søndag 30. januar 2011

Besteforeldreprivilegie

I kjøkkenskapet vårt står det alltid ei nugattiboks, den er til borneborna:)Besteforeldreprivilegie 007

Mateo og Oliver er utruleg svoltne når dei kjem innom ein tur – fordi det er berre hos oss dei får dette søte, klissete pålegget.

Besteforeldreprivilegie 001

Dei er veldig tyrste også – fordi sjokomjølk, eller “nuboy” som dei kallar det smakar godt!

Besteforeldreprivilegie 005

I dag hadde dei seg ei lita kosestund ved kjøkkenbordet, men når Besta kom med fotoapparatet var ikkje Mateo heilt fornøgd med at bileta av han skulle ut på nettet. – Det er kanskje ein viss fare for at foreldra går inn på bloggen min og les om kosthaldet han har når han besøkjer oss……

Vi tek sjansen likevel – besteforeldra får ta støyten:)

Besteforeldreprivilegie 010

God søndag!

torsdag 27. januar 2011

Det var no utgjort også ….

….seier gamlefolket når ting ikkje går heilt slik dei hadde tenkt.
I dag seier eg også at det var no utgjort, for kva hender når eg skal gjere ferdig Shetland triangle sjalet som eg strikkar?

Shetland triangle 001

For lite tråd når eg er i gong med avfellings-omgongen! No må eg kjøpe eit nøste til,  berre for nokre skarve meter! Slikt passar dårleg for ein sunnmøring!
Shetland triangle 003

Det er ikkje lett å sjå korleis sjalet blir før eg har fått blokka det, men eg lever i håpet om at det blir like fint som dei eg har sett på Ravelry:)

Shetland triangle 008

 

Og eg har begynt på eitt til i same mønster, eg har nemleg ein plan…..

Shetland triangle 007

lørdag 22. januar 2011

Strikkeavhengig

For nokre veker sidan hadde Petrine ei herleg teikning som mange strikkeglade damer – og deira næraste kunne kjenne seg igjen i.

Untitled-1 copy

Eg måtte sjølvsagt kommentere, og var freidig nok til å spørje om eg kunne få bruke teikninga som logo for oss strikkeavhengige. Raus som ho er, Gunn, eigaren av Petrinebloggen, ga ho klarsignal for det:)

Så om du er like avhengig av strikkepinnar og –tråd som meg, så bruk gjerne teikninga på bloggen din du også. På venstresida mi er ei forminska utgåve.

Strikkeavhengige meg er no ferdig med påfuglsjal nr. 2.





Det vart ikkje fullt så friskt i fargane som eg ønskte, men eg blir i alle fall ein bleik kopi av ein påfugl når eg har det på, og kan bruse litt stolt med vengene:)

Påfugl med fargar 011

-Og ja, det finns mange fine oppskrifter på Ravelry enno, så no er eg i gong med eit Shetland triangle shawl….

Påfugl med fargar 013

God helg!

søndag 16. januar 2011

Syttitalsnostalgi

No når alle julelysa er fjerna er det urimeleg mørkt i heimen, dette prøver eg å kompensere for med å tenne mange stearinlys. I går var eg litt uvøren og plasserte kubbelysa for nær kvarandre på fatet, noko som førte til unødvendig søl. Men det var noko velkjent med dette “sølet”, det minte meg om tider som var: 70-talet, med stearinlys, gitarspel og visesong…..

70-tals 006

Hmm …. Besta mimrar visst……..

70-tals 003

Ha ei flott veke:)

“Olli – el mago”

Tenk at Besta har overnattingsbesøk av ein ekte tryllekunstnar!

Medan eg har hatt ein roleg og avslappa formiddag med strikkeriet i sofakroken, har Oliver jobba hardt og lært seg ein ordentleg tryllekunst – og han heldt ei eksklusiv framsyning berre for meg:)

- Sjå Besta, no skal eg ta dette lommetørkleet inn i handa mi……

Oli -el mago 001

- så ein magisk pust….

Oli -el mago 005

- voila – eit egg!

Oli -el mago 003

fredag 14. januar 2011

Peacock

På Ravelry kan ein finne veldig mange lekre sjal, det er lett å få dilla på denne typen plagg om ein er innom der og ser.
Eg er nok sterkt angripen av sjal-basillen for tida, når eg ikkje har meir sjølv-spunnen tråd som eignar seg til sjal, så er det jammen godt at det finns trådbutikkar i nærleiken:)
Ei av oppskriftene eg har kjøpt på Ravelry heiter peacock – eit passande namn, synes eg, sjå berre på blondemønsteret i nedste kanten av sjalet.

Peacock 006  Det er strikka i babysilk, 80% alpakka og 20% silke, deilig tråd å strikke av, men sjalet vart ikkje så lett som dei eg har strikka av min eigen tråd!

Peacock 012

Peacock 002

Eg synes naturkvitt er fint - og så passar det til det meste, men sjå tråden eg fann på Husfliden i Ålesund:  50/50 alpakka og silke:)

Peacock 018

Denne fargeblandinga berre ropte om få bli brukt til eit peacock-sjal. Og sjølv om prisen var dryg, vart det til at eg kjøpte med meg tråd til eit nytt påfuglsjal.

Eg gler meg til i morgon, laurdag, for då får eg endeleg sjå tråden i dagslys, eg kjem så seint heim om dagane at det er mørkt ute, derfor kan eg ikkje vere heilt sikker på at fargane er slik eg trur….

mandag 3. januar 2011

Frøken Frost


No slenger eg meg med i Frøken Frost-konkurransen til Moseplassen.
Biletet vart knipsa med mitt kamera av mellomste jenta mi i romjula, då vi hadde sol og minusgrader i fleire dagar i trekk, noko som er litt uvanleg på denne kanten av landet.

Saman med borneborna var eg ute og tumla i snøen, og ikkje kva som helst slags snø, nei, det var engelfjør-snø:)

Vi kunne plukke opp inntil fem centimeter lange “fjør” som i følgje borneborna mine smakte himmelsk!

Derfor heiter frostbiletet mitt

Frøken Englefjør.

Leik i snø og sjal 013

søndag 2. januar 2011

Jubiléumsbad

Start nr.1: I år har eg bada i sjøen kvar dag – men så er det berre andre januar i dag, då……

Jubileumsbad 003

Start nr.2: I dag er det eitt år sidan eg begynte å bade i sjøen kvar laurdag…

Faktum er at eg fekk masa meg til “medlemsskap” i ei lita gruppe med heilårsbadarar. Kjekke damer, opp til seks i talet, med mykje godt humør som møtest kvar laurdag kl. 9.30 for ein rask dukkert i sjøen:)

Jubileumsbad 009

Eg har ikkje fått til å vere med kvar laurdag, men eg har bada så mykje gjennom dette året at eg meiner meg fortent til tittelen heilårsbadar.På biletet under hadde eg klart å lokke med kompisen til svigersonen min til eit påskebad:)

Roppesanden i mars 014

I går var vi to som møtte opp. Sidan ei av badenymfene hadde gått i surr i vekedagane sende ho ut melding om bål og varm sjokolade i samband med bad i dag kl. 11.00,

Jubileumsbad 001

det høyrdest både koseleg og freistande ut, så då møtte vi to opp igjen.

Jubileumsbad 008 Det er faktisk meir forfriskande enn fælt!

Jubileumsbad 004

Så no satsar eg på eit godt badeår i 2011:)