på, ein fin tesil og ein turkis hekla kjøkkenklut med vakker tungekant.

gåverpage

Ei gåve som viser at givaren er ei flittig og omtenksam dame med sans for både det som er praktisk og det som er hyggeleg:) Tusen takk til Gamleheksa!

fredag 20. august 2010

S

Eg held meg stadig til spanske substantiv i tredjerunda av ABC-leiken, og ordet eg vil skrive om i dag er eit særnamn.

Eg vil fortelje om ein liten villa med eit stort kloster:

Samos i Galicia i Nord-vest Spania. I denne vesle byen finn vi dette flotte Benedictinerklosteret som ein gong var bustad for over 500 munkar. Då vi besøkte klosteret for tre år sidan var der berre sju fastbuande munkar att. Klosteret, og kyrkja  som er dei del av klosteret, er godt vedlikehalde, og det som har festa seg best i minnet mitt etter  omvisinga inne i klosteret  er veggmåleria i gangen som omkransa den flotte klosterhagen. Desse freskene framstilte livet til grunnleggaren av Benedictinerordenen, den italienske munken San Benedict.

4Camino2007 080

4Camino2007 091

4Camino2007 088

Samos ligg litt utanfor den kortaste løypa på El camino de Santiago, men mange pilgrimmar vel likevel å ta denne ekstra sløyfa for å oppleve det mektige klosteret.

I første etasje er det laga til eit albergue med ein stor sovesal, fylt opp av køyesenger. På det øvste biletet kan du skimte dei første pigrimmane som har stilt seg i kø utanfor alberguet som opna dørene først kl. 17.00 om ettermiddagen.

4Camino2007 082


søndag 15. august 2010

Akterutsegla


Når det gjeld ABC-leiken er det vel ikkje noko anna uttrykk som passar, men eg må likevel få presisere at eg vart med heilt heim i båten som har vore feriebustaden vår sidan 20.juli:)



Her må eg berre trå til med fleire spanske substantiv på ein gong:

Eg startar med olas som tyder bølgjer, det har vi absolutt hatt på turen.

Båttur og barnedåp 343

Så går eg vidare til pasteles – kaker, vi har hatt det også sidan turen omfatta både eit bryllaup og ein barnedåp.

Båttur og bryllaup 099

Så kjem eg til Cervantes sin superhelt Don Quijote som reiste ut i verda for å slåss mot kjemper, som viste seg å vere vindmøller; luchar los molinos de viento. (Eg må med skam melde at eg har ikkje lese denne romanen som er kåra til beste roman gjennom tidene, men eg har to eksemplar av boka så det blir nok……;)

Så er eg vel á jour når eg hengjer på risa som tyder latter.

Båttur og barnedåp 256

Dette var vel ei effektiv opphenting, eller kva?

Dei andre som deltek i ABC-leiken held seg til R-en denne omgongen.