fredag 23. oktober 2015

Juni

-->
Kva skjedde i juni?

Mor fekk besøk av broren sin, Kåre. Han er yngst i flokken  og einaste bror til seks systre. Kåre tok turen til Sunnmøre saman med kona,  Kari.




Dei hadde vore på nordover, inn i Sverige på hyttebesøk hos familien hennar før dei kom hit.
Det vart siste gong mor møtte nokon av syskena sine.

Den 12. juni fylte Marylin 9 år. Ho hadde felles feiring med ei venninne, med alle jentene i klassa inviterte til kongelig fest. Eg har ikkje fått bilete frå den festen.

Oliver feira 10-årsdagen sin den 21.juni med selskap heime i godt ver, så dei fleste gjestane hadde mest lyst tiil å vere ute på terassen.





Innspurten på skulen før ein kan ta ferie er alltid hektisk, derfor har eg lite å melde frå denne perioden, eg strikka vel saktens litt, men elles gjekk dagane med til skulearbeidvog sykkeltur med klassa, med innlagt kos i fjøresteinane. Det er ei veldig kjekk klasse å ha ansvar for.




Når ferien endeleg var eit faktum, kom M og M frå Oslo, det begynner å verte ein koselig tradisjon at vi får ei veke i lag med dei, utan at mammaen er med. I år reiste dei med fly åleine, det var ei spanande oppleving som gjekk like fint som ein kunne forvente.




Den veka gjekk veldig fort, vi kosa oss saman med Sienna, Mateo og Oliver, og med Oskar.
Huset til Oskar og foreldra har no teke form, og for tida er mest inne det blir jobba for å få det ferdig.




Eg fyller år den siste dagen i juni, og i år hadde eg skikkeleg hjelp med kakepyntinga.


Minstejenta vår, som hadde vore i Australia eit semester kom heim på jibbersdagen min, det var sjølvsagt ei kjekk gåve.

torsdag 8. oktober 2015

Mai

Mai starta som vanleg med bursdagen til Michael, men på sjølve dagen var han i Sverige, hos Maggan og Douglas, for akkurat då skulle Douglas feire sin 70 årsdag.
Vel heime i Oslo igjen hadde Michael likevel familieselskap (utan Besta) der Tone, Jenny si mamma, knipsa dette biletet av femåringen.



Besta måtte bake lefser i mai, både til konfirmasjonen til denne fine jenta,



og til dåpen til Oskar. Her er kortversjonen av bakeprosessen.




17. mai vart feira på tradisjonelt vis, vi fekk med oss mannskor-song på sjukeheimen saman med mor,






medan minstemora vår hadde ei annleis nasjonaldagsfeiring der ho var, i Brisbane.




Mot slutten av månaden var systra til mor, Solbjørg med son og svigerdatter, på besøk. Eg Var ikkje så veldig flink til å ta bilete av dei, det vart med dette




 Men den nydelege buketten mor fekk vart i alle fall foreviga.



I pinsa var det barnedåp: Oskar vart døypt i Åram kyrkje, med to tanter og to onklar som fadrar,








og så feira vi dagen heime hos mormor og morfar til Oskar,






dei hadde god plass til alle 25 gjestene.




Det var ein kjekk familiedag.


På 'an igjen

Etter å ha hatt heile gjengen heime sist helg innsåg eg at bloggen min er ikkje berre min. Når ei av jentene mine drog fram bloggebøkene frå tidlegare år og sat der og blada og smilte kjende eg at det er ikkje berre å gi opp denne tradisjonen, det må kome ei bok for dette året også, så no får eg brette opp ermane og begynne.
Det forrige innlegget mitt var skrive i mars! Mykje vatn har runne i havet sidan den tid, mange hendingar har fått passere utan kommentar, men eg får ta det viktigaste:

Det vart austlandspåske på oss i år, etter å ha tatt farvel med Marylin og Michael, som eg hadde passa ei vekes tid,


reiste vi til Frogn,  på hyttebesøk hos slekt og gode venner.


Blåveisen blomstra,


eg fekk ein symjetur i Oslofjorden


og vi kosa oss i solveggen i lag med tante Kari.


Grandtantebarnet mitt, Sienna var med oss, og ho og Helle fann på mykje kjekt i lag.





Elles gjekk april fredeleg for seg, vesle Luca


 har vorte store Luca,


han fylte 18 den 19. april.
Her er eldste og yngste barnebarn, Luca og Oskar i lag.


To super heroes i Besta sine auge.