fredag 31. desember 2010

Det blir sjal

Eg trur både svigermora mi og eg skal bli fornøgde til slutt. Etter å ha gjort ferdig det lilla sjalet, som forresten er strikka med den tynnaste to-lags tråden eg har spunne hittil, fann eg ut at det var berre eitt å gjere:

lillasjalpage

Eg samla saman alle restar av kvit sjølvspunnen merino-silkeblanding som fanns i huset, noko tjukt, noko tynt og noko til og med utvinna. Så rekte eg opp kanten og strikka ein ekstra mønsterrapport.

påanigjenpage

All to-lagt tråd gjekk med, og dei to nøsta med enkel tråd la eg berre saman og strikka vidare. Eg kom i mål før eg tok kvelden i går:) Her er første utgåva nedst, det ferdige resultatet øvst.

førogetterpage

No er sjalet ferdig blokka og skal pakkast behørig inn før svigermor kjem hit til middag og nyttårsfeiring i kveld.

Sjalet igjen 004

Eg ønskjer eit godt nyttår til alle som kikkar inn på bloggen min:)

Ordhalden

- eit gammalt ord som er på veg ut av språket:) Men akkurat ordhalden er det eg skal vere no.

I familien vår har det vorte slik at dersom eg kjem viftande med kameraet så spør alle, både dei næraste  og dei meir perifere slektningane, om eg skal blogge no igjen. Eg er slett ikkje den einaste som har blogg, men det er eg som får gjennomgå mest for denne “rare” hobbien.

I sommar var det bryllaup og det var i samband med dette eg gjorde ein lovnad, nemleg å blogge det flotte slipset til den enda finare tanteguten min. Men trur du eg har gjort det då? Andre juledag var slekta samla igjen, då minte han meg på forpliktinga mi og eg lovde at slipset skulle bli lagt ut på bloggen før året er omme. Dermed hastar det om eg skal vere ordhalden, så Karsten: Her er nærbilete av både deg og slipset:)

Når eg først er inne på forpliktingar: Eg fekk eit brev i dag, ei oppsummering av året sett frå Sos-barnebyen i Kandalaksha i Russland. Interessant lesnad og ein grei måte å forplikte seg på:)

Brev frå Kandalaksha 005

Så kanskje dette skal bli nyttårsoppfordringa mi – om du ikkje alt er engasjert som fadder, så prøv Sos barnebyer:)

tirsdag 28. desember 2010

Å strikke sjal

Sist vinter strikka eg meg eit Ishbel-sjal etter eit mønster kjøpt på Ravelry. Tråden, merino-silkeblanding, har eg spunne sjølv. Dette sjalet er utruleg mjukt og deilig, varmar gjer det også, så eg er heilt avhengig av det på kalde vinter-dagar.

Ishbelpage

Svigermora mi likar det godt og har gitt uttrykk for at ho kan tenkje seg eit liknande sjal ho også. Julegåveidé, tenkte eg, og idéar må vi ta vare på. det er ikkje alltid like enkelt å finne på noko til dei som meiner dei har nok av det meste.

Eg hadde all verdas god tid til dette prosjektet, trudde eg, men oktober forvann unna utan sjalstrikking, november gjekk med til vottestrikking, og desember? Kvar vart førjulsdagane av? Ungdomsskulelærarar har stort arbeidspress i desember, særleg om ein har meir enn eitt tentamensfag, det har eg verkeleg erfart dei to siste åra! Dermed kom jula utan at eg hadde fått strikka sjal til svigermor……

Men ei nyttårsgåve er då vel ikkje å forakte, særleg for den som sit heime med broten overarm?

Så endeleg, 2. juledag fann eg fram tråden som har vore ferdig spunnen i månadsvis og sette i gong med eit nytt mønster frå Ravelry: XX yards of heaven. Kjekt mønster, og det gjekk fort å strikke, men det vart frykteleg lite! Skuffande! Er dette noko til gåve då?

Etter blokking er det framleis så lite at eg er sterkt i tvil, men har funne ut at eg overlet til svigermor å bestemme om ho har bruk for det eller ikkje:)

Heavenpage

No er eg i gong med eit nytt, i lilla fargemelering, kanskje eg har nok tråd til å utvide dette sjalet med ein mønsterrapport så det blir passe stort.

Leik i snø og sjal 037

Ja, visst har vi ei god jul

Familiejul med nisse og gåver på julekvelden

Julaftapage

Med stort familieselskap 2. juledag der fleire generasjonar møttest,

fleiregenerasjonarpage

der nokon sørga for at vi fekk god mat

Kjøkkenskrivararpage

der alle kunne slå av ein prat,

Vakrebarnpage

og der borna kunne leike saman i mange timar

Yngstegenerasjonpage

Nydeleg vêr har vi, og nokre har til og med fått nye ski som skal inngåast:)

Ski2page