onsdag 29. januar 2014

Strikkekafe

Sist måndag arrangerte den lokale avdelinga av norske kvinners sanitetsforening strikkekafe på bedehuset i bygda vår. 
Eit kjekt tiltak, mange strikkande damer i ulike aldrar møtte opp.
Sainitetsforeninga er ein ideell organisajon som jobbar for lokalmiljøet, mellom anna leverer dei heimestrikka babysokkar til helsestasjonen, slik at dei igjen kan dele ut eit par varme sokker til alle nyfødde born i kommunen vår:)
Det blir nokre sokker det i løpet av eit år, så på strikkekafeen fekk vi oppskrift, ja, dei som trende det fekk tråd også, slik at vi kan hjelpe til med sokkestrikkinga.


onsdag 15. januar 2014

Årsoppgjer

Eit nytt elendig bloggeår for min del er omme. Eg gjorde eit febrilsk forsøk på å kome i gong igjen i januar i fjor, men gløden og interessa var ikkje sterk nok. Likevel kjenner eg at eg ikkje er moden for å avslutte livet som bloggar,  eg vil veldig gjerne ha ei bloggebok frå året som gjekk også, same kor tynn og lite oppdatert ho er.
Men før eg kan sende inn ei bestilling på ny bok, må eg lage litt innhald frå året vi har lagt bak oss.

Mor vart nitti år i februar, det har eg skrive om her. Ho var så dårleg i vekene før fødselsdagen at vi frykta at ho ikkje ville få oppleve nittiårsdagen, men det gjorde ho, og no, ein knapp månad før ho fyller nittiein er ho sprekare enn på lenge:)



I mai vart den nest eldste av borneborna våre, Anthony, konfirmert, då var vi samla nesten heile familien til fin feiring av ein flott gut!




I juli ferierte vi som storfamilie i Galicia, Spania. Der hadde vi gode dagar med badeliv, god mat og byturar. Svigerforeldra til eldstejenta vår, Tove, diska opp med den største paellaen eg har sett, i tillegg er det også den beste paellaen eg har smakt:)











Vi var i bryllup i august, mor haldt ut gjennom heile middagen, ho var så flott den dagen at eg må ha med eit bilete av henne saman med brudeparet.




I august fylte svigermora mi nitti år, dagen hennar feira vi med brask go bram på Aleksandra hotell i Loen i september.












I oktober var eg på tur til Krakow, Polen, saman med elevane mine, og mange av foreldra deira. Ein tur der eg fekk godt høve til å verte kjend med både elevane og dei vaksne.



I november passa vi barneborn i Oslo, akkurat som året før, og utan å knipse eit einaste bilete.

Så kom jula, med familiesamling og kos.









Strikka har eg gjort, lestar i fleng, og litt vinterklede til dei minste borneborna, men det får kome i boka for dette året.