søndag 19. juni 2011

Og kven har sagt

at det ikkje er fint med skodde?

Skodda 007

Rett nok blir det vakrare når sola klarer å bryte gjennom….

Skodda 005

Og det går fint an å sole seg:)

Skodda 012

Spreke jenter – høgt til fjells:)

Skodda 019

fredag 10. juni 2011

Dans

songogdanspage

Åstadans 088-crop

Dansejenter

Sjøborg 10.06.2011: Ole Børud band og Ulstein kulturskule / Stiletten danseklubb. Minstejenta i aksjon:)

søndag 5. juni 2011

Luksus

å få gå seg ein fjelltur i solskinet og kunne kikke rett ned på barndomsheimen

Frå Hasundhornet 001

-og like heim til der eg no held til:)

Frå Hasundhornet 002

torsdag 2. juni 2011

Metereologane lovde oss vind

Då fann vi eit passande høve til å ta turen til

Kråkenes fyr 023

Det skal visst vere temmeleg spektakulært i skikkeleg vêr.

No vart det berre liten kuling, på Måløybrua viste vindmålarskjermen 14 – 16 m /sek, men litt skumma det i alle fall.Kråkenes fyr 005

Eg veit ingen som er meir fascinert av energien i bølgjene enn mannen min, så han kosa seg i alle fall, sjølv om draumen er å få vere der i full orkan:)

Havetpage

Kråkenes er no omgjort til ein eksklusiv overnattingsstad med tilbod om guida tur og massasje, berre du betalar godt nok.

Kråkenes fyr 015

Ein kan få overnatte både i sjølve fyret

Kråkenes fyr 021

og i stormhuset, nokre meter lenger inne på trygg grunn

Kråkenes fyr 019

Vi tok til takke med å vere utandørs, denne gongen, så får vi sjå om vi skal slå til med eit luksusopphald, ein gong når vi kan vere sikre på at metereologane får rett når dei melder full storm med orkan i kasta…..



Eg må ha med eit bilete av Stadtlandet også, sett frå fyret på Kråkenes.

Kråkenes fyr 030