søndag 26. oktober 2014

Minnestunder


I sommar døydde tanta vår, ei sprek, flott dame som budde heime til det siste, som ordna seg sjølv med det meste, som hadde ein vond fot, som hadde mykje meir smerter enn vi forstod. I slutten av juni var det eit hjarteinfarkt som tok livet hennar. Ho vart 89 år gammal.

Denne hausten har systera hennar stått i spissen for å rydde i eigendelane og tøme huset etter tanta vår. Det er ikkje mykje eg har hjelpt til, men eit par gongar har eg vore bortom, i alle fall. 

Den eine gongen fann eg eit broderi, ein påbegynt juleduk. Mønstret var teikna på eit innpakningspapir frå 1960-talet.

Eg tenkte at den kunne eg få den flinke systera mi til å gjere ferdig, men ho sa nei.
Då var det ikkje anna råd enn at eg måtte prøve sjølv. Tanken er at yngsteguten min skal få duken, det hastar ikkje, han er 25 år og har forsiktig fortalt meg at dukar, nei, det brukar han ikkje.

Eg er ingen "brodør", men eg klarer no å halde i ei nål, og ein er aldri for gammal til å lære. Mine sting er ikkje av same kvalitet som resten av duken, men det får stå si prøve. 

Duken kom inn i min heim ein gong i september, då såg han slik ut:


Eg starta med "lysestakane", spent på om eg hadde nok tråd, og etter nokre veker kunne eg slå fast at det heldt akkurat:


Neste steg var å gjere heilt ferdig ei side, sjølvsagt den som det var brodert mest på frå før, og no ser duken slik ut:


Her er nærbilete:


Det som er så fint med dette arbeidet er at kvar gong eg set meg i sofaen og broderer eit par trådar så har eg ei lita privat minnestund over tante Åshild. Denne duken vil alltid få meg til å minnast henne, derfor håper eg at gutungen min også vil sette pris på han - ein gong - når han blir stor.