søndag 21. juni 2009

Cumpleaños feliz


21. juni, og Oliver er 4 år! Han er i Spania saman med storebrødrene og foreldra sine, på besøk hos besteforeldra der. Sjølv om dei er spanske blir dei ikkje kalla abuela og abuelo, men mamí og papí, fordi fransk er det språket svigersonen vår ser på som sitt morsmål. Han er fødd og oppvaksen i Sveits, og foreldra hans flytta tilbake til Spania etter at han vart vaksen.

4-årsdagen skal i alle fall feirast i Spania, kanskje på badestranda der vi hadde det så fint for to år sidan?Besta og Bestefar får ikkje vere med på feiringa, men unner det andre besteforeldreparet å få vere saman med dei herlege borneborna vi deler:)

Vi reknar med å møte dei når vi kjem fram til pilgrimsmålet vårt om to - tre veker, dei bur nemleg rett utanfor Santiago de Compostela.

Så kjære Oliver, gratulerer med fireårsdagen, vi ønskjer deg alt godt og håper du får ein strålande dag!

lørdag 20. juni 2009

....min dag i dag....

...kvifor det? Sjå her då! Klokka som Nikoline på landet auksjonerte ut, og som Strikkebestamannen fekk tilslaget på, er i hus:) Ho er minst like fin som ho såg ut til på bloggen hennar - og vi er HEILT fornøgde! Vi hadde tenkt at ho ville passe så godt på ein murvegg i huset vårt, og det gjer ho forsåvidt, men fargane på veggen er litt for like fargane på klokka så ho kjem ikkje heilt til sin rett der. No får ho henge der så lenge, til vi har diskutert ferdig....Det er rart kor blogginga viser igjen i huset etterkvart, i Bloggverda får ein så mange tips og idéar som ein får lyst til å prøve ut, slik som den herlege sommarveska som Tovepia har på headingen sin, etter ein forespørsel hos henne fekk eg tips om kvar eg finn oppskrift, så no har eg og sommarveske:) Hippieveske kallar minstejenta mi den, javel då, eg får vere litt hippie i sommar eg då.Ein stad eg sveipa innom såg eg nokre hjerte som var nålefilta, det ga inspirasjon til desse:













bloggen hennes Nunne såg eg ein gong tidleg på året nokre nydelege strikkalestar, ved å følgje ei lenkje frå bloggen hennar kom eg fram til oppskrifta på Kerrtuso
kkar, dei hadde eg veldig lyst til å strikke, så det vart nokre par av dei også.

Sjølv om eg har til gode å vinne noko på alle utlodningar og "giveaways" som eg svippar innom, så føler eg at det er min dag i dag:)

torsdag 18. juni 2009

Ei rose for vennskapet:)

I dag gler eg meg over å kunne ta imot ei rose for vennskapet:) Dette vennskapet er eit resultat av blogging - er det ikkje fint å finne venner i dette landskapet? Sjølvsagt veit eg ikkje så mykje om Stubbetufsa som byr meg dette vennskapet, men treng eg å vite så mykje då? Er ikkje eit vennskap like mykje verdt uansett? Og byggjer ikkje eit vennskap på gjensidig respekt og gjenklang hos einannan?

Haldis Moren Vesaas skreiv kloke ord om vennskap:

ORD OVER GRIND

Du går fram til mi inste grind
og eg går òg fram til di.
Innanfor den er kvar av oss einsam,
og det skal vi alltid bli.

Aldri trenge seg lenger fram,
var lova som galt oss to.
Anten vi møttest titt eller sjeldan
var møtet tillit og ro.

Står du der ikkje ein dag eg kjem
fell det meg lett å snu
når eg har stått litt og sett mot huset
og tenkt på at der bur du.

Så lenge eg veit du vil kome i blant
som no over knastrande grus
og smile glad når du ser meg stå her,
skal eg ha ein heim i mitt hus.

Takk til Stubbetufsa for awarden, den gjorde meg glad:)Og takk for at eg dermed fekk mulegheita til å strø litt roser vidare på andre sin veg: Villmarkstausa, Wigdis i Bestemors kosekrok, Nikoline på landet og Gamleheksa er dei eg har lyst til å gi ei ekstra oppmuntring i dag, håper de vil ta imot.... Til alle andre som ser innom deler eg gjerne ut nokre av flammentanz-rosene mine:)



tirsdag 16. juni 2009

Gode opplevingar og samkjensle

Nokre dagar er betre enn andre - i dag har eg hatt ein verkeleg go`dag saman med elevane mine!
Vi starta skuledagen kl. 13.30, då køyrde vi buss til øya Runde.

Der venta to tresnekker på oss for å ta oss med ut til fuglefjellet.
Stor fascinasjon!
Vi hadde god tid til grilling og litt vassing i fjøra, lufttemperaturen låg på 9 grader:), før neste store oppleving:

Fottur opp på fjellet og ned i Lundeura, der lundefuglen hekkar. Mot kvelden kjem han inn med fangsten og set seg til på ein stein eller ei tue.
Det var ikkje berre vi frå skulen som hadde teke turen til Lundeura for å kome tett på desse herlege skapningane, telelinsene stod som ein skog bortetter fjellrabbane! Men det var stemningsfullt å vere der, elevane var så stille og interesserte! Eg berre lånte bort kameraet mitt til dei:)



Då klokka var 21.30 og vi skulle gå ned att til bilane og køyre dei heim, var det ingen som ville vere med.Så godt å ha fått ein slik fin dag saman med elevane!

søndag 14. juni 2009

På Caminoen igjen.

Etter ei veke på meseta`en kom vi til Leon, ein av dei større byane med 135000 innbyggjarar. Katedralen var strålande vakker med mange glasmåleri.

Vi hadde teke inn på eit kombinert pilgrimsherberge og vandrarheim, ein stor bygning med rom i fleire etasjar. Etter å ha sett oss om i sentrum og i katedralen, og ete eit godt måltid, sette vi oss inn i ein bil for fyrste gong sidan vandringa starta; det hadde vore så kronglete å ta seg fram til sentrum av byen at vi orka ikkje leite oss attende til herberget, så då vart det taxitur på oss.
Vi var installerte på eit åttemannsrom, og var dei fyrste som tok natta, etter kvart kom eit ungt italiensk par og gjekk til sengs i ei etasjekøy i andre enden av romet.
Det var då dramatikken starta: Mannen min er ein ekte snorkar; han ryt når han ligg på rygg, han ryt på sida og han ryt på magen, særleg med det same han s
ovnar. Italienarane let seg ikkje affisere av dette i starten, dei las litt og styrte med sekkane sine og småsnakka ei stund, men la seg omsider til og skulle sove. Og mannen min snorka .... ungdommane snudde seg i sengene fleire gongar, guten forsvann ein halvtimes tid, men snorkinga var sameleis då han kom inn att. Jenta, kikka mot senga til mannen min fleire gongar, men sa ingenting, så sette ho seg opp og måtte ha litt trøyst fordi ho "no puedo dormir", dei gjekk ut på gangen ei lang stund begge to .... og mannen min snorka. Italienarane bestemte seg langt om lenge for at no ville dei sove uansett og kom inn att og kraup ned i soveposane sine, guten såg ut til å ta etter somnen, men jenta låg vaken og sukka fleire gongar. Plutseleg reiste ho seg opp, gjekk resolutt over golvet og henta pilgrimstaven sin som stod oppstilt inn til veggen. Med heva stav kom ho mot køya der eg låg i underetasjen og såg på henne, medan mannen min låg inkjeanande i overetasjen og snorka. Eg kjende at eg spente alle musklar, klar til å forvare mannen i livet mitt. men heldigvis kom kjærasten hennar meg i forkjøpet: Han tok eit fast grep i staven, så stod dei der, midt på golvet med staven mellom seg og stirra kvarandre inn i augene .... lenge...og så brast dei i latter begge to... puh!!
Det vart nok ei uroleg natt på kjærastparet, kl.
4.30 stod dei opp og begynte å pakke sekkane sine, då vakna mannen min, frisk og utkvild og sa: "Ja, det er vel berre å stå opp og kome seg vidare." Eg torde ikkje sjå til sides då vi passerte forbi italienarane som sat og halvsov i ein sofa ute på gangen tretti minutt etterpå.
Dette har i etterkant vorte ei artig histo
rie å fortelje til alle som vil høyre på, men episoden gjorde at eg helst ikkje ville dele rom med andre resten av Caminoen, sjølv om eg måtte det fleire gongar.
På vegen vidare passerte vi over den lengste pilgrimbrua på heile Caminoen: Ei 204 m lang steinbru, støtta opp av tjue bogar.

Vi passerte gjennom ein by der dei feira San Camion, camion tyder også lastebil, så lastebilane var pynta med fargerike lenkjer.

I Astorga,ein gammal, romersk by, er der utgravingar i sentrum av byen som syner litt av den gamle bydelen. Der er også ein stor, gammal katerdral, og vis a vis katedralen ligg det mest fantastisk søte eventyrslottet du kan tenkje deg, så vakkert forma! Arkitekt er han som har vore med å gjere Barcelona til slik ein turistmagnet; Antonio Gaudi.Vi forlet Astorga tidleg om morgonen den 16. juli, då var det gode tre veker sidan vi begynte å gå. Etter ei mil stoppa vi i Santa Catalina og kjøpte oss frukost, og under over alle under: Vi fekk skiver - BRØD - rista på steikepanna, med smør og marmelade, kaffi og nypressa juice til, for fyrste gong i Spania! Det var godt, så godt at vi bestilte det same "otra vez" før vi vandra vidare:)
Neste overnatting var i Rabanal de Camino, då var vi på veg oppover i fjellet igjen.
I den vesle landsbyen snubla vi over eit skil
t med denne teksten: Opp med haka. Det var visst ei norsk dame som dreiv rideskule i nærleiken som hadde sett opp skiltet.
Den neste landsbyen, Foncebadón, er vik
tig i Paulo Coelho sin roman, Pilgrimsreisen, det var her han utkjempa kampen mot djevelen, i form av ein svart hund, og sigra.
Dagen etter passerte vi det høgste punktet på turen: Cruz de Ferro, 1504 m.o.h.ein steinhaug med ein jernkross på ein stake midt oppe i haugen.

Det er her pilgrimmane skal legge att sin stein, om dei har teke med seg ein heimanfrå, som ei symbolsk handling om å legge frå seg børene sine under pilgrmsreisa.

I starten av nedstigninga gjekk vi oss fram på ein liten landhandel der dei hadde skilta retninga og distansen til andre viktige pilgrimsmål, det viste seg at det var like langt til Trondheim som til Jerusalem (5000 km).

Resten av nedstigninga var ikkje god for slitne bein, og den kvelden tok vi avgjerdsla om ikkje å haste avgarde for å kome fram til den 24., vi ville gå så langt vi kom, og så setje oss på bussen og reise den siste biten inn til Santiago når dagen var der.
Difor gjekk vi berre 8 km neste dag, Vi var framme i Ponferrada før kl. 9.30. Heile dagen traska vi gatelangs, det var vanskeleg å finne roa, så neste dag gjekk vi vår vanlege dagsetappe igjen. Men eg må vise bilete av tempelridderborga i Ponferrada, den var imponerande! Coelho nemner også den i romanen sin, her hadde den hemmelege ordenen hans ein samankomst som verkar noko mystisk på oss lutheranerar.


I Cacabelos vart vi innkvarterte på det raraste herberget på turen: Tett i tett med "båsar" med to køyer med ein midtgang imellom i kvar, plassert innanfor kyrkjegardsmurane:)

Etter kvart nærma vi oss den vestlegaste provinsen i Spania: Galicia, den håper eg at eg rekk å skrive om før vi reiser attende for å gå siste biten av Caminoen.

fredag 12. juni 2009

Tre år 12. juni, HURRA!


I dag fyller Marylin 3 år. Ho skal feire dagen saman med venner i ettermiddag. I morgon blir det familieselskap, då kjem tante og onkel og syskjenborna på besøk.
Søndag er det Ålesund-onkelen som vil på besøk og gratulere. Stor stas, så klart.

Men stakkars Besta får ikkje vere med på festen:(, avstanden mellom Oslo og Sunnmøre er for stor.

Får vel ikkje grave meg ned i for mykje sjølvmedkjensle, fødselsdagsgåva fekk vi jo kjøpt og overlevert i påska, var skikkeleg ufornuftige besteforeldre og kjøpte tohjulssykkel:)

Og så har eg faktisk mykje å sjå fram til: Vi skal jo innom og overnatte på veg til Spania, og når vi kjem heim blir det sommarferie på heile Marylin-familien hos oss:)

GRATULERER MED DAGEN, VESLE PRINSESSE!
Kos deg saman med vennene dine:)

onsdag 10. juni 2009

Kven kan vel stå imot ei utfordring

Dei siste dagane har eg svusja rundt frå eine bloggen til den andre og lese svara på tag`en eller même`n som er den store farsotten i Blogglandia for tida, no er det min tur, det er vel berre å skride til verket:

Hva er du opptatt av for tiden? Å halde elevane fokuserte på skulefag fram til den 23., kva eg skal pakke / la vere å pakke i pilgrimsekken min før vi set oss i bilen med nasa vendt mot Spania den 24. , å snu huset på rett kjøl så det blir greitt å kome heim til om ein månads tid, blogging...
Hva har du på deg i dag?
Ullundertøy og regnbukse - heile skulen har utedag i dag:)
Hva skal du spise til middag? Skal endeleg lage den lasagnen som eg hadde planar om på måndag.
Hva hører du på akkurat nå?
Lyden av "fullkomlig tystnad".
Hvordan er ditt favorittvær?
Sterk synnavind ein haustdag:)
Hva er ditt mest utfordrende mål akkurat nå?
Å avslutte skuleåret på ein ok måte.
Hva synes du om den personen som tagget deg?
(Trollkåno) Eg har fått inntrykk av ei dame som har omsut for folk og dyr, og som har eit godt grep om fotografering, handarbeid og hagestell. Ein sympatisk person.
Hvis du kunne ha fått et hus, ferdig innredet, hvor som helst i verden - hvor skulle det ha vært?
Eg har eit hus, eg. Ikkje er innreiinga noko å skryte av, ikkje huset heller, i fylgje ungane mine, men eg trur ikkje eg hadde vore i stand til å ta vare på enda eitt, så nei, takk, ikkje fleire hus til meg.
Hva ville du gjerne hatt akkurat nå? Uavgrensa arbeidslyst.
Hva vil du gjerne bli kvitt? Trongen til stadig å kjøpe ting....
Hvis du kunne dratt hvor som helst i verden den neste timen, hvor ville du ha dratt?
Til Oslo.
Hvilket språk ville du lære? Eg kan ikkje nøye meg med berre eitt, eg vil lære swahili, fransk og kinesisk, i tillegg til å bli betre i tysk, engelsk og spansk.
Hva ser du etter i en venn? Ikkje så mykje, kun: Truskap, ærlegdom, sjølvinnsikt, humor, empati, omstillingsevne, sjølvironi og toleranse.
Hvem vil du gjerne møte? Dei to borneborna mine som bur så langt unna (Oslo) at eg berre møter dei i feriar, og Nelson Mandela.
Hva slags musikk liker du? Blues, jazz og vakre salmar.
Hva er favorittplagget i kleskapet ditt? Den oransje-gule-rosa-lilla-stripete kjolen min:)
Hva er drømmejobben? Ein jobb der eg møter menneske og utfordringar kvar dag - oops! -eg har visst ein slik jobb!
Har du noen favorittmodeller? Rollemodell, ja! Nelson Mandela.
Hvis du hadde hatt 1000 kr nå, hva ville du ha brukt dem på? Sommarsko
Beskriv stilen din. Umuleg å kategorisere.
Hva var det siste motebladet du leste? Sikkert eit som låg på venteromet hos tannlegen - eller var det kanskje ikkje eit moteblad det???
Den siste cd-en du kjøpte? Muleg det var Eva Cassidy.
Hva hørte du på da du ble tagget? Vesle Sienna som "las" dyrene i Hakkebakkeskogen:)
Hva vil du akkurat nå? Ut og opp - nei ikkje i trea - men på fjellet og gjere unna "blodsukker-runda" mi.

Eg sender utfordringa vidare til Wivi i Bestablogg og Jorid i Jorids BestemorBlogg


søndag 7. juni 2009

DYSIKONI

No har eg googla ordet dysikoni, og det var som eg tenkte: Det finns ikkje, altså er ordet mitt, eg har funne det opp, eg har opphavsretten til det og kan dermed definere det:)
Kva det er? Vel, det er
ein manglande evne hos nokre menneske, meg irekna, som etterkvart som datateknologien får større og større plass i kvardagen vår gjer oss som er råka funksjonshemma.
Definisjonen på ein dysikonikar er ein person som har vanskar med å oppdage og avkode bilet
e, ikon, logoar og pictogram.
Korleis merkar ein så at ein har dysikoni?
For min eigen del kan eg vel seie at dysikonien er medfødd og har fylgt meg gjennom heile live
t. Som barn merka eg det mest når eg skulle lese teikneserieblad: Eg las kvart eit ord; "Wroooom", kvar ei staving; "iiiik", ja, kvar einaste bokstav; "ZZZZZZZZZZZ", men eg fann aldri ut kva som var så veldig stas med desse blada - det foregjekk jo omtrent ingenting på sidene!
Ikkje før eg vart vaksen, og mamma, oppdaga eg korleis andre les teikneseria: At det er teikningane som er viktige, orda er berre eit lite tillegg. Dette var det eldstesonen min som lærte meg. Han kunne fortelje lange historier
ut frå eit Donaldblad lenge før han hadde lært seg å lese bokstavar.

Eg bruker tekst for å skaffe meg opplysningar og informasjon, eg er sterkt opphengd i tekst, dersom eg ser ei samanstelling av meir enn to bokstavar, går hjerna mi i gong og prøver å omdanne bokstavane til eit ord som gir meining. Køyrer eg bak ein svenskregistrert bil, jobbar hjerna hektisk med å lage eit meiningsfullt ord av dei tre bokstavane fremst på nummerskiltet. Og kvar gong eg har skrive ein kommentar til eit blogginnlegg, fell eg i stavar over dei spesielle og finurlege orda eg må skrive for å få offentleggjere kommentaren.

I trafikken foregår mykje av kommunikasjonen ved hjelp av skilt med teikningar på, godt for meg
at fartsgrensene er markerte med tal! Elles hjelper det godt på med underskilt med tekst, så eg synest eg klarer meg forbausande bra ute på vegar og gater.
Å leve utan teikneseriar går fint, verre blir det når ein skal navigere rundt i Microsoftverda. Her bruker ein nemleg ikon og logoar i stor stil, både for å "forenkle" bruken, og for å skape ein slags internasjonal standard.


Når eg støyter på eit dataproblem, påført meg av Microsoft, tyr eg til mann og born for å finne ut av vanskane, samtalen kan gå føre seg omtrent som dette:
Eg: No har dataen hengt seg opp igjen, kvifor kjem eg ingen veg?
Barn: Du har jo inne knappen, klikk på den så ordnar det seg.
Eg: Knapp?
Barn: Ja, den på skjermen!

Eg (etter å ha saumfare heile skjermen rundt utan å sjå nokon knapp):
Her er ingen knapp på skjermen!
Barn (litt oppgitt): Inne på sjølve dataskjermbiletet! Ser du ikkje at knappen er inne? Det er jo skugge rundt han, då er han inne!
Eg: Meiner du det kvadratet der? Er det ein knapp?
Barn: Ja, det har eg fortalt deg før!Der er mange knappar. Og når du ser at ein av dei er skuggelagt så tyder det
at den er i funksjon.
Eg(lettare frustrert): Eg ser ikkje at eit kvadrat på skjermen skal førestille ein knapp, eg, det må nokon fortelje meg, kvar gong...Og skugge.... det ser no meir ut som pynt, spør du meg.

Om ikkje tidlegare, så i alle fall no, blandar mannen i livet mitt seg inn i samtalen, han ler og seier at det er nyttelaust å hisse seg opp over daude ting, så som ein pc, at eg må berre godta systemet som det er, og prøve å lære meg å bruke det.

Eg kjenner at eg blir irritert og heit over latteren, eg kan ikkje noko for at eg ikkje ser det eg ikkje ser!
Det må då vere ein diagnose for slikt, det finns no både dysleksi og dyskalkuli, kvifor ikkje dysikoni?

Dersom nokon av medlemmene i språkrådet skulle svippe innom sida mi,(og det burde dei, det er vel trass alt i blogglandia mesteparten av kreativiteten finns no om dagen) vil eg hermed be om at rådet tek ordet opp i det norske språket.
Og er det nokon som manglar emne å forske på til doktorgrad, så ver så god, her har du eitt! Kanskje eg gjer det sjølv, om ikkje nokon kjem meg i forkjøpet.
Nokon som kjenner seg att? Du må gjerne ta ordet mitt i bruk, husk berre på Lov om opphavsrett!(Alltid lenkje det til Strikkebesta.) Eg er gjerne med på å starte opp Norsk Dysikoniforbund om det trengs, berre meld ifrå! I logoen vår blir det kun tekst, ikkje bilete.
(Biletet av skilta er googla, teikneseriestripa er frå Sunnmørsposten. Og at biletkvaliteten er ekstremt dårleg har ingenting å seie for kvaliteten på innlegget, trur eg.)

lørdag 6. juni 2009

Unge fotografar



I dag kom Anthony tidleg til den faste laurdagspizzaen vår. Han og ein kompis hadde vore i fjøra og fanga massevis av småkrabbar, ål og sjøstjerner.

Mesteparten hadde dei sleppt ut att, men litt måtte han ha med i ei lita bøtte for å vise til småbrødrene sine.


Og det vart stas når dei dukka opp. Både Oliver og Mateo torde å halde dei minste krabbane, dei sprelske ålane var også spanande å halde i handa si,

men storekrabben hadde dei respekt for. Etter kvart syntest eg det var på tide å gi også desse småkrypa fridommen sin nede i fjøra igjen, og då tok Mateo mot til seg og fekk eit godt og trygt grep om storekrabben så Besta fekk tatt bilete før Anthony tok dei med seg ned att til sjøen.


Medan Besta fortsette med pizzabakinga, greip småkarane sjansen og lånte fotoapparatet mitt:)

Først knipsa Mateo eit bilete av Oliver.

Så stilte han opp som fotomodell når Oliver ville fotografere, deretter blei Besta portrettert i kjent positur med mozzarellaosten i handa.











Fotoseansen vart avslutta med eit blinkskot av pappaen deira:))

mandag 1. juni 2009

BUEN CAMINO

- god pilgrimsvandring - var den vanlege helsinga spanjolane vi passerte på vegen møtte oss med, det såg ikkje ut som dei var leie av alle fotturistane og syklistane som passerte forbi.
Buen camino er også helsinga pilgr
immane utvekslar når dei passerer kvarandre i løpet av dagen.
Då vi forlet Burgos om morgonen den 7. juli, la vi ut på ei strekning som vi hadde høyrt mykje om på forehand, vi hadde fått både åtvaringar og tilrådingar, vi måtte berre prøve det sjølve for å finne vår meining.
Strekninga mellom Burgos og Leon, omlag 180 km, ligg på ei høgslette som blir kalla meseta`en.
Gj.sn. høgdemeter o.h. er 800 m, det er ei slette som eignar seg til korndyrking, der ligg kornåkrar kilometervis i alle retningar. Det betyr lite skugge for sola langs vegar og stiar, desto viktigare er det då å ha med nok drikke, og å passe på hovud og hud for å unngå overoppheiting og solforbrenning.

Langs vegkanten høyrde vi tusling og tasling heile dagane; det er tydeleg at musa lever godt under slike tilhøve. Elles var der ein god del grøne øgler, rundt 30 cm lange, men dei var svært sky og utruleg raske, så vi fekk berre korte glimt av dei.
Nokre av dei vi hadde snakka med før vi kom til meseta`en påstod at landskapet var flatt og frykteleg einsformig, at du k
unne sjå kvar du kom til å stoppe for dagen når du vakna om morgonen. Vi opplevde ikkje dette området som einsformig; gule, bølgande kornåkrar er ikkje daglegdags for ein sunnmøring, i tillegg vaks det mykje blomar langs vegen og raude valmuer i fleng innimellom kornstråa.

Og brått kunne det dukke opp ein liten pueblo rundt ein sving, eller jordhytter som såg ut som bustadhus, men som vi fekk forklart var bodegaer:)

Landsbyane låg med to til ti kilometers avstand, i einkvar liten pueblo eller villa kunne vi finne ein bar, der fekk vi setje oss i skuggen og kvile beina, og få oss noko kaldt og forfriskande å drikke. Pilgrimsherberga låg også ganske tett, så vi kunne velje kor lange dagsmarsjar vi ville gå.
På meseta`en møtte vi for første gong mor og
datter, Randi og Tonje, frå Skodje, ei anna sunnmørs-kommune. Vi traff på dei med ujamne mellomrom resten av tida, og hadde mange hyggeleg måltid saman med dei:) I løpet av ein dag var det gjerne slik at vi slo oss saman med to - tre andre vandrarar og gjekk og prata om mange ulike tema: Det var Anton frå Sveits som var levande oppteken av kultur og historie,

det var Juan frå Argentina som ville finne ut kva han skulle bruke livet sitt til,

det var Peter frå Belgia som hadde kjærleikssorg etter å ha brote med kjærasten, men som jammen fekk orden på forholdet undervegs, gjennom kontakt pr e-post:)
Så var det Adam og Cala frå Australia / New Zealand som skulle bruke 6 mnd på å reise rund i Europa og gjere seg kjent med dette kontinentet, dei starta Europa-opphaldet med å gå caminoen. Vi prata med mange fleire interessante og kjekke menneske frå store delar av verda, må nesten nemne Jean frå Andorra: 61-åringen gjekk caminoen for niande gong, sa han. Han forelska seg i ei norsk dame som heldt eit høgare tempo enn oss, og dermed såg vi ikkje meir att av han heller....
Sidan mange av landsbyane var så små at der ikkje var kafear eller restaurantar, fekk vi nokre stader kjøpe middag på herberget. Ein stad dekka vertinna langbord ute og serverte tre rettars til 50 personar kl. 20.00, og endå hadde ho tid til å få med seg ein heil flokk pilgrimmar til messe i den vesle landsbykyrkja kl 19.00.

Etter to veker på caminoen, med rundt 350 km i beina, var det ikkje fritt for at det dukka opp "vondter" av ulike slag. Frå å ha vondt i ei storetå dei fyrste dagane, enda eg opp med manglande følelse i alle tærne. Anklane og innsidene av leggane, derimot, kjende eg VELDIG godt! Min kjære mann sleit med hevelse og smerte i eine leggen i tillegg til nokre store blemmer på begge vesletærne.

Nokså vanlege plager langs caminoen, vil eg tru, men det var desse plagene som ga oss ei oppleving som der og då arta seg som eit møte med englar:
Vi sat motlause med verkande bein på ein busstopp og lurte på om vi skulle gi oss for dagen då det svinga o
pp ein bil på sida av oss. Ut kom to blide spansktalande damer og lurte på om vi ville ha fotmassasje. Ja, vi spurte kva det ville koste oss, men det var GRATIS, damene hadde ikkje tid til å gå heile caminoen sjølve, derfor hadde dei sett av ei veke der dei køyrde rundt langs pigrimsruta og tilbaud hjelp til trengande pilgrimmar. Den eine dama hdde plukka urtar i fjella rundt Barcelona og laga olje som ho meinte var til god hjelp for vonde bein, den andre dama var utdanna lege frå Santiago de C.

Etter nærare ein time med fot- / beinmassasje var vi klare for nye mil igjen, så vi kom oss dit vi hadde planlagt den dagen også. I tilleg
g fekk mannen min råd om å halde den vonde leggen høgt når han kvilte, noko som faktisk var til god hjelp.

På vegen mellom Burgos og Leon passerte vi halvvegs mellom Saint Jean Pied de Port og Santiago de Compostela, i alle fall i følgje Cicerone-guiden min: Calzadilla de la Cuesa ligg 380 km frå begge
stadane:)