mandag 28. desember 2015

Romjulssyssel


Vil gutungen (les 26 åringen) ha bollar når han er heime i jula, så bakar ho mor bollar:)




søndag 27. desember 2015

Frisk luft


-->

Minusgrader, eit gløtt av sol og eit aldri så lite snølag lokka meg ut på tur i nærområdet i dag.


Det gjer godt med litt lys etter så lang tid med mørke og regn.




Vakre fargar på himmel og hav.




Og sjå kven eg møtte på Stemnehornet:)




Det skal ikkje lange turen til før vi kan sjå havet.



Romjul


Romjulstid er tid for ro.


Eg hadde planar om å sjå siste sesong av Downton Abbey på dvd i jula, men så svikta den gamle x-boksa til Iver.  Då får det verte lesing og strikking i staden, til den nybestilte blue ray-spelaren dukkar opp ein gong på nyåret.


Juleførebuingane gjekk føre seg på tradisjonelt vis, Tove og eg laga môr i lag, eg har investert i ny kjøtkvern, og med den gjekk maling av kjøt unna i rekordfart. Sjølve môringa gjekk kanskje saktare, fordi opninga i kverna er smalare enn i kverna på Kenwooden, men vi kom i mål i år også. 



Tove og dei minste gutane baka peparkaker saman med Siv og Ingvill og borna deira, dette er ei vidareføring av ein tradisjon som mor innførte då dei var små.


Lefsebakinga måtte vi vente med til siste helga før jul, men det vart lefser i år som i fjor.
Sju slag av småkaker kom også i boks, så no er det opp til dei som stikk innom å ete opp herligheita.


Ein periode såg det ut til at vi måtte avlyse jula her i familien, det var nemleg utselt for delfiafeitt i alle butikkane i kommunen, og delfiafeitt er ein viktig ingrediens i julesnopet ”fiskepudding”, som må lagast så tett inn i jula som mulig, skal det vare jula ut.


Dette snopet består av sjokolade og delfiafeitt iblanda store mengder seigemenn, fiken, rosiner, hakka neter, marsmallows og nonstop, alt pakka inn i eit tynt lag marsipan. Både barn, barnebarn og tantebarn MÅ ha dette til jul. Heldigvis var det ein Kiwi-butikk i nabokommunen som hadde att nokre pakkar så pass at jula vart redda.


Det vart juletrehenting, etterfylgt av  gløgg og småkaker på vesle julafta, som alltid, ei kjekk begivenheit der eg faktisk får avsetnad på ein del julekaker.


Julekvelden vart feira i nyehuset hos Laura og Petter,. Kort oppsummert: God plass , god mat og ein kjekk kveld. Koselig å få vere saman med sine nære og kjære.




Kalkunmiddag hos oss 1. juledag, og deretter, tradisjonen tru, i selskap til Oda som fylte 20  i år. Der var vi ein heil gjeng, men også der er det god plass og stort hjarterom.


2. juledag var det Tove og gutta som stod for matlaginga, ganske herleg å kunne dele på jobben, slik får vi godt med fritid alle mann.


Marte med familie dukkar opp om eit par dagar, det er jammen godt at vi får nokre fridagar på nyåret, slik at dei får roe ned før dei må snu nasene austover att. Det skal verte kjekt når dei endeleg er her og vi får vere samla heile flokken.


Familiejuleselskap skal det også verte, då  møter vi opp alle som kan, mellom seksti og sytti med stort og smått. Alle har med litt mat kvar, hovudsaka er å få møtast og snakke med kvarandre og oppdatere oss på nytt i storfamilien. Dei minste får ei muligheit til å bli kjende med slektingane sine, det blir høgt lydnivå og stor ståhei, men det er også ein juletradisjon etter kvart.

Nye familiemedlemmer er komne til i løpet av året, andre har gått bort, det blir ekstra sårt at storebroren min ikkje er mellom oss lenger, 

medan saknet av mor er av eit mildare, meir vemodig slag.




onsdag 23. desember 2015

Symjing året rundt

-->
Den fyrste snøen denne vinteren la seg laurdag 05.12. og forsvann igjen måndagen.
Sidan har det vore snøfritt her på våre kantar, og julesnøen ser også ut til å halde seg unna.

Men sidan vi hadde snøen akkurat på ein laurdag, og vi i tillegg var invitert til nabokomunen for å bade saman med ei dame som bur heilt nede i fjøresteinane, ytst ute på ein molo der, har vi hatt i alle fall eitt vinterbad denne sesongen.




Denne badedama er mor til ei av damene i heilårssymjeklubben vår, og ho inviterte oss i hus og serverte herleg frukost etter badinga.






Linda, som gjerne tek seg eit bad når ho er på besøk hos mora, fekk seg ei overrasking då ho skulle gå på land, for der, rett framfor føtene hennar låg temperaturmålaren som ho har sakna sidan i sommar, så fekk vi fastslått at temperaturen i sjøen var åtte grader denne laurdagen.




Litt lenger ut i denne månaden fekk vi vind og bølgjer på badedagen, det er alltid ekstra moro når vi får gynge oss litt, og sjøtemperaturen held seg framleis stabilt på åtte grader.




tirsdag 22. desember 2015

Tullestrikking

Ei av mine gode badevenninner fylte femti år i helga. Det vart feira med eit flott selskap der eg fekk vere gjest saman med dei andre badedamene.

Vi fekk spørsmål frå mannen til jubilanten om vi ville bidra med underhaldning av noko slag, og ei slik utfordring kunne vi sjølvsagt ikkje la gå frå oss. Vi samlast ein kveld og "snekra" saman ein song om gleda ved å bade i sjøen heile året og fekk fletta inn mange "gode" poeng om personlegdom og eigenskapar hos jibbersdagsbarnet.

Ho flyt så utruleg lett i vatnet, så vi vitsar stadig om at ho aldri blir våt på ryggen. For å lage litt oppstyr rundt dette fann vi ut at ho måtte få seg ein "badestola" for å beskytte seg mot vinterkulda.

Eg har tidlegare strikka badehuer til heile badeklubben, alle i kvar sin farge, og jubilanten si hue er knallrosa, så då måtte badestolaen "mætsje". Huene er strikka i havskummønster og badestolaen fekk også dette mønsteret.

I grunnen vart fasongen fin, særleg med tanke på at eg ikkje hadde oppskrift å gå etter, eg berrre la opp eit visst antal maskar på måfå og strikka i veg. Her poserer eg i resultatet:


fredag 18. desember 2015

Hekta på eit huemønster

-->
Tidleg i haust såg eg ei hue på ei eller anna nettside, og eg tenkte at den hua vil eg strikke. Etter å ha prøvt med ulike søkeord på Google dukka hua opp. Den var designa av ei britisk dame, Kate Davies, og oppskrifta var til salgs på Ravelry.

Det er sju ulike fargar i hua, så det vart ein høg pris om eg berre strikka ei hue. Eg skal ikkje påstå at det var økonomiske grunnar til at eg begynte på ein ny straks den fyrste var ferdig, det var toppen på hua som fascinerte meg slik, at eg måtte berre prøve korleis den tok seg ut med andre fargekombinasjonar.




Litt tilleggstråd har vorte kjøpt inn, eit nøste no og eit nøste då, men det verkar som om eg aldri får brukt opp nokre av fargane.

No er eg i gong med den fjortande hua, 




det skal få bli den siste, har eg lovt meg sjølv, eg har nemleg fått strikkenevrose i sena på høgre tommel grunna all mønsterstrikkinga, så no må eg over på einsfarga ei stund.



Om eg treng så mange huer? Nei, men eg har no laga mange huer i andre modellar tidlegare, og med tida forsvinn dei ut av huset, fem av dei har eg alt fått avsetnad på.

torsdag 17. desember 2015

Historia om ein gensar, eller to ....... eller tre


I fjor haust vart eitt av fadderbarna mine, Elise, mamma, det var då naturleg at eg ville strikke noko til den vesle guten hennar. Tida gjekk, og guten vart seks månader før eg endelge gjorde alvor av planen og kjøpte tråd til ein setesdalsgensar. Det var fort gjort å få den ferdig, og eg sende ein sms til Elise om at eg hadde ei lita gåve til vesleguten. 


Vi vart samde om å finne ein dag det passa for oss begge å møtast, og så gjekk tida igjen.  Det vart sommar og ferie, og eg drog på båttur.

Då eg endeleg var heime igjen, tok Elise kontakt, at ho hadde ikkje gløymt gåva, og ho ville gjerne kome og hente den. Eg hadde alt funne ut at gensaren i str. 9 mnd nok var for liten, så eg hadde akkurat kjøpt tråd til ein ny, eg lovde å vere brennsnar å gi beskjed når den vart ferdig.

Det var fort gjort å strikke den også, men kva oppdaga eg då eg skulle til å felle av halskanten på den rundfelte gensaren?

Eine ermet var ein ”luserapport” kortare enn det andre!
Aldri i livet om eg kom til å rekkje opp att heile arbeidet! Eg måtte finne ei anna løysing.
Ikkje var eg villig til å levere frå meg eit slikt produkt heller.

Eg fann til slutt ut at eg kunne ta av det kortaste ermet rett før "luserapportane ”starta og strikke på den eine rapporten som mangla. Som tenkt så gjort, men så skulle eg maske saman delane igjen. Samanmasking kan eg, trudde eg, men uansett kva eg gjorde så vart saumen vrang på retta. Eg prøvde fleire gongar, med same resultat. Til slutt måtte eg fylgje rådet til Bodil og sjå på ein tutorial på Youtube, og då gjekk det greitt å maske saman ermet slik at ein berre så vidt kan sjå at eg har skøytt på det.




Gensaren vart henta, og heldigvis passa den.



Den fyrste gensaren eg strikka fekk Oskar, og den passar perfekt til han.


Kva så med den tredje? Vel, eg ”blingsa” på storleiken då eg skulle begynne på gensar nr. 2, så eg sette i gong å strikke i str. 6 mnd i staden for str.18 mnd.


 Eg likar ikkje å rekkje opp, så eg la den til sides, inntil vidare, så får vi sjå kven som skal få den, når den blir ferdig, ein eller annan gong..

onsdag 16. desember 2015

Å sette punktum


Gravferdsdagen til mor vart fin, trass i det dårlege veret. Med tanke på den høge alderen hennar, og at dei fleste av hennar samtidige har gått bort for lenge sidan, kom det mange menneske i gravferda.
Mor har for mange år sidan fortalt kva for songar som skulle syngast i gravferda hennar. Eg hadde skrive dei ned, så vi leitte dei fram og brukte dei, akkurat slik ho ønskte. 
Sidan ho hadde teke med fleire enn det som er vanleg å synge i ei gravferd, sa to av barnebarna, Magnus og John seg villige til å spele to av melodiane som innleiing til minnehøgtida. Dette ga ei ekstra kjensle av høgtid og samhøyrigheit.

Det var ei høgtideleg stund i kyrkja, barnebarnet, John Pele las minneordet på ein måte som imponerte alle som var tilstades.



Det vart lagt mange vakre kransar, blomsterhjarte og bårebuketter på mor si båre, og mange gode ord vart sagt om henne. Ei av naboane summerte det opp slik: ”Det har vorte sagt mykje fint om Borghild i dag, og ho fortener kvart eit ord.”




Nesten alle dei tjue barnebarna var i gravferda, og Ingvild, som las opp det dei var samde om skulle nemnast av gode minne som dei har etter mormora/farmora si, gjorde ein fin jobb .Ho fekk fram mange gode poeng som illustrerer kva slags bestemor ho har vore for dei.




Det var også godt for oss næraste at to av systrene til mor, og dei to svigerinnene hennar frå far si familie,  mobiliserte viljestyrke nok til å delta i gravferda og minnesamlinga etterpå.




Det vart ikkje sagt så mykje offisielt på minnesamlinga, men det å vere samla rundt eit måltid og kjenne at vi høyrer saman gjennom det mor har vore for oss på ein eller annan måte, sette eit fint punktum for hennar lange liv her på jorda.



Tove avslutta minnesamlinga med å sitere ei bønn av Arne Prøis som mor hadde klipt ut og lagt inn i salmeboka si. Denne bønna viser kor audmjuk ho var, samstundes som ho illustrerer  sjølvironien og glimtet i auget som vi hugsar henne for:

”Herre,
Du vet bedre enn jeg at jeg begynner å bli gammel.
Fri meg fra den uvane at jeg må si noe ved en hver anledning.
Frels meg fra lysten til alltid å skulle ordne opp i andres affærer.
La meg ta vanskeligheter alvorlig uten å bli tungsindig,
være hjelpsom uten å dominere.
Det er jo synd å ikke bruke min store livserfaring,
men som Du vet, Herre, trenger jeg å ha noen venner igjen til slutt.

Stopp meg når jeg kommer med lange uttalelser fulle av detaljer.
Gi mine tanker vinger så jeg kan komme til poenget.

Jeg tør ikke håpe på at Du kan gi meg bedre hukommelse,
men at jeg kan bli litt mer føyelig så jeg ikke er så påståelig
når min hukommelse kolliderer med andres..
La meg ikke glemme den viktige læresetning
at også jeg kan ta feil av og til.

Gjør meg litt snill og hyggelig.
Gi meg evnen til å se de gode sider ved mine medmennesker
Og Herre, gi meg den nådegave å kunne si det til dem.”