torsdag 9. april 2009

Familietur

I dag fekk eg med meg tre døtre, to svigersøner og alle seks borneborna på tur. Målet for turen var ei lita tue av eit fjell ikkje så langt frå ytterdøra vår; Stemnehornet, ein liten, koseleg furukledd fjelltopp. Når små føter skal ut å gå er det greitt at ein ikkje legg opp til for lange turar. Vi la i veg med friskt mot, og det tok ikkje lange stunda før dei små føtene var slitne. Då var det godt at Luca er sterk og orkar å bere vesle Marylin på skuldrane sine eit stykke på vegen, så vart ho så utkvild at etterpå tok ho like godt leiinga saman med dei to andre småfolka, Mateo og Oliver.



Fotoapparatet var flittig i bruk, det var unekteleg mange rare positurar som vart foreviga, frå Luca som var heilt inntulla i lerkegreiner, via ein svigerson-bak som kom stikkande ut mellom trea, til Besta hengande som dovendyr i ei buskfuru

På det høgste punktet var det rast med kakao og appelsin- og eplebåtar. Luca fekk ein heil jobb med å skrive alle namna inn i boka som eit idrettslag har lagt ut, medan vi andre måtte prøve om buskfurene var like gode gynger som då dei eldste borna mine var små.









Å klatre i tre var kjekt både for store og små, til sist sat omtrent halve gjengen i det same treet, reine familietreet vart det:)
Vel heime igjen serverte Bestefar eit herleg måltid med lettsalta torsk som han hadde fiska i går, alle var svoltne etter å ha vore fleire timar ute i frisk luft, så det var ingen sure miner sjølv om det var fisk.

1 kommentar:

  1. Høgt og lavt og overalt, akkurat som det skal vere. kjekt å få "vere" med familia di på tur:-)
    Trur nok at det er ei besta som kosar seg ekstra i påska ja.

    SvarSlett