søndag 28. august 2011

Helgetur

Vi stakk av heimanfrå denne helga, saman med svigermor som fylte 88 år i går tok vi oss ein tur til Romsdalen.

Først besøkte vi Woldstad Gård i Isfjorden. Der har dei innreidd fjøset på garden til eit flott lokale som kan brukast til mange ulike formål. Der er gardsbutikk med både brukthjørne, gardsprodukt og handarbeid.

fuglpage

handarbeidpage

grødepage

Der arrangerer dei selskap, og akkurat no er der kunstutstilling med biletkunstnaren Gunn Nordheim Morstøl.

kunstutstillingpage

Absolutt verd eit besøk!

Middag og overnatting vart det i Isterdalen på Trollstigen Gjestegård

Jibberstur 029

mellom desse majestetiske fjella.

Jibberstur 024

Jibberstur 025

Jibberstur 027

Diverre forsvann dei etterkvart i tåkeheimen, vi fekk også ein god dose regn, men det toler vi…..

mandag 22. august 2011

Det hele kongeriget

- heile tolmodet mitt………..

-ei utfordring eg ga ei av kollegaene mine som skulle verte tante – og som sende utfordringa i retur til meg………..

Eg var sjølv inne på denne bloggen

http://www.greasy.com/nittineedles/shetland_shawl_free_pattern.html

og fann oppskrifta. Tynn alpakka vart innkjøpt før vi tok ferie og eg kunne sette i gong å strikke.

Starten var enkel: Rillestrikk, tre maskar som skulle aukast ut, ein i kvar omgong til 123, for så å felle ein kvar omgong til eg hadde eit kvadrat som danna midten på teppet.

David og fedig kongerige 029

Så var det å plukke opp maskar langs ei side om gongen og strikke “havskum” i 60 omgongar.

David og fedig kongerige 030

Når dette var unnagjort starta tolmodsprøva: Blondekanten rundt teppet

David og fedig kongerige 033

- 140 “taggar”,

David og fedig kongerige 038

35 på kvar side, David og fedig kongerige 036

ein “tagg” utgjer ti omgongar.

Det er ikkje eit veldig vanskeleg teppe å strikke, mønsteret er lett å følgje, men det krev konsentrasjon og teljing så eg kunne berre strikke når eg var åleine.

Det gjekk med vel 400 g tråd.

David og fedig kongerige 028

Eg kom meg gjennom utfordringa og i morgon kan eg overlevere teppet til den stolte tanta så ho får gi det vidare til barnet, Henrikke, som alt er fødd :)

David og fedig kongerige 041

Det skal mykje til før eg set i gong med eit slikt prosjekt igjen…….

mandag 8. august 2011

Klimaflyktningar

Når gradestokken ligg jamt rundt 12 grader

Trollstigen 20.07.11 065  og skodda heng tungt ned over fjella – dag ut og dag inn -

Trollstigen 20.07.11 066

kan sjølv den mest standhaftige bli vêrsjuk.

Då er det greitt å kunne sette seg i bilen og trille austom fjella for å kjenne korleis ein kan ha det i juli månad.

Vi måtte faktisk heilt til Hedmark før skodda sleppte taket – og då var turen kort over grensa til svigerinna mi som bur i Eda, Sverige.

Austover - og besøk 001

Austover - og besøk 005

Der var sol og der var badetemperaturar – også for dei kresne:)

Austover - og besøk 007

Vel opptina kunne vi svinge innom til ferske hytteeigarar i Drøbak

Austover - og besøk 016 Austover - og besøk 020 Austover - og besøk 018

Dei hadde ikkje lege på latsida dei siste vekene, og hadde slett ikkje tanke for bading, men vi måtte sjekke badeforholda i Drøbaksundet, før vi besøkte Marte og ungane i Oslo.

Austover - og besøk 023

Austover - og besøk 021

Ein halv dag gjekk med til plasking i herleg oppvarma Oslofjord ved Ingierstrand, før vi  reiste inn til sentrum for å sjå og kjenne på den spesielle stemninga etter hendingane der og på Utøya.

Austover - og besøk 039

Marylin hadde med roser og ho hadde mange spørsmål om det som hadde hendt.

Oslo julipage

Tre dagar med sommarvarme var vel verdt to dagar i bil, vi kom heim opplada av solenergi:)

Og bilete frå all badinga er  berre å gløyme; kameraet mitt toler ikkje vatn - og eg trivst ikkje framfor kameraet når eg har på badekle…..