mandag 31. august 2009

Eg er sterkt i tvil om avlinga......

I vår oppmoda ernæringsfysiolog-dattera mi meg om å dyrke jordskokk som ei erstatning for poteter no når eg prøver å redusere inntaket av karbohydrat. Eg fann setteknollar til sals på nettet og bestilte meg eit kilo for å sjå om dette er noko for meg.
Dei viste seg å vere svært så veksevillege, ikkje før hadde eg fått dei i jorda så spirte dei, grøne og frodige. Eg hadde lese at stenglane kom til å verte temmeleg høge, så eg hadde planar om å lage til støtte for dei, men dattera mi hadde fått forsikring om at dei klarer seg godt på friland, så det var heilt unødvendig.
Og stenglane vaks... Etter å ha vore ein månad på ferie i sommar, vart eg gledeleg overraska over kor store og kraftige dei hadde vorte! Så begynte regnsommaren, og stenglane vaks vidare, det såg ut som dei likte å bli så godt vatna. Svigersonen min vart noko usikker på om det er lov å dyrke noko som veks så fort, han såg for seg at eg kunne misse kontrollen og blir omringa av desse svære, grøne plantene!
Eg begynte å gle meg til september når dei skal stå i blomst, med gule, lysande kronblad, og regnet plaska - og skokkestenglane vaks. Så kom vinden.....

No ligg dei der som "ei kolvde hes", det kan vel hende at dei kjem til å blomstre, men det blir nok ikkje det flotte synet som eg såg for meg for nokre veker sidan. Og kva eg finn nede i jorda i oktober når dei skal vere klare for innhausting, sjå det.....

...... gulplommene som vaks seg så store og freistande på seinsommaren, klare til å skifte farge frå grønt til gult når sola berre smiler litt til dei.....

no sprekk dei før dei er modne, mange av dei rotnar på greinene......

....er det slik det går med jordskokkane også når naturen er for gåvmild med vatninga?


torsdag 27. august 2009

Tøff dame!

Mannen min er glad i båtliv, og sist søndag tok han like godt og inviterte mora si med på ein tur. Ho takka ja, vi kunne berre kome og hente henne hos yngstesonen hennar, for der er det grei tilkomst til bryggjeplass. Med ein noko vond rygg og eit forholdsvis nyoperert hofteledd var det ikkje berre enkelt for den flotte dama å kome seg ombord, men når viljen er tilstades er det utruleg kor greitt det går:)Turmålet var Rosenlund, eit foretak med rorbuer, gjestebryggje og kafédrift på Sandsøya i Sande kommune. Det gynga litt på turen utover og svigermora mi er ikkje av dei som trivest best i slike forhold, men ho heldt seg fast og lo av at ho hadde lete seg lokke med ut på "bøljan blå".Vi kosa oss med den gode kaffien og gelékaka som dei serverte på Rosenlund, rosene i krukker og rabattar var flotte, og heimturen gjekk fint, trass i litt "skvalpesjø", vi hadde rett og slett ein fin søndagstur:) Eg synest likevel at svigermora mi er ei tøff og sprek dame som blir med oss i båten, særleg med tanke på at ho faktisk fyller 86 år i dag!
Til lukke med dagen!

fredag 21. august 2009

Kva type blogg er dette?????

M i Et glimt av M har eit "tatt-på-kornet-innlegg" om interiørbloggarar, dette har fått meg til å fundere på kva kategori bloggen min kjem inn under. Definitivt ikkje under interiør, same kor mange syltekrukker eg får:)
Av namnet på bloggen min kan ein tru at eg er ein ivrig handarbeidsfantast som sit med strikket i fanget og lagar fine plagg til borneborna så sant eg har ein ledig augneblink. Ser ein på lista over innlegg, derimot, er det fint lite strikkeprat, berre nokre lestepar i ny og ne,
litt meir om borneborna, og mest av det som kan katalogiserast under tittelen YMSE.

I dag skal eg prøve å få meir retning på bloggen min, sidan eg tilfeldigvis er i gong med strikking til dei søte små......

Det starta med at eg ville strikke ein skulegutgenser til Mateo. Oppskrift fann eg i eit blad, tjukk tråd, om enn ikkje den same som i oppskrifta vart innkjøpt, og snart var eg klar over at det måtte bli ein barnehagegutgensar til Oliver i staden,
Skulegutgenser må det også bli, så ny tråd vart innkjøpt, storleiken vart justert opp eit nummer, og no er eg godt i gong med Mateogenseren:)

Innimellom desse prosjekta fann eg ut at Marylin må få ei god og varm haustjakke, den strikka eg utan oppskrift, så etter at ho var ferdig kom eg på at eg hadde gløymt å felle for hals på framstykka:( Her må eg nok rekke opp nokre omgongar, men med tjukk Viking Balder-tråd og pinnar nr. 8 er det eigentleg ei grei sak:)
No når skulen er i gong etter ferien er det helgene som må brukast til strikkeriet, derfor skal eg no innta favorittplassen i sofaen, med tekrusa framføre meg og lys på bordet og kjenne at det er godt å vere inne i den vanlege tralten igjen.
God helg:)

torsdag 20. august 2009

Meir glede i kvardagen:)

Eg vedgår det med ein gong - eg er forfengeleg.....
Ikkje så lett å sjå på meg på utsida, utan sminke, utan forsøk på å gøyme spora av levde år, utan heilt å få med meg kva som er moten dette året....

Men forfengeleg er eg: Tek til meg kvart eit rosande ord og kvar ein positiv omtale som blir meg til del, kjenner eg blir glad og varm innvendig når eg får små prov på at nokon ser til min kant med interesse.... Gler meg over kommentarar på bloggen min og synest det er kjekt å få anerkjenning i form av ei utmerking:)

I dag har eg fått desse søte små kattepusane som utmerking frå den kreative, hjelpsame og inspirerande Stubbetufsa.
TUSEN TAKK!

Når eg er pålogga må eg sjekke om det er nye innlegg på blogglista mi, der er det mange som gir inspirasjon i form av vakre bilete, gode sitat som gir meg noko å tenkje på, oppskrifter på god mat og flotte handarbeid, artige stubbar frå livet sitt, så eg manglar ikkje akkurat kandidatar eg kan gi utmerkinga vidare til:
Mathildes rokk inspirerer fordi ho spinn garnet sitt sjølv.

M inspirer fordi ho bruker kreativiteten sin på fotografering, interiør, handarbeid, og ikkje minst på evnen til å uttrykkje seg med ord:)

Gamleheksa presenterer heimstaden sin gjennom tekst og bilete på ein slik måte at ein kjenner at ein må gi seg tid til å sjå og oppleve Mjøsområdet neste gong turen går forbi der.

Nokså ulike grunngjevingar for utmerkinga, men alle tre gir meg inspirasjon, så versågod, håper de vil ta imot.


mandag 17. august 2009

Her måtte det berre bli bollefest:)

Ja, ein ganske kvardagsleg fest med bollar av grovt mjøl, på kjøkkenbenken, men like fullt ein fest:)
Kvifor? Berre for å få brukt dei flotte syltekrukkene mine, vel!
I eit tidlegare innlegg har eg skrive om "tvillingkrukka" som Stubbetufsa fann i ein brukthandel og sende til meg.
Sist laurdag var eg på ny tur til posten for å hente brevpostpakke, denne gongen var pakken frå Villmarkstausa,
og her er innhaldet i pakken:











Ho skriv at krukka og lôket i utgangspunktet ikkje høyrer saman, men dei passar saman, eg får dei gratis om eg vil, og eg vil gjerne ha dei, dei passar glimrande saman etter mi meining, og det er i grunnen ekstra sjarmerande at dei er sett saman til eit par fordi dei "kler kvarandre" så godt:)

Mannen min smiler og rister på hovudet av at noko slikt kan gå an, her sender eg ut ei etterlysing på bloggen min om kvar ein kan få kjøpt syltekrukker med lôk som har opning til skeia, og så får eg heilt utan vidare tilsendt krukker frå to bloggevenner som ikkje vil ha noko betaling for dei! - Kva er det slags gode feer som bur i Blogglandia?

Vi er mange som skriv om dette samfunnet, kor fint det er å vere ein del av eit slikt fellesskap, ikkje først og fremst fordi vi får slike flotte gåver som eg viser fram her, men fordi vi får så mange hyggelege og støttande kommentarar på det vi har på hjertet til ei kvar tid.
Men sjølvsagt er det også stas å få små - og større - gåver og overraskingar som gjer kvardagen lysare og gladare:)

Villmarkstausa er ei dame med mange interesser: Familie, handarbeid, mat, friluftsliv med hund og jakt inkludert, og ho går inn for gjenbruk, ho har ein liten butikkblogg der ho sel ting ho ikkje har bruk for sjølv, ta gjerne ein titt inn der:
BLOGGSHOP villmarkstausa@hotmail.com

På ein eller annan måte ønskjer eg å glede Villmarkstausa slik ho har gleda meg, korleis veit eg ikkje enno, har du eit tips så tek eg imot det med takk:)

Og akkurat no sender eg denne rosa til Villmarkstausa som takk for den flotte blåmønstra syltekrukka.

mandag 10. august 2009

Utfordring frå Stubbetufsa

Oppskrift på noko frå hagen / naturen:

Sidan eg har fått så fin syltekrukke med deg, trur eg du må få oppskrifta på solbærsylta mi:













2 kg solbær
1 vaniljestang

1 kg sukker
1 pk certo syltepulver

Skyll den rensa bæra godt, splitt vaniljestanga og gi bær og vanijestang eit oppkok, ta bort skum.
For å sikre nok smak av vanilje bør ein la dette småkoke ei stund, ca 15 min., før ein aukar temperaturen til kokepunktet igjen.
Ta panna bort frå plata og tilsett blanding av sukker og syltepulver. Rør til sukkeret er heilt oppløyst.

Fyll sylta på reine glas, heilt fullt. La glasa stå opp-ned til dei er avkjølte. Oppbevar gjerne glasa opp-ned også, så er det mindre sjanse for at det kjem til luft og muggsporar.

NYT!

FØDSELSDAGSBARN:)

Som stolt Besta - og fadder til denne flotte guten - kan eg fortelje at i dag fyller den nest største av borneborna 11 år.


I går hadde vi familieselskap med spansk tapas og norske kaker,
i dag skal fødselsdagsbarnet ha med seg brødrene, dei to syskenborna frå Geneve som er på feriebesøk + gode venner til Herøy fritidsbad for å feire dagen sin. Der dei kan kose seg og plaske rundt i oppvarma basseng, noko som kjem godt med så lenge temperaturen i sjøen er så som så.


Til lukke med dagen, ANTHONY, håper det blir ein kjekk dag!

lørdag 8. august 2009

Bloggarar - rausare enn andre?!

I dag var eg på posten og henta ein brevpostpakke som låg der og venta på meg. "Det er vel nokre bøker du har bestilt deg", sa mannen min. Tja, eg har ikkje heilt kontroll når det gjeld bokbestillingar, så han kunne ha rett...

.... men han tok feil!

I eit noko nostalgisk innlegg tidlegare i veka etterlyste eg ei krukke med lok til å ha den vaniljesmakande og -duftande solbærsylta mi i. Responsen på innlegget var god, og nokre bloggedamer sette i gong ein heil aksjon for å skaffe meg det eg ville ha.
Ei av dei hadde faktisk ei krukke som ho har lovt å sende meg, men det var ikkje den som kom.....
.... det var ei anna krukke som kom no:)

Stubbetufsa hadde teke saken, og frå Mosterhamn i Sunnhordaland sende ho funnet sitt:
Ei dobbel syltekrukke som eg kan ha to sortar sylte i samtidig, er ho ikkje nydeleg, vel?


Berre synet av krukka fekk minna frå barndommen til å strøyme på, eg måtte berre ha meg ei brødskive - med eple og ripsgelé på eine halva - slik Besta mi serverte oss når vi kom på besøk, og appelsin og vaniljesolbærsylte - som mormora mi hadde - på den andre halva.

Stubbetufsa vil ikkje ha betaling for krukka, ho var "så og seie gratis", men er ser at portoen er i alle fall ikkje gratis!

No kunne eg ha insistert på å få betale, men eg gjer det ikkje, eg er berre glad og takknemleg for at Stubbetufsa som kun kjenner meg gjennom bloggeverda er så snill og raus:)
Håpet mitt er at på ein eller annan måte, ein eller annan gong, kan eg få lov til å glede henne på same måten, så inntil då:

Stubbetufsa, tusen takk, her er ei rose til deg frå meg.


God helg til alle medbloggarar:)

fredag 7. august 2009

SELJA - KLOSTERØYA VED STADT.

På skiltet ved landingsplassen kan ein lese om den irske Synniva som stakk til sjøs saman med dei som ville følgje henne, i tre båtar utan segl, årar eller ror, for å sleppe unna ein heidensk viking som faren ville gifte henne bort til. Fylgjet let seg føre med straumar og vind til dei stranda på øya Selja ved Stadt. Her levde dei som gode kristne til nordmennene inne på fastlandet fekk det føre seg at dei hadde stole sauer frå dei. Då dei kom i båtane sine for å drepe Synniva og folket hennar, rømte desse opp i ei hole i fjellet og ba til Gud om å sleppe å bli tekne av desse heidningane. Dei vart bønnhøyrde; berget rausa ned, sjelene deira for til himmels, og dei som kom og skulle ta dei fann ingen.
Seinare såg nokre som segla forbi eit lys oppe i fjellsida, då dette fenomenet vart undersøkt nærare av kong Olav Tryggvason og bispen hans, fann dei "mannebein med god ange" i ura. Det vart bygt kyrkje på staden. I år 996 fann dei kristne kroppen til St.Synniva "heil og uskadd."

Synnivahola vart nytta som kor i kyrkja, medan den ytre delen, salen eller Michaelskyrkja var skipet i kyrkja.Truleg var relikvieskrinet med leivningane av St.Synniva oppbevart her.
På 1100-talet var øya godt etablert som martyrstad og pilgrimsmål, då bygde dei ein stor steinterasse utanfor hola som i samtida blei omtala som "det største manneverket i norderlanda".Denne steinterassen, som då var kvitkalka og godt synleg for dei som segla forbi, vart nytta under pilgrimsprosesjonar og markeringar av heilagdagar.
På 1100-talet vart også den vesle Synnivakyrkja bygt på den inste og eldste delen av terassen,denne stod ferdig på same tid som St. Albankyrkja nede på flata.Klosteret vart bygt av Benediktinerordenen, det hadde si storheitstid på 1200 - 1300-talet, fram til svartedauden øydela grunnlaget for drifta.
Etter reformasjonen vart det teke stein frå området til andre byggverk i kongeriget Danmark- Norge.

torsdag 6. august 2009

På loffen

Den som er så heldig at ein har båt, og i tillegg litt tid til overs, kan stikke avgarde slik mannen min og eg gjorde på måndagskvelden.Vi hadde berre nokre vage idéar om kvar vi ville, men var einige om at Stadten måtte kryssast. Sidan vi starta såpass seint på dag, hadde vi ikkje så mange timane på oss før det vart mørkt, men jammen var vi heldige og fann ei vakker gjestehamn på øya Silda ved Måløy, med storhavet som næraste nabo. Vi gjekk oss ein tur over øya og oppdaga for ein idyll ho er, i alle fall ein stille sommarkveld, så neste morgon måtte kamera vere med på land:)Denne dagen hadde vi eit klarare mål: Då ville vi til topps på Norges høgaste havklippe, Hornelen i Bremanger kommune. Etter litt kikking i vegkartboka som vi hadde med oss ombord, fann vi ut kvar vi måtte gå for å finne ein tursti. Plassen heiter Berle. Vi fekk lov til å legge til ved ein privat molo, og vi fekk også litt oppdatering om stien og kor lang tid turen ville ta.Hornelen stikk 860 m.o.h., vi starta på vestsida av øya på ein godt merka sti, og vi ville kome til å bruke mellom tre og fire timar ein veg. Vi gjekk i stort sett greitt terreng: Etter ei rask oppstiging, flata det ut og det var lett å gå. Deretter måtte vi forsere ei steinur, der var det ikkje så enkelt å sjå kvar stien gjekk. Etter to timars vandring sette vi oss ned og tok oss ei god matpause.
Men når vi var gode og mette og skulle fortsette mot toppen, var heile området pakka inn i tjukk, grå skodde! Ikkje verre enn at vi trygt kunne gå vidare,men kva var vitsen med å kome opp på toppen når utsikta var heilt fråverande?
Vi snudde og gjekk ned att, toppen får vente til ein annan gong med betre sikt. Det høyrer med til historia at då vi var vel nedkomne, var det ikkje så mykje som antydning til skodde nokon stad:) - men om vi vart snytte for toppopplevinga, så vi hadde vi no i alle fall hatt ein fin fjelltur.

Kursen vart sett mot Kalvåg, ei kystperle av rang! Vi var innom der i fjor og kjem nok til å ta turen dit fleire gonger. No i helga blir der mykje aktivitet, men for oss var det heilt greitt å vere der når der ikkje var så trangt og fullt over alt at ein må stille seg i kø same kva ein skal gjere.
Ei anna lita perle er Rugsund handelstad med godt bevarte bygningar som var oppsette på 1600-talet. Der la vi til siste natta før vi drog heim.På heimvegen i dag kom vi oss endeleg til Selja, ein stad vi lenge har snakka om å besøkje, det må eg skrive meir om i morgon:)

søndag 2. august 2009

Etterlysing: Syltekrukke med lok

Barndomsminne er ofte forbunde med lukt. Eit slikt minne set eg i samanheng med solbærsylte. Mormora mi hadde alltid ståande ei krukke med solbærsylte i kjøkkenskapet sitt. Det som var spesielt med mormor si solbærsylte var at den lukta - og smakte av vanilje:) Kvart år når eg kokar solbærsylte tenkjer eg på mormor. For å få rette smak og lukt på sylta mi har eg slengt oppi nokre teskeier med vaniljesukker når sylta har vorte litt avkjølt, og der har vore ein aldri så liten aning av vanilje i lufta når vi har teke fram eit glas av sylta. Men i år kom eg på at det var nok vaniljestang mormora mi brukte, så enkelt!
No har eg solbærsylte som verkeleg har fått mormorsmak og mormorlukt, det einaste eg manglar er ei syltekrukke med hol i loket for skeiskaftet som stikk opp, så kan mitt kjøkkenskap også lage søte barndomsminne for borneborna, kanskje.


Er det nokon der ute i bloggverda som kan gi meg eit tips om kvar ei slik syltekrukke er å få kjøpt?