lørdag 31. desember 2016

Siste innlegg i år

Tida er komen for ei oppsummering av hausten, og året. Bloggeinnlegga har kome i rykk og napp, nokre månader har eg vore ivrig på bloggen, andre månader har eg vore heilt fråverande. Dei store hendingane gjennom året er godt dokumenterte, men dei små kvardagsgledene har ikkje fått like mykje merksemd.



Nokre strikkeprosjekt er komne med, andre ikkje, akkurat som det brukar å vere.
Siste ferdigstilte strikk i år vart ein genser til meg sjølv.



Hausten har gått fort, fyrst langt ut i november fekk eg sjansen til å invitere badedamene heim til meg for sekstiårsfeiring.



I månadsskiftet november/desember vart det ein liten Oslotur igjen, med besøk hos Marte og Daniel, då vart det både tid til å vere saman med borneborna og treffe Iver og Inger, og det vart ein svipptur til Sverige med litt julegåvehandel.







Laurdagen vart det sjølvsagt ein tur til Ingierstrand.


For ein lærar i ungdomsskulen går desember med til vurdering og karaktersetjing, ikkje snakk om stemningsfulle julekonsertar elle spanande julemesser her, nei, og julebaksten vart unnagjort i ein fei siste helga før jul.


Alle kom heim til jul. Så stor som familien vår er, er det naturleg at vi deler oss sjølve julekvelden, men det har vore fleire høve til å vere samla også.
Veslejulafta gjorde vi ein vri på juletrehentinga, og eg fekk sjansen til å vere med for fyrste gong. Vi pakka med oss småkaker, julebrød, kaffi og gløgg og kosa oss ute i skogen. Vi var heldige og unngjekk det verste regnet medan denne seansen stod på.






Sidan julafta fall på ein laurdag vart julebadet avvikla julaftan morgon, med nissehuer og luciakruner på hovudet, i herlege bølgjer og stor flo.




Julafta var vi femten til bords her i huset, alle vart mette, môren var god og pinnekjøtet passe salt.
Tradisjonen tru flytta vi oss over til Tove og Jose sin heim etter middagen. Der kosa vi oss med kaffi og knask, gåver vart utdelt og alle var fornøgde.








For oss "gamlingane" var den store overraskinga og "slageren"ei fotobok som alle ungane har gått saman om å lage. Med gamlingane meiner eg meg sjølv og gubben og alle syskjena og svigersyskjena mine. Utover kvelden dukka det opp bilete på facebook av den eine og den andre av oss som sat med nasa i boka.




Men ho er visst kjekk for dei som har laga boka også:)



Ny namnefest har vi fått med oss, denne gongen for nydelige Atlas som vi er gamletante/-onkel til.



Det etter kvart tradisjonsrike juleselskapet er avvikla med god oppslutnad, i år var vi nokre og seksti til stades og no begynner borneborna våre å gjere seg gjeldande med påfunn. Fotoshoot i ramme var der store i år:)







Nyttårsmiddagen vart innteken i fylgje tradisjonen, vi var berre ti til bords, det var faktisk litt rart.




No er dei fleste julegjestane reiste,  berre minstemora er att enno, roa har senka seg og Antony får æra av å representere oss, 


 vi er klare til å møte det nye året.

torsdag 29. desember 2016

Ein hobby kjem sjeldan åleine



Ei aldri så lita omskriving i overskrifta, men  det stemmer nok for ganske mange.
For min del stemmer det kanskje.....

Strikking er og har alltid vore hovudsysselen min når det gjeld avslapping og kos, eg har alltid minst eit strikkearbeid på gong,



men etter at eg starta med blogging har eg også vorte freista til å prøve andre ting.

Spinning er veldig kjekt, berre synd at eg har så lite fritid, eg har massevis av ull, og eg har investert i både rokk 


og kardemaskin, 


så med tida skal eg lage mange meter med tråd.

Men fyrst må eg berre kome i gong med eit anna prosjekt, det har teke tid, men no er eg i startgropa og snart, om nokre dagar - eller veker - skal eg begynne å veve. Det starta for over fire år sidan då tanta mi spurde om eg ville ha vevstolen hennar, det ville eg så klart, men den vart ikkje henta heim til meg før tante Åshild døydde og vi måtte tøme huset hennar. Så har det gått vel to år til før eg kom så langt at eg fekk ordna med det som trengst av nytt utstyr, som tau


og ny vevskei


og hovlar

og spiler og vekslar,



for ikkje å snakke om tråd til vevprosjektet.


Ei av badevenninnene mine har eiga vevstove og ho har lovt å lære meg kunsten og få meg i gong med veving, ho seier at når renninga er på plass er halve arbeidet gjort, og ho veit kva ho snakkar om. Ho går grundig til verks i opplæringa, vi fann ut at det kunne vere greitt å starte med å veve ein løpar. Eg valde ut fargane eg vil ha, og kvaliteten på tråden, det går i blått. Renninga er halvt bomull og halvt lin, medan innslaget blir i rein lin.

Sidan eg ikkje har rennebom sjølv, laga vi renninga hos henne, det tok si tid trass i at eg berre skal ha fire og ein halv meter, så laga vi renningsflette når tråden skulle av bommen.


No er renningsfletta komen på bakre del av vevstolen, etter at den fyrst vart tredd i skeia, det neste som står for tur er å hovle renninga, dvs. å tre alle trådane gjennom kvar sin hovel, litt over fem hundre trådar er det på ein løpar som er førtitre centimeter breid. Eg har klipt hovlane som hang saman i lenkjer på hundre, og svidd endane slik at dei ikkje skal rakne, det tok også nokre timar, faktisk.


Etter hovlinga skal renninga treast inn i skeia på nytt og strammast opp framme på vevstolen, og så kan vevinga begynne.  Spanande tider!


Ut på nyåret kan eg forhåpentligvis legge ut bilete av min fyrste vevnad:)