mandag 4. juli 2016

Jada, her feirar ein seg sjølv

Eg har fylt 60 år, og det har ikkje fått gå heilt umerka føre seg. I haust, då det enno var lenge til juni, slapp eg frå meg ein lovnad, og den måtte eg halde. Det var syskjenbarnet mitt, Kirsten, som sa at "me skulle hatt eit syskjenbarntreff".  Svaret mitt kom før eg hadde tenkt meg om: Eg fyller 60 til sommaren, då kan eg arrangere eit slikt treff.

Invitasjonar vart sende ut, svar kom i retur, for nokre passa den valde datoen dårleg, men vi vart til slutt 33 stykker,  syskjenbarn med ektefellar/kjærestar som møttest i klubbhuset til det lokale idrettslaget. Same veka som vi skulle ha treffet vart eg operert for grå stær, men dei hadde forsikra meg om at det vesle inngrepet ikkje var til hinder for at eg skulle kunne arrangere selskap.

Men, sjølv om treffet gjekk føre seg nesten to veker før fødselsdagen min, hadde eg alt vorte grundig feira av klasse 9B og kontaktlærarkollegaen min. Dei hadde ordna med både morsomme (sjørøvarlapp og ring til øyret / gråstein i byte for grå stær), smakfulle (lakris), vakre (peonbukett) og rause  gåver (gåvesjekk)


dei hadde pynta og ordna klasserom,


dei hadde baka og laga fruktspyd,



dei hadde laga Kristin-kahoot og bursdagskort, og dei sat der så smilande og kjekke med Olga Marie Mikalsen sin versjon av "Hurra for deg" som velkomst-melodi når selskapet starta. Overveldande er vel det mest dekkande ordet for slik ei overrasking.

Så vart det kake, tale og gåve på personalromet siste dag før sommaren på jobb:)

Tilbake til syskjenbarntreffet:
Med snille og hjelpsame born og tanteungar, og ein engasjert medarbeidar i syskjenbarnet mitt, Ingrid, var det ei enkel sak å stå som arrangør. Vi to fekk oss mang ein god latter medan vi sat og prøvde å "snekre i hop" ein song til treffet.
Vi la litt omtanke i pynting av lokala, barne- og ungdomsbilete av alle syskjenborna og besteforeldra våre hang på ei snor langs eine veggen,


det beste kaffiserviset til mormor og morfar, som dei fekk i bryllupspresang i 1922, fungerte som blomstervasar på bordet,



medan potetskåla og sausnebbet til finserviset til det andre besteforeldreparet gjorde same nytta på anretningsbordet.




Varmmaten overlet vi til eit cateringfirma,


 


så kjøkkenjobben vart overkomeleg for borna og tantejentene som var ansvarlege der.





Kaker hadde vi meir enn nok av, eg takka nei til like mange som eg takka ja til, så viljen til å bidra var stor blant gjestane.
 


Det var ikkje lagt opp til så mykje underhaldning, vi song nokre songar, og Haldor var grei og tok med gitaren sin for å akkompagnere til songane.










Elles stilte tantegutane Magnus og John velvillig opp og spelte nokre melodiar til oss.



Og eg fekk ein fin tale, med mange gode ord som eg ubeskjedent tok til meg.



Nokre kjekke overraskingar vanka det også:)



Mellom anna to sekkar med villsau-ull som eg kan spinne tråd av:) og eit deilig storsjal som Anita har strikka:)
 

Det viktigaste var at det skulle verte tid og høve til å prate med kvarandre, å få oppdatere seg på kva dei andre i slekta er opptekne med for tida. Og slik vart det.















For meg vart dette ei kjekk 60-årsfeiring, og håpet er at dei som møtte fram også trivdest.
Nokre av bileta har eg fått på messenger frå Anita, det viser på den svarte kanten oppe og nede i biletkanten, men det får no berre vere.
 

Men eg var ikkje ferdig med feiringa med dette, eg har jo ei nett, lita svigerfamilie, det ordna seg slik at eg fekk invitert svigermor, svoger  og svigerinner  på potetballmiddag søndagen før fødselsdagen min, då var vi 18 personar med smått og stort rundt bordet. Vi gløymde å ta bilete....

Og så, på fødselsdagen, hadde ungane våre skaffa oss billettar til konsert med Elton John på Colorline stadion i Ålesund. Då var det middag for to på Lyst i Kongens gate fyrst. Så konserten, som vart ei  flott oppleving!



No gjenstår blåturen saman med born og borneborn, den skal gå føre seg komande helg - og eg anar ikkje kvar eller kva - alt er i det blå.....