torsdag 1. oktober 2009

Når eg først er i gong med matprat

....kan eg like godt fortelje om nistebrødet mitt. Ein gong i vår la eg ut oppskrift på eit skikkeleg sunt proteinbrød som er laga utan fint mjøl i det heile. Det smakar godt ei stund, men etter kvart går ein lei av slik brødmat, då må ein finne seg ei erstatning.
Eg har sjølvsagt konferert med "ernæringsdattera" mi, ho seier at fint speltmjøl er like fullt av karbohydrat som vanleg kveitemjøl, men eg bruker no speltmjøl likevel, som mitt alibi..:)
Utgangspunktet er ca. 1/2 kg fint speltmjøl, eg fyller opp kilosposen med steinmalt spelt, m/ 30% fiber og samalt grovt speltmjøl. Så tilset eg ca eitt kilo med blanding av dei grove mjølsortane og frøa eg har i hus, og valneter om eg har det.

Deretter blandar eg inn to pakkar gjær, utrørt i litt vatn, litt salt, litt olje, og vatn til eg har ei ganske laus deig. Deigen får forheve til dobbel storleik.

Når eg skal bake ut deigen, deler eg den i to, kjevlar ut til to store leivar, ca 2 cm tjukke, som eg deler i 16 bitar kvar, og legg dei på bakepapir på plata.
Bitane får etterheve lenge, bortimot ein time.Før eg steikjer dei, på 225 grader i 15 min., penslar eg med samanpiska egg og strør over diverse frø og gryn.

Eg deler kvart brød i to, som eit rundstykke når eg skal ete dei.
To og to brød blir pakka i plastposar og putta i frysaren. To slike nistebrød pr dag er akkurat passe rasjon for meg.

3 kommentarer:

  1. Dette så bare herlig ut! Takk for at du kommer med oppskrifta på deilige nistebrød!!! Selv bør jeg holde meg unna alt av hvetemel, men kan bruke noe som heter bokhvete..
    Klemmings fra meg;)

    SvarSlett
  2. Sånt brød er så godt især når det er nystekt.
    Jeg har aldri prøvd speltmel, men dette må jeg prøve:) Her går det noe bedre nå etter litt trøbbel etter operasjonen. Ha en fortsatt fin kveld !

    SvarSlett
  3. MMMMmmm ..... dette så skikkelig godt ut.

    SvarSlett