søndag 29. januar 2012

Diablo-kunstar

Etter jul har det teke heilt av med diablo-triks hos Mateo og Oliver.
Mateo sitt største julegåveønskje var ein diablo med trippelt kulelager, og det fekk han
 - nesten - i alle fall med eitt kulelager.
Han har trena iherdig sidan han opna gåva.
Diablokunst 001   Diablokunst 003  Diablokunst 004
Diablokunst 007
Det gjekk ikkje mange dagane før foreldra måtte til å bestille ein diablo til Oliver også.
Han nøyer seg med ein utan kulelager - han kan gjere kunstar med den også.
Diablokunst 010

Diablokunst 011

Diablokunst 014
I dag har vi fått sett litt av kunstane deira, reine artisteriet! 
Som besteforeldre flest vart vi både imponerte og kry:)

fredag 27. januar 2012

Heilt klart



Ei søt lita julegåve gjorde det heilt klart at eg skulle ha ei samling av
englar i bokhylla mi.
Englar 002          Englar 001
Takksemd er namnet på denne figuren

Ei pengegåve gjorde denne kjengjerninga endå klarare,
så då var det berre å ta turen innom blomsterbutikken som sel desse
vakre Willow tree-englane.
Englar 003   Englar 004
Denne heiter harmoni

Englar 005
Englar 006
 Og dette er draumar

To stykker har fått plass saman med den første,
dei kler kvarandre, synest eg!

Englar 008

I takksemd over harmoniske draumar står dei på hylla og pynter opp:)

torsdag 19. januar 2012

Tynnare for kvart år

Nei, ikkje eg, men bloggebøkene mine.

Det er greitt å site ved pc-en og klikke seg rundt frå blogg til blogg, men eg driv ikkje å klikkar meg bakover i eigne blogginnlegg i særleg grad. Nei, då er det kjekkare å få bloggeåret mellom to permar, ei bok er mykje koselegare enn ein skjerm, det kjem eg alltid til å meine!

Januar -12 005

Eg har akkurat lagt bak meg mitt tredje bloggeår, og iveren er nok ikkje like stor som det første året, men dei kjekke bøkene som eg bestiller frå blog-to-print kvar år i januar, held oppe motivasjonen så pass at eg kjem til å fortsette – i alle fall eitt år til:)

søndag 8. januar 2012

Ikkje berre berre å vere godt skodd

Etter at eg måtte gjennom ei livsstilsomlegging for nokre år sidan har eg vorte ein skikkeleg vandrar. Eg likar å gå – og sidan eg treng å kome meg ut og røre på meg har eg også skaffa meg gode kle som gjer det greitt å vere ute i alt slags ver.

Om vinteren går eg til jobb, 6 km, og skal eg kome meg fram med helsa i behald må eg sjølvsagt ha godt feste, også på glatta. Eg sleit ut broddane mine mot slutten av vinteren i fjor, og då kjøpte eg meg nye, veldig gode, fjørande broddar. Men slike saker held ikkje lenge til meg, etter å ha gått med dei to dagar denne sesongen, såg dei slik ut:

Julerose og broddar 008

Julerose og broddar 006           Julerose og broddar 007

Gummien har slitna og “fjørene” stikk ut i alle retningar!

Sidan det nærma seg jul, var eg snar å ønskje meg nye vintersko med piggar i solen, eg hadde lese om slike på ein blogg, og tenkte at dette må vere tingen!

Julerose og broddar 009

Her er dei: Icebugs, ikkje særleg vakre, men dei fungerer:) 16, karbonstålpiggar under kvar sole!

Julerose og broddar 011

Eg kjem meg trygt til jobben kvar dag:). 
Men av og til må eg innom ein butikk på veg heim frå jobb, som t.d. torsdag , då eg skulle kjøpe ei gåve til treåringen Håkon:. Ikkje før hadde eg sett mine bein på butikkgolvet før eg høyrde frå dama bak disken: “ Har du brodder?”
Eg forklarte at eg hadde piggar faste i solen, og fekk prompte beskjed om å forlate butikken, dei ville ikkje ha øydelagt golvet sitt.
– Ikkje særleg kjekk oppleving, Men no er ikkje eg av dei som lettast let meg avvise, eg ville bli ferdig med gåvehandelen, så eg tok av meg skoa og vandra rundt i butikken på strømpelestane til eg hadde fått kjøpt det eg ville ha.

Det løyste seg for denne gongen, men eg kjenner at eg no kjem til å vegre meg for å gå i butikkar i Icebugs´a mine etter dette, eg veit at det skal finnast ein gummisole til å sette utanpå skorne, men på den nettbutikken vi brukte er dei utselde, difor sender eg spørsmålet mitt ut i verdsveven: Er det nokon som veit kvar eg kan få kjøpt  gummisolar til Icebugs, bortsett frå i nettbutikken “outnet”?

tirsdag 3. januar 2012

Kvifor er badedamer alltid godt stoff for lokalavisene?

I to år har eg halde på med heilårsbading utan å kome i avisa, dei andre badedamene i “klubben” min har klart det dobbelt så lenge – minst!

Halvgamle damer som har hatt seg ein symjetur – kva nyheitsinteresse finns det i slikt?

Vikebladet 030112 001

Vi hadde heilt andre planar med å stille opp til fotografering….

Vikebladet 030112 002

På bloggen min passar vi bra, t.d:)

mandag 2. januar 2012

Kvardag

- i alle fall nesten, siste dagen i juleferien, jula er forbi,nyttårsfeiringa ligg bak oss og gjestene har reist.

Då er det godt å ha gode minne å sjå tilbake på:

Vi har fått vore i lag, store og små

Juledagar og nytt år 003

Juledagar og nytt år 014

Juledagar og nytt år 015

Borneborna har fått leika saman, både i full fart og med rolege aktivitetar

Juledagar og nytt år 009

Juledagar og nytt år 011

Juledagar og nytt år 013

Dei eldste i familien har kosa seg saman med oss

Juledagar og nytt år 017

Ja, vi har hatt juleferie og er i grunnen klar til å ta fatt på kvardagen igjen.

Godt nyttår til alle som tek turen innom bloggen!