tirsdag 7. april 2009

To liter mjølk

Det er merkeleg korleis to liter mjølk med utgått dato kan få ei Besta i aktivitet. Særleg når ho går og ventar medan påskegjestene sit i bilen på veg frå Oslo. Her i huset er det slik at når datostemplinga tilseier at ei matvare er ubrukeleg, så er det ingen som vil ha denne vara, same kva det gjeld. I dag stod det brått to liter mjølk med utgått dato i kjøleskapet, eg likar ikkje å tømme ut så mykje godt brukbar mjølk, så her vart det bakedag. Først bollar, ein diger haug:
Deretter grove rundstykker med valneter i, dei vart luftige og gode, så no kan eg angre at eg ikkje har oppskrifta, dei vart laga på slump etter det som fanns i kjøkkenskapet.
No er gjestene på ferga, snart har vi dei her, og kanskje har dei lyst på litt nattmat etter den lange køyreturen.
Eg håper det skal smake med rundstykker til kyllingsalaten.

2 kommentarer:

  1. Så flink du er!!! Så heldige dem er som har deg til Beste, kommer fra Oslo og blir ønsket velkommen med all denne gode og fine maten som strutter av velkomst og kjerlighet.(Selv om noen av ingridiensene har utgått dato)miljøtenkning på sitt beste det.
    Kos deg videre i påsken!!!

    SvarSlett
  2. Veit du...
    Eg hadde Sebstian på fanget her. Eg skulle vise han bilda frå fjellet. Plutseleg fekk han auge på bollane på bloggen din. Han sa at han ville ha slike han også:-)
    Dei ser nydelige ut, både dei, rundstykka og pastasalaten. Kjende faktisk at eg vart svolten:-)

    Nyt tida saman med barnebarna...deilig ikkje sant?

    SvarSlett