onsdag 29. april 2009

Pilgrimbesta 1

VI er alt i full sving med å legge planar for sommaren, mannen min og eg. Vi har eit prosjekt vi må fullføre, nemleg. Eit prosjekt som vi nok aldri blir heilt ferdige med, eit prosjekt som inneheld uendeleg mange inntrykk og opplevingar, eit prosjekt som vi ikkje er komne heilt i mål med......

Sommaren for to år sidan var vi pilgrimmar i Spania, vi hadde 30 dagar på oss til å gå den nesten 800 km lange pilgrimsruta frå Pyreneane i aust til Santiago de Compostela i vest: El Camino de Santiago de Compostela.

Før vi la i veg hadde vi trena heime, siste vekene også med fulle sekkar, for å vere best muleg førebudde på strabasane vi rekna med å møte på vegen. Det viste seg fort at det ikkje er så lett å tenkje seg kva slags problem som kan oppstå, sjølv om det er visse ting som kan førebyggast. Å gå inn skorne på førehand bør ein i alle fall klare.

Å pakke sekken er også ein kunst, det er ikkje lett å legge att heime alle tinga ein trur ein MÅ ha med, vi møtte mange som sende avgarde halve oppakninga, enten heim eller til postkontoret i Santiago, fordi det vart for tungt å bere. Ferdig pakka vog sekken min10 kg , men sidan der var mange reimar på utsida, var det muleg å henge på litt meir undervegs.
Sjølve fotturen begynte vi på den 24. juni. Då hadde vi i løpet av fire dagar køyrt omlag 3500 km heimanfrå til den vesle byen Saint Jean Pied de Port på den franske sida av Pyreneane. Der fekk vi plassert bilen på langtidsparkering, skaffa oss pilgrimspass, og mange gode råd for vandringa.


Det vart ein tøff start, strekninga vi skulle gå var ikkje stort lenger enn 20 km, men vegen, som blir kalla Napoleonsruta, gjekk over fjellet, vi starta knappe 200 m.o.h, høgste punktet låg på omlag 1400 m, og endepunktet for dagen, Roncesvalles, ligg på ca. 800 høgdemeter.

Veret var så som så, med skodde og regn store delar av vegen, men det klarna då vi passerte grensa mellom Frankrike og Spania, så det siste stykket kunne vi varme oss i solskinet.
Eg har lyst til å skrive meir om pilgrimsturen vår etterkvart, men trur det held med dette som ei innleiing.

fredag 24. april 2009

Fryd og glede for eit morshjerte.

Eg vedgår med ein gong at eg har eit noko spesielt forhold til bøker. Det er nesten slik at eg ikkje kan lese ei bok dersom eg ikkje eig ho, medan eg gjerne kan eige bøker som eg enno ikkje har lese:)

Gjennom åra har det vorte nokre bokkjøp, både etter besøk i bokhandlar, ved medlemsskap i ulike bokklubbar og på nettet. Eg samlar på bøker, det vere seg fagbøker, reisehandbøker, biografiar, hobbybøker, barnebøker eller romanar. Det einaste eg ikkje bryr meg noko særleg om er krim. Bøkene mine samlar eg i bokhyller over det meste av huset; i stova, i gangen, i trappeoppgongen og på arbeidsromet.

Dei eg bur saman med forstår ikkje denne trongen eg har til å omgi meg med bøker og trugar med jamne mellomrom med å kaste dei ut, eg går straks i forsvarsposisjon og proklamerer at forsvinn bøkene så forsvinn eg saman med dei!










Eg var ivrig høgtlesar for borna mine då dei var små, men etter at dei vart lesekyndige sjølve, har dei ikkje slukt mange bøkene, i alle fall ikkje dei to yngste. Det var difor litt av ei overrasking ein kveld i forrige veke,eg henta veslejenta mi som hadde vore på kjærestbesøk. "Gjett kva eg har lånt med mor til kjærasten min", sa ho, "ei bok!".

Og ikkje kva som helst slags bok heller! Ho hadde nemleg lånt den siste boka eg har kjøpt
- og lese sjølv: Señor Peregrino av den cubansk/amerikanske forfattaren Cecilia Samartin.

I boka følgjer vi parallelt historia til ei ung meksikansk jente, med eit stygt fødselsmerke som gjer livet vanskeleg for henne, og ein spansk mann som saman med ein venn legg ut på ei pilgrimsvandring gjennom heimlandet sitt. Desse to, den unge jenta og den etter kvart gamle mannen, møtest i USA og blir gjensidig avhengige av kvarandre.....
Boka har fått mykje god omtale, og for meg som aldri får El Camino de Santiago ut av systemet etter å ha gått mesteparten av pilgrimsvegen saman med mannen min for to år sidan, er ho eit funn.
OG DENNE BOKA HAR VESLEJENTA MI PÅ 16 ÅR SNART LESE UT PÅ EI LITA VEKE!
DET GLER EIT MORSHJERTE:)

tirsdag 21. april 2009

Sveler - også tradisjonsmat

Her er Luca på 12 årsdagen sin med ei svele i handa.
Sveler er absolutt noko av det han likar best, særleg Besta sine sveler, ja, han likar dei faktisk så godt at då han var liten så var han bekymra for at sveleoppskrifta skulle gå tapt, og kom med følgjande uttale (som han har fått høyrt eit utal av gongar sidan):
"Mamma, du må skunde deg å få oppskrifta på sveler før ho Besta døyr!"

No er ikkje mora hans av dei som forhastar seg med slike ting, så eg tenkte at det kanskje kan vere lurt å legge oppskrifta ut på bloggen min, så blir ho teken vare på for ettertida:


BESTA SINE SVELER:

6 egg og ein liten kopp sukker / fruktose, piska til eggedosis,
1 l kefirmjølk, og gjerne ein skvett fløyte eller rjome,
1 l kveitemjøl,
1 ts av kvar: bakepulver, natron, hjortesalt og vaniljesukker.
Eg er så heldig at eg har steiketakke, så eg kan steike fire til fem sveler om gongen. Etter tradisjonen bruker vi smør og sukker på svelene, men dei smakar også godt med jordbærsylte eller brunost.

mandag 20. april 2009

Jag vil tacka Finland ....

... som gitt mig Kerrtu-sokken .......

- i alle fall så er oppskrifta finsk.
No har eg strikka så mange par at eg har mønsteret i fingrane om eg skulle få lyst til å lage fleire. Eg sette i gong med litt sterke fargar,











men favoritten vart naturkvit.

søndag 19. april 2009

Detektivbesta

Kva har skjedd heime hos oss medan vi var på øyatur?
Ein stol stilt inn til oppvaskbenken!

Opa skapdør?O´boy-boksen midt på kjøkkenbordet!
To Ikea-plastglas med eit brunt stoff i ved sida av o´boy-boksen

Aha! Kan det vere to sjokomjølk-elskande smågutar som har hatt seg ein ulovleg tur på besøk til bestaheimen? MATEO! OLIVER! VAR DET DOKKE TO SOM VAR HER?

To fødselsdagsborn på same dag

I dag har vi to fødselsdagsborn i familien: Luca,
den eldste av borneborna fyller 12 år. Han er lidenskapeleg skatar for tida, så det han ønskjer seg i presang er pengar til nytt skateboard med truckar og hjul. Så skal eg steikje sveler, for det er favoritten hans.

I tillegg har ein svoger, mannen til veslesystra mi, stort jubiléum: 50 år.
Han har søkt tilflukt på hytta som ligg på den vakre øya han vaks opp på, Hatløya. Men vi har jo båt, og ein svipptur bortom med ei kake skal vi vel få til:)
Han må jo også få sin favoritt, "John-kaka" heiter ho i omgangskretsen vår, før kalla vi henne nøtterull eller banankake.

Det er ei rullekake med nøttebotn

piska krem, blanda med mosa banan, er fyllet vi smører på botnen før vi rullar han saman
Så er det berre å smøre eit tynt lag med krem på toppen
og raspe sjokolade opp på der igjen, greitt for meg som ikkje er så flink til å pynte kaker.


No kan eg melde om "Mission completed", kaka er levert og jubilanten fornøgd.


Vi nytta høvet til ein rusletur på øya for å ta inn våren der borte, vakkert og fredeleg!

Til lukke med dagen, John, kos deg saman med kjerring, born, borneborn og "svigerborn" på øya di!
















Pedagogisk Besta?

Eg likar godt å gå i bokhandlar og kikke på bøker og andre ting som dei har der. Det hender rett som det er at eg blir freista til å gjere eit lite innkjøp også, slik som ein dag i påska, eg fann nokre "pedagogiske" bøker om teikning og tal som eg tenkte at dei minste borneborna mine kunne ha nytte av. (Kanskje ein smule overivrig lærar-besta...)
No er eg så heldig at eldstejenta mi med familie bur så nær at til og med Mateo og Oliver kan gå hit på besøk åleine:) I dag kom dei på Bestabesøk, og då oppdaga dei nyinnkjøpet mitt.
Bøkene er laga slik at ein skal øve seg på teikning og skriving, det følgjer med ein tusj som ein kan teikne rett inn i bøkene med, og så kan ein fjerne teikninga med ein tørr papirserviett etterpå, ganske upraktisk, viste det seg, det var omtrent umuleg for små barnehender å kome til utan å legge handbaken ned på det dei hadde teikna alt, og dermed forsvann det. Men gutane syntest no det var kjekt ei stund i alle fall.

Oliver la i veg med talskriving,

medan Mateo konsentrerte seg om å teikne dyr
Eg er usikker på kor mykje lærdom som ligg i det å følgje stipla-linjer med tusjen, men takka vere denne imitasjonen teikna Mateo ein aldeles herleg andunge,
og veslegrisen vart no ganske skjønn den også, ikkje sant?

mandag 13. april 2009

Kvardag igjen

Så er høgtida over, påskegjestene er reiste og ein må begynne å tenkje på jobben igjen.
Men alle dei gode minna må også få lov til å feste seg. Det var koseleg med familiepåske:)
Eg skulle ha vore flittigare med fotoapparatet, sjølv om eg synest eg har fått lagra litt av det som gjekk føre seg på minnebrikken.
Den siste feriedagen skal utnyttast, i dag har eg tenkt berre på meg sjølv: Gått på fjellet og kosa meg i sola,
- eg har begynt å strikke lestar med Noro-garnet (kjøpt på nettet frå USA og betalt dyr toll for) enda eg ikkje er ferdig med alle Kerrtu-sokkane som eg hadde planar om å strikke
- og eg har sett gjennom bileta frå påska. Det vart sjølvsagt ein del Marylin-bilete:
- I gule-kjolen
- I leik med Sienna


- På tur saman med Mateo og Oliver

- Det fyrste forsøket på å sykle på tohjulssykkel

Og så fekk et foreviga påskeegget som storesystera til Marylin (bonusbarnet mitt) fargela så fint 1. påskedag.








fredag 10. april 2009

No livnar det.....



På kveldsturen min i dag tok eg med fotoapparatet for dokumentere kva temperaturar over ti grader gjer med naturen i april. Det er heilt ufatteleg at i løpet av nokre få mildversdagar så er vårteikna her overalt!

Kvitveis (kvitsymre)


........kusymre




.... og gåsungar i fleng!

Det var litt i seinaste laget, i ferd med å skumre, men eg klarer ikkje å halde meg, må berre få dele våren med alle som enno trakkar i snø.
Ta imot våren, her kjem han!