søndag 1. november 2009

SPINNEOPPDATERING

Kanskje nokon av mine gode venner i bloggverda lurer på korleis det går med spinninga mi?
Vel, i dag kan eg seie at eg prisar teknologien som har gitt meg den fantastisk effektive rokken!
Om eg er heilt akterutseilt?
Ja, på ein måte, men ein kan jo også sjå slik på det at eg i løpet av nokre få veker har forsert fleire tusen år ved å gå frå handtein til rokk:)


Eg veit at Spinning Jenny vart oppfunnen i 1764, at den industrielle revolusjon blir rekna frå dette vidunderet av ein maskin, som kunne halde i sving åtte spoler på ein gong, vart teken i bruk i store delar av verda.


Men min private revolusjon er ikkje komen så langt. Kven veit? Eg kan kanskje ende som spinnerieigar sjølv ein gong, eg er jo gift med ein oppfinnar!!
Tilbake til revolusjonen min:
I haustferien var eg til Sverige og kjøpte meg rokk. Heimkomen sette eg meg optimistisk ved rokken og ville spinne.

Det var IKKJE lett! Gode råd kom til meg frå fleire snille bloggvenner som har erfaring i spinnefaget. Etter nokre dagar med prøving og feiling trudde eg at eg hadde funne ut av det, men nei, dei to "drivreimene" som har kvar si oppgåve: den eine å drive rundt vengen, den andre spolen, snarar seg saman etter nokre få runder på rokkehjulet, og så "kvislekvaslar" det heile seg - resultat: Ingen tråd.
Kva gjorde Strikkebesta då? Bestilte splitter ny rokk, vel!

Samanleggbar, i ryggsekk. Hendige saker om ein vil ta han med seg:) Her er det nye leiketøyet mitt, saman med leikene til borneborna.

Den nye Kromski-rokken er funksjonell, drivreim av plast, fjør som justerer omdreiingsfarta til spolen, nylakkert og fin, men ikkje VAKKER slik den fyrste rokken min er.No er eg ferdig med mi fyrste hundregrams-hespe spunnen på rokk, samanlikna med spinning på handtein, gjekk det unna i rasande fart; ujamn, men likevel temmeleg tynn tråd. For tynn, skulle det vise seg då eg skulle tvinne saman til tolagt tråd, for tråden slitna stadig vekk, men eg berre knytte saman endane og tvinna vidare. Den ferdige hespa er vaska og heng til tørk, det vart ca. 280 m, langt nok til å strikke noko av det, må berre spinne litt til først så eg får det rette handlaget.
Kva han har funne opp han eg er gift med? Sjekk denne lenkja her om du lurer:)

11 kommentarer:

  1. Du er nå SÅ søt! Og flink!!
    Artig med historier bak ting, elsker det..
    Nå må jeg komme meg vekk fra nettet, det har vært lange vakter på meg i helgen...jobber som bare y`en og håper på å få beholde jobben min...
    Håper du har hatt en flott helg, kos deg med spinning!!
    (Du kan skryte på deg spinning timer du nå!)

    SvarSlett
  2. Ho va ikke snau! Bestilte rokk nummer to!
    Jeg syns du er tøff, og M har rett, du er søt!;-)
    Takk for koselig kommentar, forresten, du er god!

    SvarSlett
  3. Er einig i at den gamle er finast,men den var no litt "tøff" den nye då.No blir det nok fart i sakene (spinninga)no når utstyret er i orden !!

    SvarSlett
  4. Tøff, du.......gjev ikkje opp, iallfall.
    Flott at du har fått deg ein rokk som fungerer........flink, er du..........

    SvarSlett
  5. Grarulerer med ny rokk! Eg har nok lurt på korleis det går med spinninga di, og har venta spent på eit innlegg. Det ser no ut som du har fått dreisen på det. E`kje det kjekt vel?

    SvarSlett
  6. Jeg må si at du er en utholdende dame! Jeg hadde nok satt rokken pent tilside og sagt, dett var dett!!!! Jeg har bestandig beundret damer som er så standhaftige;) Riktig flink har du også blitt! IMPONERENDE!
    klem !

    SvarSlett
  7. Du verden så flink du er blitt,dette blir det snart eget spinneri av ja.
    Du er ei postiv og flott dame med pågangsmot Kristin, alltid like artig og komme på besøk og lese dine gode og glade innlegg.
    Og Mannen i huset driver virkelig med spennende ting til nytte for vår vakre jord og oss selv,spennende.
    Ønsker deg fortsatt god spinning og ei fin uke.
    Klem fra Jorid!!!

    SvarSlett
  8. Du burde fått blomst for innsatsen du har lagt ned her:) Men morsomt er det helt sikkert når man får det til. Lykke til videre. Vi flger med på fortsettelsen.

    SvarSlett
  9. Gratulerer!!! Skal seie du er snar i vendinga... Eg vil kome bort ein tur fpr å sjå på vidunderet... Har hatt so lyst til å prøve handtein, men dette vesle vidunderet av ein rokk, er heilt genial... Lukke til vidare! Klem

    SvarSlett
  10. Tusen takk for det, det er et oppriktig ønske fra min side, at det skal være litt networking ...har fått glade mailer fra damer som ikke har hatt besøk på bloggen, og nå har fått venner...Da blir jeg GLAD!
    Elsker å innkludere vet du....klem,M

    SvarSlett
  11. Spinning ja... det var jo det jeg også skulle forsøke meg på...
    Har håndtein, karder og ukardet ull, men har ikke forsøkt meg ennå.
    Litt frykt for at jeg ikke får dette til kanskje...?

    SvarSlett