søndag 18. oktober 2009

Tid for seg sjølv

Vi har stelt oss slik i våre dagar at vi er fullt opptekne med meir og mindre viktige gjeremål nesten døgnet rundt.
Sjølv kan eg ikkje fordra å gå og legge meg - det er så mykje anna eg vil bruke tida på - kan det vere nødvendig å sove? Eg kan vere stuptrøytt når eg kjem heim frå arbeid, det er sååå tungt å kome i gong med nødvendige huslege syslar, og eg er fast bestemt på å kome meg tidleg til sengs for å ta att litt søvn, men så, når klokka har passert 23, er eg lys vaken, klar til å ta fatt på kva det skal vere!
Ikkje det at eg er så effektiv, akkurat, eg får tida til å forsvinne som dogg for sola utan at det viser så godt igjen kva ho har gått med til, og det er alltid noko eg skulle ha gjort som eg ikkje rakk......
Likevel kjenner eg meg ikkje stressa, ikkje mykje i alle fall:)
Kanskje er eg så avslappa fordi eg tek meg TID til å vere ÅLEINE, til å gå ein tur, få opp pulsen og varmen, la tankane vandre, ta inn inntrykka frå omgjevnadane og kjenne etter at eg er til...
Ein slik god tur hadde eg i dag, til og med i solskin - og med kamera som turkamerat.
Godt med haustdagar som dette!

16 kommentarer:

  1. Kjenner meg att her, ja......vanskeleg å kome seg til sengs når ein burde.
    So flott tur du har hatt idag......fine bilder.
    Ha ei god veke!

    SvarSlett
  2. Jegh har også lakenskrekk, som vi sier her;-)
    Synes det er godt med stille i huset. Får gjort mye da........

    SvarSlett
  3. Vi er B-mennesker begge to her, legger oss i 2 - 3-tida...
    Du hadde nå en lang tur, da, bebyggelsen er jo laangt der nede!
    Klem!

    SvarSlett
  4. Hei igjen!
    Jau, det er nye kameraet...men kan ikkje skryta av at eg kan so mykje endå.....heldigvis er det ein Autofunksjon...den funkar.
    Har so smått begynt å setje meg inn i saker og ting.....men trur det er ei lang lekse......

    SvarSlett
  5. Flotte høstbilder du har tatt. Ja natta er god for mange av oss Kristin!! Fin blogg du har og spennende da jeg fant ut av deg.Haha.Kikk innom bloggen min..

    SvarSlett
  6. Flotte bilder!
    Det er godt å rusle alene og la tankene bare fare...
    Jeg farer på jobb;) Ha en god dag og klem fra meg;)

    SvarSlett
  7. Takk for kloke ord, Kristin! Du uttrykkjer deg slik mange av oss kjenner det... Døgnet har for få timar, iallfall dei timane me snakkar om her. Ha ei fortryllande veke, og pling meg når du ikkje vil gå tur åleine... Klem

    SvarSlett
  8. For noen nydelige høstbilder ;) Det må ha vært en flott tur, for avslapping er nødvendig i vår hektiske verden;) Ha en flott dag! Klem!

    SvarSlett
  9. Åja du, trur det er mange som kjenner seg igjen i det du skriv her. Å ta seg tid og å trivas i eige selskap trur eg er alfa og omega i vår stressande kvardag.
    Så nydelege haustfargar du har fanga opp i kameraet! Eg er av dei som tviheld på hausten,så eg storkosar meg i det fine haustværet me har for tida.
    God natt :0)

    SvarSlett
  10. Har forsøkt å komme i kontakt med deg -via hjemmesiden min.....
    Fine bilder du viser oss i dag - veien her virker kjent? ligner på Moltustranda..eller Larsnes..

    SvarSlett
  11. Å gjett om jeg kjenner meg igjen!
    B-menneske til de grader....og når huslige sysler er overstått, får man tid til det man VIL gjøre, og da er man plutselig ikke så trett lenger!

    Og ja, du er den eneste som tolket overskriften min riktig! Kurver både her og der--
    Jeg slanker meg, nemlig!!
    Fra str 44 til str 40...har bare noen centimeter før jeg er i mål!!
    Klem, M

    SvarSlett
  12. Nydelige høstbilder! Det skal du ha all ære for...
    Nesten som jeg skulle skrevet dette, jeg er alltid sein i seng!

    SvarSlett
  13. Utrolig flotte bilder du fikk med deg på turen. Fortsett med å ta deg TID til å være alene.

    SvarSlett
  14. Akkurat som eg skulle sagt det sjølv. Husbonden lurer alltid på kva eg finn på å gjere så seint på kvelden, heilt aleine. Men det er jo da eg verkeleg får gjort noko viktig, nettopp å vere aleine, kose meg dei små tinga rundt meg. Berre så synd denne stunda frå 23 og utover til sengetid alltid blir så kort. Flotte bilete du har delt med oss.

    SvarSlett
  15. Utmerkelse te ho Strikkebesta hos meg!
    Klem,M

    SvarSlett
  16. Flott innlegg dette! Og gratulerer med dagen til den flotte gutten!

    SvarSlett