torsdag 8. november 2012

Ei triveleg utfordring

Ei av damene som eg badar saman med har nett starta eige firma. Ho lagar ei rekkje flotte husflidsprodukt, frå vevde løparar i lin til skinnfellar. Ho held også kurs. Her er lenkje til heimesida hennar for dykk som vil  ta ein kikk : http://vevarven.no/#cid=2

Saman med mannen driv ho eit småbruk med utegangarsauer, og no har ho funne eit spinneri som tek imot ull frå desse sauene. Det er ei spesiell ull, svært feit, ein reknar med eit svinn på 30% berre ved vask av ulla. Det blir kalla pigmentert ull, fordi det også i den lyse ulla er blanda inn mørkare fiber, (trur eg).

No er det messetid og Linda, drivaren av Vevarven, har fullt opp å gjere med førebuing til messa ho skal delta på i helga, men ho vil gjerne ha med eit lestepar strikka av utegangar-tråden, derfor spurde ho meg om eg kunne gjere det. Og ei slik utfordring, ja, den måtte eg berre ta:)
Det blir liksom det første produktet av tråden dette.

Vikingsauer 004

Tråden er god å strikke av, vi vart einige om at eg skulle bruke pinnar nr.4 på det to-trådstvinna garnet, men eg trur nok lestane hadde vorte jamnare strikka om eg hadde gått ned eit halvt nummer på pinnane.

Men så går det til gjengjeld raskt med pinnar nr.4:)

Her er dei første lestane, med flette langs eine sida:

Vikingsauer 003

Så langt kom eg med 100g:

Vikingsauer 013

Eg er i gong med par nr. to, der har eg små fletter rundt heile lesten, litt artig kombinasjon; røff tråd og småsøtt mønster:)

Vikingsauer 010