mandag 27. februar 2012

Ufo-landingar

Det er ikkje snakk om store ufo-prosjekt,berre lestar som eg har begynt på og som eg av ein eller annan grunn har stappa godt ned i strikkekorga.
T.d. desse som heiter Salor, og som eg fann opskrift til i Hammersen si bok, Silk road socks.

Leste-ufoar 002

Dei vart no ganske stilige og sit godt på foten, og med ein litt spesiell hæl.

Leste-ufoar 004

Eit nytt Kerrtu-par er også ferdig, finsk oppskrift på desse:

Leste-ufoar 008

Litt annleis hæl på Kerrtu også.

Leste-ufoar 011

Og jammen er eg i gong med hjarte-lestane som eg prøver å lage oppskrift til sjølv også:

Leste-ufoar 014

Inspirasjonen er sjølvsagt frå lestar eg har sett på andre sine bloggar.
Sidan eg ikkje får mønsteret til å gå opp, blir det enklare på baksida:)

Leste-ufoar 015

Bilstrikkeriet heim frå Oslo var av eit noko enklare slag, men lestar treng vi, uansett korleis dei ser ut.

Leste-ufoar 018

Leste-ufoar 016

lørdag 25. februar 2012

Godt å få vere Besta

Eg har brukt vinterferieveka til å vere saman med borneborn som eg ikkje har sjansen til å sjå kvar dag:)

Det er så herleg å bli motteken med smil og klem, trass i at det er mange veker sidan vi såg kvarandre sist, sjølv Michael er smilande og tillitsfull frå fyrste sekund!

Vinterferie 013

Vinterferie 008

Og Jenny, som var sju år før vi møttest fyrste gong, kjem og er saman med oss og viser at eg er Besta hennar også,

DET GLER EIT BESTAHJARTE!

Vinterferie 010

Onsdag hadde vi heile dagen i lag, då vart det pannekakelunsj, skal seie dei to jentene er flinke kokkar!

Marylin var sjef for røra, medan Jenny steikte 11 gode, sunne pannekaker med grovkveite og havregryn som viktige ingrediensar.

Vinterferie 011

Og pannekakene fall verkeleg i smak, mmmmmmmmmmmmmmm

Vinterferie 014

Vinterferie 019

Vinterferie 016

Etterpå var vi ute og leikte i tre vårlege varmegrader, men trur du Besta hadde med kamera ut?

No er eg heime igjen, med mange koselege minne som baggasje:)

Vinterferie 009

søndag 19. februar 2012

Barnsleg–eller leiken?

Denne veka fyller eldstebarnet mitt 38 år,ho skulle med andre ord vere vaksen, og det er ho også.
Ho er ei god mamma til fire flotte gutar, ho har ein ansvarsfull jobb som ho meistrar godt og ho oppfører seg stort sett som ein skulle forvente av ein person på hennar alder.

Men av og til…
¨Juledagar2 025

kryp ho under eit bord og leikar at ho er på hyttetur, ho elskar å kle seg ut, og det hender at ho heilt gløymer at ho ikkje lenger er ei lita jente. Som forrige helg då tre av fire gutar hadde med heim overnattingsgjester og dei hadde behov for å låne ekstra madrasser hos oss.
Ho hadde fått madrassene ned frå loftet og sende dei avgarde ned trappa til kjellaren....
der stod ho, øvst i trappa, med veska i handa, og eg forstod straks kva som kom til å skje  så eg greip tak i fotoapparatet og stilte meg opp ved gelenderet:

Strikkajakke 007

Med hovudet fyrst, ned heile trappa, og gjett om ho kosa seg!
Må vedgå at eg forstår henne, litt:) Og eg er fornøgd med blinkskotet!
38-årsdagen skal feirast i London, på zumbakurs, trur nok det blir kjekt også:)

mandag 13. februar 2012

Innhenta av Mariusfeberen

Eg synest det er veldig koseleg at dei gamle norske strikkemønstera no får sin rennesanse igjen, dei gjer det med ujamne mellomrom, og då er det kjekt å ha nokon å strikke til:)
Forrige gong Marius var populær strikka eg genser til minsteguten min i “spreke” fargar, meinte vi då. No er det helst marine, kvitt og raudt det skal strikkast i, og eg er i gong med ein “klassisk” Marius til Michael, i alle fall i fargeval, men eg har valt å strikke med rundfelling, både fordi eg synest det blir fint, og fordi det då blir mindre montering enn med den tradisjonelle måten.

Mariusfeber 012

Til Marylin vart det tunika, i grått,

Mariusfeber 002

eg har stor tru på at den fargesterke jenta passar i slike avstemte fargar.

Mariusfeber 005

Det blir spanande å ta seg ein Oslo-tur i vinterferien og få prøve på henne plagget.

Mariusfeber 003

Mora hennar eg ganske pessimistisk i spørsmålet om ho vil kome til å bruke tunikaen, Marylin har sine eigne meiningar når garderoben skal bestemmast, og favorittplagget til ei kvar tid er eit plagg som ho har vorte van med etter lang tids bruk, dermed er det også nesten alltid eit plagg som er for lite for ei jente som veks i rekordfart:)

søndag 12. februar 2012

Å strikke jakke etter eit fotografi

For ei stund sidan fekk eg sjå eit foto av ei strikkajakke som kosta uhorveleg mykje pengar. Veldig fin, men ho såg eigentleg temmeleg enkel ut: Patentstrikka med ulik tjukkelse på pinnane øvst og nedst.

Jakke 010

Tilfeldigvis så hadde eg akkurat  kjøpt litt tråd på salg hos Pickles, merinoull og silkemohair, så då var det berre å prøve seg fram og sjå om eg fekk det til å likne.

Eg bestemte meg for å prøve å strikke ovanfrå og ned, med raglanermar, dermed fann eg ut at heile ermane burde strikkast med tynnaste tjukkleik på pinnane.

Her er resultatet – ikkje heilt likt, men ein kan sjå kvar eg har henta inspirasjon i alle fall:)

Strikkajakke 003

Her er overgongen frå tynne til tjukke pinnar.

Strikkajakke 006