onsdag 25. mars 2015

Dette må då vere Strikkebesta sin største draum

Denne veka er eg Besta på heiltid. Godt å ha jobba inn timar som eg no kan avspasere med det beste samvit:)

Eg trudde eg hadde dagane for meg sjølv medan borneborna skulle vere på skule og i barnehage, men når det gjeld ungar skjer det gjerne uføresette ting.

Ikkje så dramatisk akkurat, men no er eg heime med sjukt barn på andre dagen. Forma er stigande og mammaen har vore smart og lurt unna kjekke ting i tilfelle det skulle trengast. 

Ein av dei kjekke tinga er ei strikkebok for nybegynnarar. Besta har skaffa tråd, og jenta er lærevillig, så før veka er omme har nok eit nytt kosedyr vorte til:)


Sjå berre kor ho har fått dreisen på strikkinga:)


Slik skal resultatet verte:


Oppskrifta er oversiktleg og grei, i alle fall for Besta, og det er no eit fellesprosjekt




Ute skin sola og vårblomane lyser






tirsdag 10. mars 2015

Havskum

Heilårssymjeklubben har fått namn: "Tausapinene", og eigen logo på klubbtrøyene som vi har fått, sponsa som vi vart av Hummel og Chess:) Her testar vi dei ut i desemberkulden.


Men når det er som kaldast, i oktober til april, treng vi også noko som varmar skolten og øyrene, og det måtte sjølvsagt verte noko i havskummønster. 
Eg prøvde ut forskjellig, 



men enda opp med ein enkel modell som held seg på plass å hovudet. 
Vi måtte sjølvsagt ha fine fargar på huene:



Viking superwash hadde bra fargeutval. Det skulle gå fort så dei vart strikka på tjukke pinnar med dobbel tråd.


Her heng dei ferdig strikka huene til tørk etter ein lett vask for å få betre form på dei før dei skulle takast i bruk.


Og her blir dei innvigde i herlege bølgjer  ein laurdag tidleg i februar:)


mandag 9. mars 2015

Strikking, ja

Ein gong i tida var det interessa for strikking som førte til at eg starta bloggen, og no er det jammen lenge sidan forrige strikkeinnlegg. Men strikkar gjer eg, jamt og trutt. Lestar for det meste, også i Afrika - og på reisa til og frå.


Stort sett går det i Kerrtu. Det mønsteret sit i fingrane, og lestane sit tett og godt å foten.
Det hender at eg strikkar eitt og anna par i vanleg to rette og to vrange som ei avveksling.
Og eg er like dårleg på å feste endar som eg alltid har vore så dei ligg no her berre....

Men litt meir avveksling har det sjølvsagt vore no når eg har fått eit nytt barnebarn:)
Foreldra ynskte køyredress, det var ikkje vanskeleg å finne oppskrifter på nettet og eg foreslo ein med Mariusmønster. Ja, det var greitt om eg strikka han lik gensaren som pappaen hadde fått tidlegare, det var ei forenkla utgåve med berre to fargar. Og slik vart det.


Der var att mykje tråd når dressen vsr ferdig så det vart hue


Lestar


Og vottar i tillegg


Her er far og son i likt antrekk:)


Og endå så var det igjen tråd slik at eg begynte på ein gensar str.6 mnd., men no ser eg at eg ikkje får nok, så enten må eg kjøpe eit nytt nøste i eit anna parti - og risikere fargeforskjel -eller så må eg inndra vottane når vinteren er slutt og rekkje dei opp slik at gensaren kan bli ferdig:)