fredag 30. oktober 2009

FRIDAGAR

F for fredag og f for fridag, no er vi komne til akkurat F. Sjå dei andre sine bidrag her.








F
ine fridagar skal brukast i fjøra.
Der kan ein få flott fangst!

Det er også fint å gi fangsten fridommen tilbake når ein er ferdig å forske på funna:)

søndag 25. oktober 2009

Søndag - sol - og gledeleg overrasking:)

Sist søndag tok eg med kamera ut i sola og med "nasen vendt mot jord" fann eg mange fine motiv som eg kunne legge ut på bloggen når eg kom heim.
I dag har eg også vore ute i sola, med kamera som følgje igjen, ein smule meir "himmelvendt", kan ein kanskje seie. Du veit, ein må passe på å setje nasa mot sky når det er opphald om ein vil unngå å drukne her på våre kantar.
I det eg skulle passere forbi hushjørnet for å ta trimturen i nærområdet, gjekk eg meg fram på første motiv: Vårgyvelen som eg planta i den gamle kjellarpanna til påske, har ikkje den bomma kraftig på sesongen når han blomstrar no? Men blomstrar gjer han, saman med ein einsleg nellik:)
Så var eg heldig med det eine blankmispelbladet som hang igjen på hekken!
Oppe i skogen står det eg eigentleg ville fotografere: Lerketre. Min favoritt! Vakker når dei nye, små skota så vidt viser seg om våren, mjuk og elegant i rørsla når vinden bles i greinene med dei fine nåleblada om sommaren, og gullglitrande om hausten når nålene har skifta farge og skal til å sleppe taket. Konglane er ikkje så store akkurat, men likevel veldig dekorative når ein skal lage krans til jul.
Etter ein fin tur, ein god middag og kjekt selskap hos Mateo, var det tid for å ta turen innom bloggverda, og der fann eg denne kjekke overraskinga på kommentarfeltet til innlegget frå forrige søndag:
Et glimt av M

er det som har foræra meg denne takksemd-utmerkinga. Bloggen til M har mange følgjarar, ho har ein kreativ skriveevne som gler mange, i tillegg har ho andre kreative evner som gir seg ulike uttrykk, berre sjekk!
Først tusen takk til M for utmerkinga! Eg vart glad og takksam for at du ville gi henne til meg:)
Kva eg elles er takksam for?
Eg kunne lage ei liste så lang og omfattande at ingen orkar å lese henne. Utfordringa er å samanfatte det heile:
* Familien min:)
* Helsa!
* Vennskap - på mange plan
* Å bli vist tillit:)
* Årstidene
* Fargane
* Orda!
* Teknologien:)

Så kan kvar og ein lure på kvifor eg bruker akkurat desse stikkorda. Kanskje legg du som les dette noko heilt anna i kvart av omgrepa enn eg gjer, difor kan det verke fullstendig meininglaust, men det gir meining for meg, dermed blir lista mi slik!

Eg er takksam fordi eg har mange gode bloggevenner, tre av desse utfordrar eg til å lage eit innlegg om takksemd:
- Nikoline på landet sjolv om ho har dårleg tid med tanke på alt som skal lagast til messene:)
- ANE i Hagebø (som er ny i bloggverda, men som eg kjenner frå før - og difor veit at orda på utmerkinga passar godt:)
- Gamleheksa som er så flink med ord - på si eiga flotte dialekt!

lørdag 24. oktober 2009

Dette er ingen femåring!

Nei, for dette er er Mateo, seks år på sjølvaste FN-dagen:) Skulegut og flink storebror som er i full gong med komplisert samansetjing av ein spaca legodoning saman med Oliver.
Fødselsdagen har han feira med besøk av vennefamiliar heime før han kom til Besta og åt pizza, som alltid på laurdagskvelden. I morgon er Besta og Bestefar inviterte i seksåringsselskap.
Kameratfeiring blir det ein gong i november, saman med to venner som også fyller år i desse dagar.

GRATULERER MED DAGEN, MATEO!

fredag 23. oktober 2009

Encina

...eller eviggrøn eik er mitt E-bidrag i
Sist sommar var eg så heldig å få vandre under dei svære krunene til desse flotte trea som du finn i Galicia i Nord-Vest-Spania.
Saman med mannen min gjekk eg dei godt og vel 150 siste kilometrane på El Camino de Santiago.

Denne spesielle sorten av eik feller ikkje blada slik vanlege eiketre gjer.
Blada er tjukkare enn vanlege eikeblad, men har elles same forma.


Klikk på denne lenkja så kan du sjå fleire E-ar.

søndag 18. oktober 2009

Tid for seg sjølv

Vi har stelt oss slik i våre dagar at vi er fullt opptekne med meir og mindre viktige gjeremål nesten døgnet rundt.
Sjølv kan eg ikkje fordra å gå og legge meg - det er så mykje anna eg vil bruke tida på - kan det vere nødvendig å sove? Eg kan vere stuptrøytt når eg kjem heim frå arbeid, det er sååå tungt å kome i gong med nødvendige huslege syslar, og eg er fast bestemt på å kome meg tidleg til sengs for å ta att litt søvn, men så, når klokka har passert 23, er eg lys vaken, klar til å ta fatt på kva det skal vere!
Ikkje det at eg er så effektiv, akkurat, eg får tida til å forsvinne som dogg for sola utan at det viser så godt igjen kva ho har gått med til, og det er alltid noko eg skulle ha gjort som eg ikkje rakk......
Likevel kjenner eg meg ikkje stressa, ikkje mykje i alle fall:)
Kanskje er eg så avslappa fordi eg tek meg TID til å vere ÅLEINE, til å gå ein tur, få opp pulsen og varmen, la tankane vandre, ta inn inntrykka frå omgjevnadane og kjenne etter at eg er til...
Ein slik god tur hadde eg i dag, til og med i solskin - og med kamera som turkamerat.
Godt med haustdagar som dette!

fredag 16. oktober 2009

Bokstaven denne veka: D

Fredag og tid for ny bokstav i:
To gongar dette året har eg vore med og feira dåpsbarn, begge gutar. Eg er gamletante / grandtante til dei begge, sidan eg er tante til dei to mødrene som er tvillingsystre.
Begge vart døypt i dåpskjolen som mora mi hekla til sitt fyrste barnebarn.
Veslejenta mi, Åsta, har fått æra av å vere gudmor til begge to:)
10. mai vart Håkon døypt.

11.oktober var det Jonah sin tur.



På Wikipedia les eg at dåp kjem frå lavtysk "dope" som tyder å dyppe. Dåpen er ein religiøs seremoni i den kristne kyrja for å markere inntreden i kyrkja. I dei fleste kyrkjesamfunn blir dåpen rekna som eit sakrament.

For mange er dåpsdagen ein familiefestdag med lange tradisjonar: då leitar ein fram famliedåpskjolen, gir dåpsbarnet fine gåver, serverer god mat (og på våre kantar eit overdådig kakebord til kaffien) og knyter familiebanda tettare saman.

Andre D-løysingar finn du her

tirsdag 13. oktober 2009

Takk for gode råd

Kjære bloggvenner! Det er fint å ha ei heil bloggverd å vende seg til når ein får problem med nye hobbyprosjekt! Takka vere gode medmenneske som engasjerer seg i mine små kvardagsproblem har eg no funne ut kvifor eg ikkje fekk tråden eg spinn til å snare seg opp på spolen:) Ein av trådane som driv venge og spole skal gå på vengen, den andre på spolen!

Då fungerer det. No spinn eg så smått på rokk:)

Tusen takk også for oppmuntrande kommentarar, dei er med på å halde optimismen levande!!!

mandag 12. oktober 2009

Help me if you can!!!!

SPINNEFRUSTRASJONAR!
No er eg i gong og prøver ut rokken min, men det er ikkje berre enkelt med engelsk instruksjonsbok og engelskordboka bortstua ein eller annan stad...
Eg har øvd på å halde hjulet i gong og synest eg har vorte ganske flink til det, neste steg var å klargjere leiartråden og tvinne på fiber til ny tråd. Det gjekk også greitt.

Problemet mitt er at eg ikkje får til å spole opp den nye tråden eg spinn, i staden tvinnar han seg meir og meir. Eg snarar han opp på spolen manuelt og prøver igjen og igjen, men han let seg ikkje spole opp. Kva er gale? Skal spolen gå rundt saman med den dingsen med krokane på eller skal han stå i ro?


Håper på at ein spinnekyndig person ute i bloggverda ser ROPET mitt om HJELP og svarar meg:)

søndag 11. oktober 2009

No skal Besta bli ei rocka kjerring!

Etter Sverigeturen ligg no alt til rette for at Strikkebesta skal bli meir rocka - eller rettare: Rokka.
For no har ho tatt steget - og kjøpt seg rokk!

Ein vakker, gammal spinnrokk från de svenska skogar.
Han stod i ein antikvitetshandel i Charlottenberg og venta på meg,
og det må vel kunne kallast kjærleik ved første blikk:)
Handelen var gjort før eg hadde forsikra meg om at han gjekk inn i den vesle Yarisen min, men heldigvis slapp eg å setje han att hos svigerinna mi!
Vel heimkomen er eg berre endå meir fornøgd med handelen eg har gjort.
Eg oppdagar stadig nye detaljar og finesser, td. korleis ekstraspolane er plasserte, at avstanden mellom hjulet og spolen kan justerast, at eg kan stille inn hjulet så det går beint.....
Dette er kunsthandverk.
Dette er kultur.
Ein velbrukt, sliten kvardagsgjenstand som forhåpentlegvis no skal takast i bruk til det han er laga for: Spinning!Optimisten Strikkebesta trur at ho kan lære seg å spinne ved å lese KORLEIS i ei bok:)
Om det ikkje går, vel, då må eg konsultere bloggevenner som KAN,
og om ikkje det heller hjelper, då melder eg meg på spinnekurs på Lillehammer.

fredag 9. oktober 2009

Carcassonne


Denne veka var valet enkelt: Eg er enno ikkje ferdig med å førdøye inntrykka frå den fantastiske festningsbyen i Sør-Frankrike. Sjølv om eg hadde store forventningar til det eg skulle sjå, vart eg heilt overvelda då vi kom fram seint ein laurdagskveld etter mange mil i bil! Stemninga om kvelden, livet og musikken, maten og drikken, lyssettinga og historiesusen! Og neste dag i dagslys: Arkiteturen og storleiken! Må nok tilbake dit, ja! Med betre kamera:)
To av bileta har mannen min knipsa, eg har fått lov til å legge dei ut på bloggen:) Sjå fleire C-ar her.

Borte bra, utan tvil

for då set ein så uendeleg stor pris på å kome heim igjen også:) Mateo var som ei sol heile dagen, frå 10.00 til 21.00, i bilen i går; han skulle heim til mamma, pappa og tre brødre og fortelje om alt det han hadde sett og opplevd, og dele ut gåver som han hadde med til dei:) Og kva er vitsen med opplevingar - og ting - om ein ikkje kan dele dei med nokon?På besøk hos Marylin i Oslo fekk Besta endeleg trakke rundt i tørt, sprakande haustlauv, det er ei stor glede for einfaldige sjeler, men vanskeleg å oppnå heime når hausten består av daglege regnbyger. Og faktisk så syntest både Marylin og Mateo også at det var kjekt!Ein Ikea-tur for å kjøpe korger til spinnesakene mine, pluss litt supplement til Oslostudenten vart det tid til, og sjølvsagt innom hos han for å forsikre meg om at han har det greitt der han bur:)
Trasking i bygater vart det mindre av, tru ikkje anna enn at når det stod på programmet, då kom sunnmørsregnet til Oslo.
Pytt, pytt, vi tok med oss Marylin og mammaen hennar og køyrde gjennom striregnet til tante Inger i Sverige - og vakna opp neste dag til herleg haustsol igjen!
Ein kan aldri bli lei av å gå på oppdagingsferd hos henne; ho har så mange fine, søte, artige, gamle - og nye - saker rundt omkring i det store huset sitt, og der er stadig nye augnefryder å finne:)
Leikebutikk og godtebutikk var tingen for M og M, og litt vanka det på dei, både i den eine og den andre butikken...t.d.snopegebiss:)
Besta sjølv gjorde eit storvarp som fylte opp heile bilen, og som må få sitt eige blogginnlegg i morgon:)!!

søndag 4. oktober 2009

Rapport frå Mateo.

Sidan Mateo er ute og reiser utan resten av familien sin for første gong, er det nok nokre brødre og ei mams og ein paps heime på Sunnmøre som lurer på korleis han har det:

Det var veldig greitt at vi fekk pause frå køyringa nesten med ein gong fordi vi måtte ta ferje mellom Hareid og Sulesund

Etterpå vart det nemleg mange, mange timar i bilen. Først på Dombås fann Besta ut at ho måtte ha kaffipause. Der fekk vi også oppleve den første snøen i år:)Jammen godt at Bestefar hadde skifta dekk på bilen til Besta!
Det var faktisk snøver mange mil vidare på veg austover.
Ved avkøyrsla til Brumunddal fekk vi middag - i ein bobil!
Bror til Besta var på helgetur med bilen sin, og han inviterte oss på kjøtkaker med brun saus og poteter:)Vi hadde ein lang pause der, og eg fekk lov til å "tørrtrene" på bobilkøyring:)

Vi kom til Gardermoen akkurat i passe tid til å møte Marylin med familie som kom frå London, tante sat på i bilen med oss så Besta slapp å køyre feil det siste stykket, og vi kom oss trygt og greitt heilt fram til Oslo.

I dag har vi leika lenge med plastalina

og vi har rusla ein tur i skogen,

det var deilig å kunne gå ut utan regnkle og støvlar!

Vi var innom på besøk hos onkel og tante til Marylin - og så kom vi heim til deilig Tikka Masala som pappaen hennar hadde laga til oss.




Eg har det fint og er heilt fornøgd med haustferien min så langt:)
Om eg blir litt trøytt innimellom så tek eg meg ein liten lur på sofaen, så er eg snart i full vigør igjen:)

fredag 2. oktober 2009

Borghild er min B






i Petunia sin serie

På Wikipedia finn eg følgjande:

Borghild er eit kvinnenamn, av norrønt Borghildr, av Borg 'berging, vern' og hildr, 'strid'.

Sideformer er Borghilda og Bjørhild.

Borghild har i Noreg namnedag 2. desember.

Den Borghild eg skriv om er ikkje noko glad i strid, men ho verner om heimen og heimlege verdiar. Ho trivest best i sofakroken med eit strikk eller ei god bok mellom hendene.

Borghild, 86 år, saman med tvillingsystra eldst i ein syskjenflokk på seks systre og ein bror.

Mor til seks, mormor/farmor til tjue, oldemor til seksten.

Ei aktiv foreiningsdame, var leiar i barneforeininga i bygda i 30 år, var med å starta sjukeheimsforeininga som gjer ein innsats for utsmykking og kulturinnslag på sjukeheimen, og møter framleis opp der annankvar torsdag når det er foreiningsdag.

Har vore frivilleg kjøkkenhjelp på leirstaden Kjeldsund fleire somrar.

Har strikka eit ukjent antal tepper til born, borneborn, oldeborn, og til lag og organisasjonar, til utlodding.

Då frivilligsentralen i kommunen innførte ein årleg frivilligpris i 2005, vart Borghild stemt fram som vinnar, ei utmerking ho set stor pris på.

Eg er stolt over å kunne seie at Borghild er mora mi:)