lørdag 28. februar 2009

Tova strikkakjole

I Ulsteinvik har vi fleire garnbutikkar, den eine, Hasund strikk og bruk, tilbyr ferdige strikkaplagg i tillegg. Eg vart forbausa over prisen på desse strikkaplagga, 350 kr for ein mjuk og god ferdig tova kjole er billeg! No har eg gjort meg nytte av dette tilbodet ved eit par høve.

I desember kjøpte eg ein herleg raud kjole til veslejenta i Oslo, sjølv tok eg meg av småplagg som ho brukar saman med kjolen, som tøfler, vottar og nissehue. Eg har sjølvsagt bilete av henne i stasen, men må spørje foreldra om lov før eg legg ut noko bilete her. (Bloggen min er nemleg ikkje noko eg har fortalt borna mine om enno:))

Etter kvart fekk eg lyst på ein gul kjole også til veslejenta, det er absolutt yndlingsfargen til mammaen. Då var det berre å ta seg ein tur til uthuset ved Krukkehuset og bestille kjolen akkurat slik eg ville ha han.
I går fekk eg ein sms: "The kjole is ready", og sjå berre kor fin han vart...........

Dette biletet som eg tok utandørs yter ikkje gulfargen rettferd,
så her er eit bilete til, teke i sofaen denne gongen.




Liv, som eig og driv Hasund strikk og bruk, fann fram nokre utruleg søte knappar som eg kunne sy på kjolen som ein skikkeleg prikk over i-en.
No skal eg ein tur på posten og sende kjolen, så får eg vel eit bilete av prøveseansen om nokre dagar:)

fredag 27. februar 2009

Fornøgd med resultatet

Når eg strikkar for toving i maskin har eg funne ut at eg kontrollerer det endelege produktet best når eg bruker Vamse frå Raumagarn. Det gjekk bra denne gongen også, etter ei runde i vaskemaskinen på 30 grader, er vottane no passe store til dei som skal ha dei på seg.

Dei grøne










skal verte gode å ha på når det er snøballkrig på gong......

Dei blå, som er til slalomkøyraren, passar også fint når snøklokkene i hagen til Besta skal gravast fram:



Vottane er elles strikka for å matche nokre tjukkelestar med rullekant som eg fekk idéen til i eit oppskrifthefte frå Regia:






Eg synest hageskorne mine fekk seg eit skikkeleg "løft" når eg putta eit par rullekantlestar opp i dei, kanskje dei passar like godt til handlerunda som til utearbeid?


I det fine veret var det fristande å knipse fleire bilete














Neste steg i bloggverda mi blir å finne fram til eit redigeringsprogram og kanskje gjere bileta og heile bloggen penare.










mandag 23. februar 2009

Illustrasjonar

No skal vi sjå om det kan bli litt farge og bilete på bloggen min...
Eg har etter kvart funne batteriladaren til fotoapparatet så eg fekk teke bilete av dei grøne vottane











Når eg berre har fått strikka ferdig eitt par til, skal eg ta stoppenåla fatt og feste endar på både
desse og resten av bunken før eg puttar dei i vaskemaskinen for toving.




Då skal vi nok halde oss varme på hendene både Besta og borneborna.

Det blir nok eit par bilete av vottane etter tovinga også, enten den prosessen blir vellukka eller det motsette. Eg har etterkvart fått såpass erfaring at eg trur strikkegarnet eg bruker reagerer slik eg vil, men eg må vedgå at eg har fått nokre leie overraskingar av og til.

I morgon reiser eg til Oslo for å vere Besta til veslefrøkena som bur der, ho veit godt at eg er glad i garn og strikkepinnar, her eine dagen vi hadde oss ein prat i telefonen spurde ho meg:

"Hva gjør du, Besta, strikker votter?" , og jammen fekk ho rett!

tirsdag 17. februar 2009

Endeleg har eg fått sett meg godt til rette i sofakroken, klar til å strikke ei lita stund.
Kva eg strikkar?
For tida går det i vottar som skal tovast, så blir dei varme og gode å ha på seg neste gong vinteren gjer ein lynvisitt i vårt hjørne av verda.
Kven somskal bruke vottane?
Det skal dei to eldste borneborna mine, eldstemann skal snart på vinterleirskule på Dombås, då kjem nok både vottane og tjukkelestane frå Besta til sin rett.
Nummer to i rekkja av borneborn er ein flittig gjest i slalombakkane innom fjorden, han ønskjer seg også gode, varme vottar som han kan ha på seg når han susar ned dei bratte bakkane.
Så no skal Besta i gong med eit nytt par, grøne denne gongen. Og når dei er ferdige har eg lovt meg sjølv at eg skal ta meg tid til å lære korleis bloggen min skal få seg nokre illustrasjonar til alle orda.

torsdag 12. februar 2009

Vinter i vest

Så herleg med all snøen som har lava ned dei siste dagane! Godt å kjenne den boblande gleda når eg ser snøflaka kome dalande ned. Det gir gode assosisajonar til barndommen og dagar fulle av leik i alt det kvite. Det var så mykje å finne på: Lage snøballykt, trakke opp fine mønster over dei slette flatene på markane, hoppe i små snøfonner, skiturar, og å våge å sette utfor bratte bakkar der ein eigentleg ikkje var sikker på å kome seg velberga ned.


Alle desse gode minna lokka meg ut av godstolen og på med skia i ettermiddag. Eg har skaffa meg eit par smørefri ski, det passar best for meg sidan eg berre kjenner til "sølvswix" som skismøring. Men i dag var visst ikkje dei smørefrie tingen. Først trakka eg meg gjennom upløygd mark, så, når eg endeleg kom inn i oppgådde løyper, kladda snøen seg i høge klumpar under skia, det var som å gå med høghæla sko, ein kunst eg slett ikkje meistrar.

Men god trim var det, og godt å vere ute i alt det kvite. No kan eg kose meg med tekoppen og kjenne at "skimusklane" har vore i bruk ei lita stund.