søndag 26. september 2010

Næraste by

På forrige innlegg fekk eg ein kommentar om Noreg, mitt næraste turistland – kva då med Ålesund, min næraste turistby?

Helgatur 005

I helga skulle Skipperen og eg avslutte båttursesongen med å sjå oss om på Romsdalskysten; Finnøy og Ona snakka vi om…..

Nordavinden sette ein stoppar for dei planane, i staden vart det overnatting ved gjestebryggja i Brosundet – Ålesund.

Helgatur 015

Er det ikkje slik at denne byen er kåra til vakrast i landet?

Helgatur 042

Det kan eg i grunnen godt seie meg einig i! Så idyllisk i sentrum med det smale sundet,

Helgatur 020

dei flotte jugend-detaljane,

jugendstilpage

skifertaka,

Helgatur 039

trappene opp til Fjellstua,

Helgatur 025

Helgatur 054

og når attpå alt sola skin og det heile speglar seg i sjøen,

Helgatur 055

Helgatur 056

då er det berre lekkert!

torsdag 23. september 2010

Båtturistar

Kor langt kan ein kome i ein 28 fot stor båt, med ein 120 hestekrefters motor, på 25 dagar?
Mannen min, Skipperen, har lagt planar for sommarferien i lang tid, han er båtfrelst og har drøymt om å feriere på sjøen i alle år. For to år sidan hadde vi ein fin tur, vi var heimanfrå i 17 dagar og var så langt sør som til Stavanger før vi sette kursen heimover. Denne sommaren var målet å kome seg til svenskekysten, Kosterøyane skulle avleggjast eit besøk, det var klart!
Men vi hadde ikkje uavgrensa tid, vi var nemleg så heldige å bli inviterte i to bryllaup; det første i nabokommunen den 10. juli, det andre i Bergen den 24. juliJ Inn i mellom desse to storhendingane var Oslo-jenta vår med familie på besøk, og vi måtte rekke barnedåpen hos dei den 7. august.

Båtferien vår starta den 20. juli, då pakka vi om bord alt vi meinte var nødvendig for ein vellukka tur og la i veg. Regnet ausa ned heile dagen, og heile neste dag også, vi kom oss til Florø, der la vi oss til og venta på betre dagar.

Ventetid i Florøpage

Radio, strikketøy og gode bøker var bra tidtrøyte her. Og regnet ga seg og vart erstatta av sol – og ein litt for frisk bris, men vi hadde jo eit bryllaup vi skulle rekke i Bergen, så det var ingen grunn til vente lenger, dermed fekk vi prøve korleis det var å gynge seg:)

Vi var sjølvsagt innom bryggen ein tur, og familen samla seg for å feire sman med brudeparet:)

Byenerbergenpage

Vi lånte oss bryggjeplass hos ein venn av familien på Hjellestad, der var dusj i naustet, derfor var det ingen sak å bli rein før vi trekte i finstasen og tok bussen til by`n for å gå i bryllaup. Vigsla gjekk føre seg i Johanneskirken og bryllaupsfesten var i Fensalen. Vakkert brudepar, fin song, morosame og rørande talar, god mat og drikke, Det vart ein familie – og vennefest med god stemning til langt på natt. Nattbussen fekk oss trygt tilbake til båten.

Bryllaupetpage

Neste dag tøffa vi oss til Nautøyo ved Stord for å treffe slekt / venner, denne plassen rommar mange gode barndomsminner for Skipperen. Her fekk vi ein koseleg dag med sol, prat, grilling og badminton.

nautøybesøkpage

Etter ein god frukost neste dag fortsette vi ferda vidare sørover til Kopervik. Skipperen hadde fått med seg tv-programmet Norske tradisjoner, og eitt av måla hans var å sjå kvar koparen som fridomsgudinna i New York er belagt med vart henta frå. Dermed kom syklane fram frå lasteromet og vi på trøene til Visnes. Det var ein lenger tur enn det såg ut til på kartet, ikkje fritt for at vi vart såre bak, men vi fann fram, og vi kom oss heiskinna tilbake til båten før det vart alt for mørk om kvelden. På eit gatekjøkken der fekk eg smake friterte drueblad fylt med ris og kjøt medan eg venta på kebaben eg hadde bestilt, eksotisk og godt:)

sykkelturpage

Stavanger vart neste hamn, vi hadde planar om eit lenger strekk, men grov sjø fekk Skipperen til å snu ved Jærens rev og gå tilbake til smulare farvatn. Regn når vi kom dit, men det klarna mot kvelden så vi kunne promenere rundt Breiavatnet.

Båttur og barnedåp 014

Neste dag var heile hamneområdet prega av førebuing til matfestivalen som skulle vere der, så vi fann det best å kome oss vidare – til Egersund. Nydeleg natur inn gjennom nordagapet til byen, flott småbåthamn og fine forhold for sykling. Sidan vi ikkje var heilt restituerte etter forrige sykkeltur vart det ikkje så langt av garde denne gongen, berre over brua og så langt vi kom oss på sykkel- og gangstien før vi snudde tilbake til båten.

Egersundog Lindesnespage

Fredagen var vindfull, vi vurderte fram og tilbake mange gongar før vi tok sjansen på å gå vidare sørover, i to-tida på ettermiddagen.

Denne ferda vart nok den mest strabasiøse på heile turen. I det vi nærma oss Listafjorden vart skjermen på kartplottaren kvit, han oppdaterte seg ikkje som forventa. Sidan det var noko høg sjø fann Skipperen det tryggast å gå ut på djupt vatn for å unngå dei krappaste bølgjene, men vinden auka i styrke, så vi fekk store bølgjer og ein del verkeleg kraftige brottsjøar der ute også. Vi meinte vi hadde sikra det meste om bord, men tydelegvis ikkje godt nok, det flaut på dørken med lausøyra av mange slag. Eg måtte kile meg fast mellom bordplata og seteryggen for ikkje å ramle, og etter ei stund var eg så øm i muskulaturen at eg fann det best å gå ned i køya og legge meg til som ballast der. Heldigvis hadde eg ei god bok å lese i!

Timane gjekk, eg las og las, klokka blei fem, eg las vidare, klokka nærma seg sju, då hadde sjøen roa seg såpass at eg kunne begynne å rydde og få på plass alt som hadde ramla på dørken. Var eg redd i dette vêret? Nei, Skipperen var roleg så då tok Ballasten det med ro også. Slik såg det ut på dørken:

Båttur og barnedåp 031

Vart vi sjøsjuke? Nei, matlysta var på topp når det endeleg var muleg å få seg ein matbit.

Så begynte vi å kikke etter kjende namn på kartplottaren, som omsider hadde oppdatert seg, Skipperen meinte vi skulle vere i nærleiken av Farsund, men i verkelegheita hadde vi passert Lindesnes og var rett ved Trægde. Der møtte vi forresten på ein merkeleg installasjon i eit trangt sund: Eit skilt om fotoboks hang på ei fludstang, og på den neste hang faktisk fotoboksa:)

fotobokspage

Vi kom oss i hamn i Søgne.

Eldstejenta vår, Tove med familie var også komne dit på sin campingferie, dei leigde seg hytte der for å besøke dyreparken i Kristiansand.
Laurdag, med regn igjen, handla vi mat på Bunnpris før vi fortsette ferda vår. Vakker, gammal gate vi vandra gjennom på veg til butikken!

Båttur og barnedåp 036

Nyhellesund, ein skikkeleg idyll som fortener eit besøk, men då helst i betre vêr.

Nyhellesundpage

I Kristiansand var det Tall ships race, vi var innom hamna for å sjå på dei flotte skutene, men hadde ikkje behov for å gå i land og blande oss med den store folkemengda, vi ville lenger aust.

Kristiansand2page

I Grimstad fann vi oss bryggjeplass ved eit fint hamneanlegg med gode fasilitetar for båtfolk. Vêret letta og sola stod høgt på himmelen neste dag då vi passerte forbi heile resten av regla om sørlandsbyane : (Arne trenger ris) og kom inn i Telemark. Kragerø var målet for dagen, og trass i mange båtar i gjestehamna fann vi oss ein ledig plassJ Ein skikkeleg koseleg by å vandre rundt i, med eit vakkert gulmåla rådhus i sentrum.

Kragerøpage

Campingturistane fann seg også ein fin plass til teltet sitt i nærleiken av Kragerø, så neste dag var vi innom hos dei og spelte minigolf, bada og åt jordbær og is før vi kasta loss for nye eventyr.

campingturistanepage

No skulle vi krysse Skagerrak, men fyrst var vi innom Stavern og bunkra diesel. Der hevda dei at det var meldt liten kuling til kvelden, men sjøen låg der så stille og roleg at det var vanskeleg å tru på slike negative vêrprognosar. Vi tok sjansen og sikta oss inn mot Grebbestad i Bohuslen. Og heldigvis vart det ei fin overfart i nydeleg sommarvêr, kartplottaren er eit uvurderleg hjelpemiddel, og vi fann fram til Tanum Strand utan problem. Her tok Skipperen på seg spanderbuksene og baud meg med på middagsbuffet på hotellet.
Båttur og barnedåp 122

Tysdagen gjekk med til trasking i gatene i Grebbestad, før vi ut på ettermiddagen fann ut at vi ville prøve å legge til i ei uthamn. På vestkysten av grannelandet vårt kryr det av småbåtar, mest seglarar, men også små motorbåtar, som vår. Det låg oppankra og fortøygde båtar ved nesten kvar ein holme vi passerte, men der var plass for oss også. Og endeleg fann Skipperen det for godt å plukke kajakkane ned frå taket og padle seg ei runde. Eg kjenner mannen min, og eg kan å rekne, det var ikkje så vanskeleg å legge saman to og to og slik forstå kvifor han ikkje hadde vore villeg til det tidlegare på turen: Han ville ikkje ha nokon tilskodarar når han skulle frå båten til kajakken og tilbake igjen, det ville vore forsmedeleg om han skulle velte når nokon såg han:0 - Men det var i alle fall kjekt å få padle igjen!

Båttur og barnedåp 129

Siste stopp i Sverige vart Koster, på vegen dit vasa vi oss inn i grunt farvatn, heldigvis vart vi åtvara av eit par på land såpass at vi fekk bakka oss ut att, og unngjekk såleis grunnstøyting.
Nord-Koster var ein herleg sommarplass, det låg mange båtar i hamna, men sidan vi har ein liten båt fann vi også her ein fin plass å leggje til. Vi sykla oss ei runde på dei smale grusvegane og såg oss om; mange idyllar å oppdage!

Kosterpage

Torsdag måtte vi kome oss til Oslo, dåpsdagen til vesle Michael, barnebarnet vårt, nærma seg med stormskritt, og Besta hadde lovt å hjelpe til med kakebakinga til dåpsfesten. Vi hadde godt vêr og sette full fart så snart vi var ute i ope farvatn, men brått slakka Skipperen opp. Eg, sat og strikka og var ikkje så merksam på kva som gjekk føre seg rundt oss, men såg at ein båt kom rett mot oss i stor fart.

Båttur og barnedåp 193

Det var faktisk tollvesenet som ville borde oss for å sjekke kva vi hadde med frå granne-landet. Det var ein veldig hyggeleg ung mann som besøkte oss om bord, han fekk sjå kva vi hadde av alkoholhaldige varer: det som hadde vore med oss heimanfrå, nokre slantar på eit par flasker og ein vinkartong var ikkje så interessant, og det vi hadde kjøpt i Grebbestad låg heldigvis innanfor tillaten kvote:) Vi fekk ein brosjyre som greitt lista opp kva mengder ein kan føre lovleg inn i landet, kjekt å ha for seinare turar, enten det no blir til sjøs eller på land.

Båttur og barnedåp 197

Turen inn Oslofjorden gjekk unna i fint driv, men i dét vi runda Nesodden fekk vi ein skikkeleg sommarleg regnskur som var så kraftig at Skipperen trengde hjelp til å halde utkikk etter andre båtar. Vi gjekk inn til Oppegård småbåthavn, der har dei ei ordning for besøkande som passa oss fint: Når bryggjeeigarane er ute på tur med båtane sine, kan gjester leige ledige plassar for ein billeg penge. Der er dusj og toalett på land, vi hadde med andre ord alt vi trengde!
Det tok oss 40 min å spasere heim til Marte m/fam, så også slik var dette ein fin plass å halde til.

Fredagen fekk Oslostudenten hjelp av faren til å flytte inn i ny leiligheit medan eg hjelpte til med førebuingar til dåpsfesten.

Michaeldåppage

Michael og gudmorpage

Michael vart døypt katolsk under ein privat seremoni i Olavskirken, deretter bar det av garde til fint pynta festlokale i frivillegsentralen på Holmlia. Eit praktfullt sommarvêr var ramma rundt ein vellukka fest med om lag 30 gjester. Nydeleg mat av mange slag til koldtbordet, og ein bugnande kakebuffet til kaffien.

På veg om bord i båten igjen om kvelden fekk vi med oss ein god kommentar: Det sat to karar om bord i nabobåten med ein pjolter og kosa seg. Når vi kom gåande festpynta nedover bryggja, Skipperen i Dior-dress kjøpt i Praha, kom det frå den eine pjoltermannen:” Nei, men har du tatt på deg rederuniformen?” Med tanke på at båten vår nok var den minst prangande / mest shabby av alle som låg der, har vi ledd mykje av den kommentaren:)

No begynte det å haste med å kome seg heim, det var alt den 8. august, og vi skulle begynne på jobb igjen den 16. Første etappe gjekk til Risør, i strålande sol. Vi kom der akkurat når trebåtfestivalen var slutt, noko som passa oss godt, vi møtte mange fine trebåtar, og slapp å ta del i trengselen slike arrangement ofte fører med seg.

Neste dag låg havet som eit glinsande teppe, heilt til Kristiansand, der begynte det å blåse litt, så vi fann det best å leite etter ei hamn for natta. Det var då vi gjorde den, for oss, nye oppdaginga at det er muleg å sleppe å gå rundt Lindesnes, fordi det finns ein kanal for småbåtar lenger inne: Spangereidkanalen! Slik kom vi oss trygt og greitt til Farsund, ei av dei mange perlene på Sørlandet.

Spangereidkanalenpage

Litt meir gynging neste dag, til Egersund, for så å få enda meir gynging utanfor Jæren dagen deretter. Vi gjekk med sakte fart heilt til Karmsundet. Etter ein kort stopp i Haugesund, der Sildajazzen var i emning, fekk vi endeleg sette opp tempoet, til dagens mål: Leirvik på Stord. På vegen dit måtte vi sjølvsagt ta turen om barndomsparadiset til skipperen, Nautøyo, sjølv om der ikkje var nokon å besøke denne gongen. I staden vart det kajakktur rund omkring, frå den eine fine vika og stranda til den andre, men lett regn og litt for mange ”brennegopler” (manetar) gjorde det lite freistande å bade.

Barndomsparadisetpage

Nest siste etappen gjekk til Florø, igjen. Vi passerte mange fine og interessante øyar og småsamfunn som eg absolutt vil tilbake til, ein gong når vi har betre tid. t.d. Alden!

Båttur og barnedåp 329

For meg er Sogn og Fjordane det mest spanande fylket å besøke med småbåt. Medan vi var i Florø fekk eg knipsa eit bilete av dei herlege fargane i trådhyllene til ein butikk som sel Raumagarn:

trådpage

Og så, fredag den 13., i litt ruskesjø, gjekk vi fyrst til Måløy. Der la vi oss til i håp om at vinden skulle løye. Men det skjedde ikkje, så ein noko betenkt Skipper brukte litt tid før han bestemte seg for å ta Stadhavet også. Vi vart gledeleg overraska over kor lite bølgjer det var i starten, men utanfor Hoddevika møtte vi nordavinden, då fekk vi stampe oss i motvind heile vegen til vi kom i le av Skorpa. Då var vi berre ein halv time frå heimehamna vår.

Båttur og barnedåp 346

I løpet av dei 25 dagane turen varte var motoren i gong i 108 timar, vi brukte 1400 l diesel, noko som kosta oss 13000 kr. Vel verdt, kvar ei krone, meiner Skipperen, som hadde beste ferien sin, så langt i livetJ

Sidan eg er lite interessert i det maritime, i alle fall det som har med føring av båt og smøring av motor å gjere, hadde eg sikra meg med ein stabel med bøker, masse tråd og strikkepinnar, og tru det eller ei: rokk! Eg fekk lese ein god del, eg strikka også ganske mykje, men spinning vart det ingenting av. Det er heilt greitt det for meg, det hadde vore mykje verre om eg hadde sett igjen rokken heime og så funne ut at eg hadde både tid og lyst til å spinne.

Mine oppgåver om bord gjekk for ein stor del ut på å lage mat og rydde, men den viktigaste oppgåva var å ta imot støyten når vi la til kai, derfor ber eg tittelen som er printa på bremmen på capsen min med stoltheit: First fender.


onsdag 22. september 2010

Åtvaring

Blogging har skaffa meg mange gode bloggevenner som les det eg skriv, kikkar på bileta eg legg ut og kjem med koselege kommentarar på innlegga mine. Dette gjer meg glad, eg er som alle andre; likar å bli sett, likar å få merksemd. 

Bloggboka 002

I fjor hadde eg eit par innlegg der eg prøvde å resonnere meg fram til kva bloggen min er, og kvifor eg bloggar,

Bloggboka 005

og kom fram til dette: Eg skriv for meg sjølv – til meg sjølv – for å ha som ei minnebok for seinare. I tillegg har eg fått laga ei faktisk minnebok frå det første året mitt som bloggar.

Bloggboka 001

Denne boka er kjekk å blade i, ikkje berre for meg, men også for mine næraste, og eg har lyst til å ha ei slik bok for kvart år så lenge eg bloggar. Derfor, gode bloggevenner, må eg åtvare dykk: Det kjem snart her på bloggen eit maraton-innlegg. Eg må berre gjere det, legge ut eit innlegg om ferieturen vår. Eg kan ikkje tru at så mange av dykk orkar å lese gjennom det, men kanskje de i alle fall likar nokre av bileta? I alle fall så håper eg at de orkar å kommentere på dei normale innlegga mine, som før!:)

Bloggboka 006

søndag 19. september 2010

Wáter

Levande språk er i stadig utvikling, også spansk, ein del av denne utviklinga går ut på å ta opp i seg ord frå andre språk. Og for å finne eit spansk substantiv som startar på W må eg faktisk ty til eit slik assimilert ord:

Wáter, det tyder ikkje direkte vatn, som det engelske ordet, men vassklosett:)

Water, porselesblomst og Mateo klatremus 014

Ikkje særleg spanande bilete, så eg får kompensere med eit blomsterbilete, klosettskåla er av porselen, og eg har ein porselensblomst (som eg har lært her i bloggverda heiter hoya) som blomstrar akkurat no:)

Water, porselesblomst og Mateo klatremus 007

Fleire og meir fantasifulle bidrag i ABC i ord og bilder finn du her.4523786846_4250cdfd2c_m[1]_thumb[2]

lørdag 11. september 2010

V -vestido

Eg er glad i fargar og bruker ofte fargeglade kle,  å oppdage det spanske klesmerket desigual var derfor ei stor fryd! Ikkje berre er plagga fargerike, dei er også rikt dekorerte med applikasjonar og broderi.

desigual2page

I fjor sommar fann eg ein heil butikk i Vigo berre med desigual-kle, då vart det handla, både til jente-borneborna og til meg sjølv:)

Eg valde meg ut mellom anna ein kjole som har mest raudt og grønt i seg, og eg har vore veldig fornøgd med den. Etter kvart har eg sett at desigual har dukka opp fleire plassar her i landet, men prisen har vore litt høgare enn i Spania, så det har vorte mest kikking og litt prøving, heilt til sommarsalget tok av, då fann eg meg ein ny desigualkjole til 257 kr, gjett om det var ei fornøgd Strikkebesta som gjekk ut av butikken Bizarre då:)

Kva har så kjolepraten min i ABC-leiken å gjere under bokstaven v? (klikk på koplinga så finn du fleire v-innlegg)

4523786846_4250cdfd2c_m[1]_thumb[2]

Jo, eg har temaet spanske substantiv denne runda – og kjole på spansk er vestido.

Mira! Mis dos vestidos de desigual!

desigual1page

Elles har eg gleda av å melde at Steve I Nakken no har innteke Strikkebesta-heimen etter at eg var så heldig å bli trekt ut som vinnar hos gunknitter:)

Alle han har møtt på hittil er fullstendigVestidos og SteveIN 012

sjarmerte av det herlege oppsynet hans:) Tusen takk, gunknitter!
No må han få litt tid til å akklimatisere seg her hos oss, så kan det hende at det etter kvart kjem eit brev om livet etter at han flytta heimanfrå……..

torsdag 9. september 2010

Eg kan ikkje gi meg no….

Så langt har eg klart å henge med på tredjerunda i “ABC i ord og bilder”.

4523786846_4250cdfd2c_m[1]_thumb[2]

Eg måtte rett nok gjere ei opphenting på fire bokstavar etter ferien, men eg kom meg a jour. Derfor må eg ile til med eit u-innlegg før neste bokstav blir lagt ut no i kveld.

Til bokstaven u passar det bra å fortelje om den spanske nyttårstradisjonen knytt til druer; uvas.

Uvas 004

Når klokka slår tolv slag og ringer inn det nye året står spanjolane og stappar tolv druer i munnen, ei drue for kvart slag, dette skal bringe lykke i det komande året.

Uvas 009

Ingen veit sikkert korleis denne tradisjonen har oppstått, nokon hevdar at det var eit triks frå handelsstanden eit år druehausten var ekstra rik og det var vanskeleg å verte av med alle druene:)

Substantivet mitt på u er altså uva = drue.

Uvas 011