tirsdag 26. januar 2016

Småstrikk

I helga feira vi eittårsdagen til Oskar. Familieselskap med god stemning, fine gåver og god mat.
Hovudpersonen var nok litt forvirra over alle gåvene, men tok elles alt oppstyret med stor ro.


Det var fint med lys på kaka


Og så var det kjekt å sparke ballong saman med Oliver og Bestefar.



Oskar har akkurat begynt i barnehage og hadde bruk for nye tjukkelestar og ein varm ullhals.
Slike oppdrag passar Besta godt, det vart ein liten stjernehals i Drops extra fine merino
- for den ulla klør minimalt.




Så har eg strikka mitt første par med selbuvottar, ikkje til eittåringen, men til Osloguten min som frys på fingrane i Austlandskulda.





Eg har hatt planar om å prøve meg på slike vottar, så dette var eit passe spark for å kome i gong, og rett kjekke var dei å strikke.  Pakken vart sendt måndag, så i morgon reknar eg med at dei er framme hos mottakaren.


mandag 18. januar 2016

Så vart det skitur - i full mundur

Det vart så pass med snø  denne vinteren også at eg kunne grave fram bortoverskiparet og få prøvt det noko nostalgiske skiantrekket mitt.


Tove og eg avtalte å ta oss ein tur til Leikongsætra på søndag, og der var det gode forhold, og mykje folk i løypene.


Det er ikkje mange plassar i nærområdet at det veks sjølvsådde furutre, men det gjer det på Leikong, og med eit fint snølag på greinene var dei eit vakkert syn.



Skianorakk og nikkers er veleigna til turgåing, under hadde eg sjølvsagt ull, først eit lag med tynt undertøy, og så ein tynn strikkagensar. Etter ein kjekk tur i unnabakke ned til skulen på Leikong, vart det godt og varmt på veg oppover bakkane igjen, det var ikkje fritt for at det lukta våt ull.


Eg fekk ikkje "prange" med strikkahosene, for i laussnøen var det nødvendig med gamasjar, men hosene passa fint, og det same gjorde vottane. No har eg fått ferdig hue med flettemønster også, 


men som Tove seier: Det kan verte for mykje i same stil, så det var vel like greitt at eg brukte ei av dei andre huene mine ut på tur.


torsdag 14. januar 2016

Bloggeåret 2015 i bokform

Fjorårets utgåve av bloggeboka kom i posten i dag, den handlar mellom anna om Oskar som kom til verda for snart eitt år sidan.
Det er like stor stas kvart år å få føye til ei ny bok i samlinga, dette er den sjuande utgåva.



Nokre detaljar rundt desse bøkene irriterer meg, t.d. alle skrivefeila, men når ein skriv innlegg på ein liten mobil er det lett å treffe bokstaven ved sidan av den eg skulle treffe, og ikkje alle desse feila blir fanga opp når eg berre har den vesle mobilskjermen til rådvelde under "korrekturlesinga".



Ein annan ting som gjer meg litt irritert er at eg ikkje får velje kor stort kvart enkelt bilete skal vere. Når eg redigerer på bloggen vel eg alltid ekstra stort bilete, men når boka blir trykt, så er det tilfeldig kva for nokre av bileta som er store og kva for nokre som er små.



Det som er fint med denne siste boka er at eg kunne velje ny side for kvart nytt innlegg, om teksta til eit bilete då kjem på feil side får eg vel berre bere over med.

No er boka her i alle fall, og til saman begynner bloggebøkene mine å vise att i bokhylla, ei bok i året frå 2009 til 2015:)


onsdag 13. januar 2016

Ditto vottar

Når hosene vel er ferdige og eg har meir tråd att, kva er då meir naturleg enn å strikke eit matchande vottepar?


Utan oppskrift her også, berre å prøve seg fram med masketal og strikke dei passe lange. Eg har berre fått ferdig ein vott foreløpig, men i morgon har eg nok heile paret.


Eg er spesielt fornøgd med fletta på tommelen.


tirsdag 12. januar 2016

Juleselskapet 2015

Eg kavar noko forferdelig med lagringssystemet av bilete på macen min, eg forstår ingenting av det heile, dei fleste bileta ligg på Iphoto og kan ikkje lastast inn på bloggen, det er vanskeleg å redigere bileta, og om eg trur eg har sletta dei, så dukkar dei opp att likevel.

No har eg forstått at eg må ta dei direkte frå kameraet mitt og inn på pictures, så kanskje det kan bli betre biletkvalitet på bloggen min igjen. Korleis eg skal få overført alle dei som ikkje ligg på pictires er meg eit totalt mysterium.

Men no har eg i alle fall sikra nokre av dei siste bileta inn på rett lagerplass, så no kjem eit "broket" utval av glimt frå familiejuleselskapet vårt, der berre dei næraste kjem, dei som har høve til å møte, vel og merke, jula 2015 var vi 72 nære familiemedlemmer samla.

Heile selskapet, ikkje lett å få alle til å sjå på kamera:



Marte og Karsten.


Blinkestolleiken.


Mingling.


Laura, Oskar og Petter.


David har funne seg ein fredeleg plass.

Michael med ein pust i bakken - eller på bordet.


Karane diskuterer.


Innsats på kjøkkenet.


Siv og brorane med fruer.


Ooops, dette biletet får eg skjenn for å ha lagt ut :


Ungdommane som snart må bestemme seg for å verte vaksne:)


lørdag 9. januar 2016

Hosespøting

Om det skulle slumpe til å legge ned så pass med snø at eg får prøve skia i år, så har eg utstyrt meg med gammaldags fjellanorakk og nikkers. 






Utstyret i orden, med andre ord, bortsett frå i frå knea og ned, eg kan ikkje akkurat gå berrlegga i kulden.
Eg rota litt i trådsortimentet og fann nokre buntar med Drops fine merino, og tenkte at det får duge. Det var vanskeleg å finne ei passande oppskrift på strømper i så tjukk tråd, så då var det berre å prøve seg fram.

Fyrste hosa vart ferdig i går, ho sit godt på foten og oppover leggen, så eg synest eg traff bra.




Det hadde sjølvsagt vore kjekt med hoser i to fargar i eit fint mønster, men alle dei mønstra huene eg strikka før jul tok knekken på høgre hands tommel, så no er det berre einsfarga som gjeld ei stund framover.


søndag 3. januar 2016

Godt nyttår

-->
Eit nytt år har begynt. Vi har feira inngangen på tradisjonelt vis med familiemiddag og -kos og litt smelling av fyrverkeri. 





Like tradisjonsrikt er snart nyttårsbadet, der nokre ihuga eldsjeler møter opp på Vollesanden på føremiddagen, bygger bål og set opp lavvo, når så vi andre kjem sigande i totida, er det klart for sauna i lavvoen, med varme steinar frå bålet som vi skvetter vatn på slik at det blir fullt av varm damp inne . Når vi så har fått nok, spring vi uti sjøen for ein foriskande dukkert før ei ny runde med damp. Etter tre runder er varmen frå steinane oppbrukt, og vi er fornøgde med nyttårsbadet.


I år fekk eg med Tove på moroa, så lenge ho får varme seg opp før turen ut i sjøen, er det gode greier, seier ho.




Så har dei fleste av dei som ferierte saman på Koster i sommar fått tid til eit treff med utveksling av bilete, og sjølvsagt måtte dei spele Varulv. Denne gongen passa dei på å få det dokumentert også.