søndag 29. november 2009

Tenk om

Tenk om vi steller oss slik at vi ikkje får oppleve dette:



Tenk om muligheita til å gå ut den kalde, friske lufta og nyte dei lette snøfnugga som dalar ned vert borte!


Tenk om den globale oppvarminga fører til at årstidene forsvinn!



Tenk om kvar enkelt av oss kan gjere vårt for å ta vare på den fantastiske planeten
vi bur på!

Ha ein fortsatt fin første søndag i advent.


fredag 27. november 2009

Juksar eg???

Ja, når eg vil ha J-lyden som min J i Abc-leiken?
J-lyden kan skrivast med ulike bokstavar, dermed gir det meg fleire alternativ å skrive om.

Hjerte
til dømes


.......... eller gevinst. I min barndom sa vi faktisk gevinst med j-lyd.
Kvifor eg absolutt vil bruke det ordet?

Jau, fordi eg er så heldig å ha motteke ein GEVINST denne veka:)
Eg gjetta nemleg rett i ein gjettekonkurranse hos Villmarkstausa, og her ein dag i veka låg gevinsten i ein brun konvolutt i postkassa vår.


Det er alltid gildt å få pakke, og denne her var skikkeleg gjev:
Tova veske til vinflaske (eg skal nok sørge for å putte i ei flaske med portugisisk vin til jul),
såpe som luktar av jasmin, badesalt med god lukt, og tre trebokstavar som skal få bli ein del av adventspynten her i huset og minne oss om kva høgtid som er rett rundt hjørnet.

Sånn, no har eg skrive j-lyden med ge, gi, gj og hj, så då er bidraget mitt levert. Vil du sjå andre j-ar klikkar du deg inn her.


søndag 22. november 2009

ULLTULL


Men - kva er dette? Spaghetti? Nei! Ulltull!

Eg har på kort tid vorte stjernekunde hos Spinnvilt, siste investering er spolestativ og jumbosett, dvs. stor spole med tilhøyrande venge for samantvinning av tråd.


No skulle det verte sving på tvinninga etter at eg hadde spunne tre spolar, ein heil kilometer, med vanleg norsk ull! Spolane vart plasserte på stativet, jumbosettet montert på rokken og Strikkebesta gjekk i gong med tvinninga.
Nytt problem: Rokkebandet av plast har utvida segslik at så snart eg får litt fart på hjulet så hoppar bandet av. Men eg er ikkje akkurat kjend for å gi opp med ein gong....
etter litt fundering fann eg ut at å lage eit åttetals-snar på bandet ville gjere susen. Og det gjorde det:) Tråden vart tvinna, jumbospolen vart fylt opp på rekordtid og tråden vart hespa opp på niddy-noddyen i same farta.


Men så: ULLTULL i det same eg tok hespa av niddy-noddyen! Noko liknande har eg aldri laga før!
Her var det berre å vaske hespa og få hengt henne i strekk snarast råd, tenkte eg.


Først når hespa hang der, dryppande våt, gjekk det opp for meg kva galskapen kom av:
Eg har lese meg fram til at trådane må tvinnast saman motsett veg av det dei har vorte spunne, noko eg samvitsfullt har passa på, også denne gongen...... men når det er snar på bandet, trer ei eller anna fysisk lov inn slik at vengen går motsett veg av hjulet, altså har eg tvinna ei tohundregramshespe feil veg! Kva gjer eg no? Strikkar med "bouclé-tråden" min? Tvinnar alt på nytt? Er det siste muleg, tru? Kaste heile hespa? Nei, er du gal?!



Etter ei slik oppleving gjorde det godt å kome seg ut i ver og vind - utsikta var god nok, trass i regnet, og clementinen smakte godt der eg sat i ly av varden:)


fredag 20. november 2009

INTERESSER, IDÉAR, INSPIRASJON OG IVER

Er du i tvil?
Bokstaven denne veka i Petunia sin

er I.

INTERESSA mi for strikking gjorde at eg leitte på INTERNETT etter IDÈAR og oppskrifter eg kunne bruke. På den måten vart eg INTRODUSERT for den forunderlege reisa inn i Bloggverda.

Her INNE gjer eg stadig nye oppdagingar og IDÈANE til medbloggarane mine gir INSPIRASJON til å prøve ut stadig nye INTERESSER:)

INTERESSER som fotoredigering - toving og filting - og IKKJE minst spinning som eg no prøver å lære meg med entusiasme og IVER.IVER heiter forresten vesleguten min, tjueåringen som eg kjenner eg saknar av og til etter at han flytta ut i haust for å skaffe seg vidare utdanning.

lørdag 14. november 2009

Endeleg litt strikke-action på Strikkebestabloggen!!

Ein gong - i januar var det vel - når bloggen min vart oppretta, var det heilt naturleg at ordet STRIKKE måtte vere med i tittelen. Ettersom tida har gått har det vorte mindre og mindre strikkeprat, så no har eg rett og slett innhenta litt hjelp for å kunne blogge om strikking igjen.

Oda, det yngste tantebarnet mitt, er på helgabesøk hos eldstejenta mi med familie. Oda er ei jente med mange interesser, ho har forresten sin eigen blogg som eg har på følgjarlista mi, HoneyBell, ho er veldig glad i dyr, og i sommar vart ho hundeeigar: Pomeranianen BELLA kom då inn i livet hennar som ein liten virvelvind:)


Oda er også veldig glad i born - og borneborna mine er veldig glade i henne.
No har frøkena bestemt seg for å strikke hue, noko ho går inn for med stor glød.
Når Mateo og Oliver såg at Oda strikka, så ville dei gjere som helten sin, dermed vart det kjøpt inn tjukk, god strikketråd og passande pinnar til dette formålet i dag.
Og tenk; Mateo, seks år trengte berre fem minutts instruksjon så fekk han til å strikke! Det går ikkje så raskt, heile kroppen er med på kvar maske som blir laga, men han strikkar:)
Har nok arva eit Strikkebesta-gen!


For Oliver-leoparden var det ikkje så enkelt, det han har strikka hittil har vore med "påhalden pinne", men kven veit? Kanskje han også strikkar innan han fyller seks - om eitt og eit halvt år.....

fredag 13. november 2009

Hasundhornet

Heimefjellet i mitt barndomsrike, høgt og uinntakeleg låg det og ruva 556 meter rett over hovudet på oss, stengde for sola til langt ut på formiddagen sommarsdag - og heile dagane vintertida.Set eg meg i bilen og køyrer opp på baksida av Hasundhornet, er det ein kort, snerten tur opp til toppen. Utsikta derifrå er det ingenting å utsette på: Går eg litt nedanfor toppen, ser eg rett ned på barndomsheimen min.

Mot aust ser vi dei spisse takkane til Sunnmørsalpane, mot sør ligg fastlandet: Ørsta, Volda og Vanylven. Mot nord ligg kommunesenteret, Ulsteinvik og ut mot havet øya Runde.Mot vest ser vi Dimnøya - og heimen min no i framgrunnen - Herøy lenger ute i synsranda. Går ein vidare til næraste topp, Flåna, er det ganske utruleg at Hasundhornet verkar stort og ruvande frå andre sida:)

Fargespelet i gråsteinane som varden er bygt opp av er vakkert, synest eg, særleg når eg legg frå meg niste-eplet mitt mellom dei for å knipse nokre bilete!


Dette var mitt innlegg iVil du sjå fleire H-ar, finn du dei på denne lenkja.

fredag 6. november 2009

G

I dag går turen til Spania igjen ifor eg vil skrive om Gaudi-arkitektur til bokstaven G
Kven har vel besøkt Barcelona utan å bli fascinert av den leikne, overdådige stilen til Gaudi i La Sagrada Familia, eitt av dei andre byggverka hans, eller heile anlegget Parc Guell?

Noko som kanskje ikkje er like kjent av Gaudi sine byggverk, er det utruleg vakre Palacio Episcopal i Astorga, Castilla y León, nord-vest i landet.
Dette vesle palasset med dei reine linjene er som tatt rett ut av eit eventyr!
I alle fall verka det slik på meg første gongen eg såg det, på Caminonvandringa i 2007. I sommar måtte eg tilbake for å ta ein kikk på det igjen, og eg vart like overvelda som sist.
I løpet av caminoen vår i år, medan vi sat og åt middag på ein restaurant i Arzua, Galicia, tjuvlytta eg til ein pilgrim som fortalde om sitt første møte med denne Gaudi-perla:
Han kom til Astorga akkurat den dagen dei feira 120-årsjubiléum for palasset, og der var omvisning for publikum. Då hadde han høyrt at biskopen som bestilte palasset aldri hadde budd i det, fordi det vart for dyrt for han:) Synd for biskopen, eg synest likevel vi har grunn til å sende han ein takknemleg tanke for at han fekk Gaudi til å bygge dette flotte monumentet!
Har du lyst til å sjå fleire G-bidrag i Petunia sin ABC-leik, finn du dei her.

søndag 1. november 2009

SPINNEOPPDATERING

Kanskje nokon av mine gode venner i bloggverda lurer på korleis det går med spinninga mi?
Vel, i dag kan eg seie at eg prisar teknologien som har gitt meg den fantastisk effektive rokken!
Om eg er heilt akterutseilt?
Ja, på ein måte, men ein kan jo også sjå slik på det at eg i løpet av nokre få veker har forsert fleire tusen år ved å gå frå handtein til rokk:)


Eg veit at Spinning Jenny vart oppfunnen i 1764, at den industrielle revolusjon blir rekna frå dette vidunderet av ein maskin, som kunne halde i sving åtte spoler på ein gong, vart teken i bruk i store delar av verda.


Men min private revolusjon er ikkje komen så langt. Kven veit? Eg kan kanskje ende som spinnerieigar sjølv ein gong, eg er jo gift med ein oppfinnar!!
Tilbake til revolusjonen min:
I haustferien var eg til Sverige og kjøpte meg rokk. Heimkomen sette eg meg optimistisk ved rokken og ville spinne.

Det var IKKJE lett! Gode råd kom til meg frå fleire snille bloggvenner som har erfaring i spinnefaget. Etter nokre dagar med prøving og feiling trudde eg at eg hadde funne ut av det, men nei, dei to "drivreimene" som har kvar si oppgåve: den eine å drive rundt vengen, den andre spolen, snarar seg saman etter nokre få runder på rokkehjulet, og så "kvislekvaslar" det heile seg - resultat: Ingen tråd.
Kva gjorde Strikkebesta då? Bestilte splitter ny rokk, vel!

Samanleggbar, i ryggsekk. Hendige saker om ein vil ta han med seg:) Her er det nye leiketøyet mitt, saman med leikene til borneborna.

Den nye Kromski-rokken er funksjonell, drivreim av plast, fjør som justerer omdreiingsfarta til spolen, nylakkert og fin, men ikkje VAKKER slik den fyrste rokken min er.No er eg ferdig med mi fyrste hundregrams-hespe spunnen på rokk, samanlikna med spinning på handtein, gjekk det unna i rasande fart; ujamn, men likevel temmeleg tynn tråd. For tynn, skulle det vise seg då eg skulle tvinne saman til tolagt tråd, for tråden slitna stadig vekk, men eg berre knytte saman endane og tvinna vidare. Den ferdige hespa er vaska og heng til tørk, det vart ca. 280 m, langt nok til å strikke noko av det, må berre spinne litt til først så eg får det rette handlaget.
Kva han har funne opp han eg er gift med? Sjekk denne lenkja her om du lurer:)