tirsdag 18. september 2012

Etter endå ein regnfull dag

Endeleg, mot kvelden letta det så ein kunne verte freista til å gå ut for døra.
Eg passerer  eit lite berg når eg er ute på tur, og på toppen av det veks ei fin plante som eg ikkje anar namnet på. Ho heng elegant nedfor kanten på berget og lyser vakkert grønt.
Eg tenkjer kvar gong at eg må ta med kamera og få foreviga denne flotte planta, og i dag gjekk eg eins ærend for å ta bilete.
Det var nok litt for lite lys no i kveldinga så ho kjem ikkje heil til sin rett, men eg legg ut bilete likevel:)



Ein avblomstra lupin tek seg flott ut, pynta med regndropar, medan ein annan framleis står i blomst.






fredag 14. september 2012

Til systra mi

I ein syskjenflokk på seks er vi berre to systre, og vi kom i tillegg som nr. fem og seks i rekkja.
Vi er ikkje så veldig like, systra mi og eg;
Der eg stikk nasa fram og er høgrøysta og ivrig, er ho meir forsiktig og lågmælt.
Der eg kan ha ein tendens til eksibisjonisme, er ho redd for å kome i rampelyset.
Medan eg bloggar og bruker fb, er ho meir typen som les bloggen og etterlyser nye innlegg,
 og ho har ingen planar om å ta i bruk noko sosiale media.
Ho har bestemt motsett seg at eg legg ut bilete av henne i bloggen min, noko eg faktisk har respektert fram til i dag.

Men  no må eg lage eit innlegg om og til henne, med bilete, så får eg håpe ho tilgjev meg etterkvart. Det har seg nemleg slik at ei av dei som ho gjekk i klasse med på barneskulen har lagt ut eit bilete frå første skuledagen sin, då mor hennar samla nesten heile klassa og fekk fotografert dei. Eg kommenterte og lovde å vise biletet til systra mi, noko eg har gløymt dei gongane ho har møttest.

Her kjem klassebiletet som du er med på, kjære syste, dokke var bra skjønne:)

søndag 9. september 2012

I gong igjen, eller berre eit blaff?

Det siste blogginglegget mitt vart publisert den 25. juni.
No er juli passert med god margin, august er historie og vi er godt i gong med september.
Og her sit eg og lurer på kva som er verdt å blogge om.
Før bobla eg over av idéar om kva som måtte få sitt eige innlegg, no lurer på kvar idéane har teke vegen....

Ikkje slik å forstå at eg ikkje opplever noko, det vil seg berre ikkje når det skal formulerast.
Ikkje skriv eg fyrst og framst for lesarane som måtte slumpe til å kikke inn her, det er nettopp det, eg skriv for å få trykt opp ei bloggebok i året.
Ei bok som har med det viktigaste frå året som gjekk, sett med augene til ei strikkeglad Besta.
Difor "tek eg meg no på tak" og prøver på ei aldri så lita oppdatering.

Juli - besøk og tur til Atlanterhavsparken i Ålesund:)



Og litt lenger ut i månaden: Tur til  Krakow, med mykje alvor,


 men også sjarmerande og koselege gater og plassar, som her i den jødiske bydelen, Kazimierz.



Vi reiste vidare til  Berlin, der var det Pergamon-muséet som gjorde sterkast inntrykk denne gongen.



August - blomstring i krukker og kar - og snart kvardag igjen

























September - i gong med nytt arbeidsår - og studieår.

Søndagstur til Flø, der kan ein finne mange augnekvilder og gode fotomotiv:)
 

(Og så --- når eg skal prøve å legge til bilete i blogginnlegget så får eg ikkje laste dei opp  frå pc-en, eg har val om å laste opp frå nettet, frå webcam, frå mobilen og frå bloggen, men det er ikkje der bileta mine er!
Ser no kvifor eg ikkje bloggar lenger. Alt er endra, windows live writer er borte, eg får ikkje lasta det ned på pc-en igjen, å skrive direkte her går greitt, men det blir kjedeleg utan bilete og eg har ikkje tolmod til å begynne å lære alt på nytt.
Konklusjon i høve til overskrifta: Berre eit blaff...................................................)

Men i dag fann eg ut av det, i alle fall delvis, eg får laste opp bilete frå pc-en, men eg får ikkje bestemme korkje storleiken eller plasseringa  ..... i alle fall ikkje i dag ........