lørdag 14. november 2009

Endeleg litt strikke-action på Strikkebestabloggen!!

Ein gong - i januar var det vel - når bloggen min vart oppretta, var det heilt naturleg at ordet STRIKKE måtte vere med i tittelen. Ettersom tida har gått har det vorte mindre og mindre strikkeprat, så no har eg rett og slett innhenta litt hjelp for å kunne blogge om strikking igjen.

Oda, det yngste tantebarnet mitt, er på helgabesøk hos eldstejenta mi med familie. Oda er ei jente med mange interesser, ho har forresten sin eigen blogg som eg har på følgjarlista mi, HoneyBell, ho er veldig glad i dyr, og i sommar vart ho hundeeigar: Pomeranianen BELLA kom då inn i livet hennar som ein liten virvelvind:)


Oda er også veldig glad i born - og borneborna mine er veldig glade i henne.
No har frøkena bestemt seg for å strikke hue, noko ho går inn for med stor glød.
Når Mateo og Oliver såg at Oda strikka, så ville dei gjere som helten sin, dermed vart det kjøpt inn tjukk, god strikketråd og passande pinnar til dette formålet i dag.
Og tenk; Mateo, seks år trengte berre fem minutts instruksjon så fekk han til å strikke! Det går ikkje så raskt, heile kroppen er med på kvar maske som blir laga, men han strikkar:)
Har nok arva eit Strikkebesta-gen!


For Oliver-leoparden var det ikkje så enkelt, det han har strikka hittil har vore med "påhalden pinne", men kven veit? Kanskje han også strikkar innan han fyller seks - om eitt og eit halvt år.....

11 kommentarer:

  1. Så flott å se så mange strikkere. Ja, det må være noe med strikkegenet, for i dag er det jammen få unge som behersker kunsten! Men så har de nok ikke hatt ei strikkebesttemor heller. At gutten lærte det så fort, forteller sitt.

    SvarSlett
  2. Så koseleg innlegg, og så flinke barn :)Dei er heldige dei som har ei strikkebesta. Ønskjer deg ein fin søndag :)

    SvarSlett
  3. Her var ein flott strikkegjeng.....
    bra dei lærer det, so ikkje strikkinga "vert borte"......
    God sundag!

    SvarSlett
  4. Dette var koselig å se ! Viktig at barnebarna
    blir tatt med på aktiviteter, også er det trivelig! Ha en fin søndag strikkebesta ;)
    Klem!

    SvarSlett
  5. Ein kosedag! Godt at nye generasjonar lærer "faget".. Hugsar kor eg bala med å læra jentene våre og strikka.. dei er begge døve og avhengige av tegnspråk,så det var ikkje enkelt å læra frå seg med strikkepinnar i hendene samtidig som dei skulle brukast til tegn.
    Ha ein fin søndag :0)

    SvarSlett
  6. Igjen klarer du å formidle det mest kvardagslege til noko stort og fint... Tusen takk! Inspirerande og koseleg å lese og sjå. Klem

    SvarSlett
  7. Så koselig...du har virkelig en fin bukett sammlet her.
    Det er slike stunder som er noen av livets største høydepunkter Kristin.
    Lurt å ha en blogg og gjemme minner og edelsteiner i ,som en kan bla i til senere bruk.
    Ønsker deg en god uke!
    Klem fra Jorid!!

    SvarSlett
  8. Så koselig innlegg. Artig når barna også vil lære å strikke. Ser det er dyp konsentrasjon på gang.
    Ha en fin uke.

    SvarSlett
  9. Hehe :D
    Kosli blogginnlegg :)
    Va en kjekke laurdag ditta.

    SvarSlett
  10. Motiverte og dyktige barn!
    Takk for trøstende ord om lillepusen. Han så ut som om han sov, og vi strøk og strøk på ham. Men nå er han under grus og stein i et olderkjerr bakom drivhuset. Der får ikke reven tak i ham.

    SvarSlett
  11. :-) Til å me ej he vår innom idag, mamsen, tenk det! Han va nauta fine som leopard han Oliver !! :-)

    SvarSlett