søndag 25. mai 2014

Norske ikon

Jauda, det gjekk bra, her er den originale vrangborda (med feil farge) saman med den nye som eg strikka nedover:)



Dette er den tredje gensaren eg har strikka frå oppskrifthetet "Norske ikoner".
Det finns utruleg mykje fint når ein leitar fram gamle mønster!

Den første gensaren eg strikka frå heftet var "Nancy-gensaren". Eg måtte berre, systra mi strikka den gensaren til seg sjølv som attenåring, eg har aldri gløymt kor fin eg syntest han var...



(eg tok bileta ute, fargane vart ikkje heilt rette)

Så ville Åsta ha seg ein varm gensar til lange dagar på ein kald lesesal. Ho valde "Oslo-gensaren". 


Eg likar å vere effektiv - eller er eg kanskje lat? Eg laga i alle fall rundfelling i staden for å følgje oppskrifta.





Og så var det "Holmenkollen-gensaren". Der eg bomma på fargepartiet då eg kjøpte tråd, og begynte sjølvsagt på feil nøste,  slik at eg måtte ta av vrangborda og strikke den på nytt.




No er eg i gong med den enklaste "Marius-utgåva" til mannen min, men eg trur ikkje det blir med båthals...



Det eg eigentleg skal bruke tida til er oppgåveskriving, den skal vere unnagjort til 3. juni, så no må eg ha rett fokus nokre dagar:)








tirsdag 6. mai 2014

Bomkjøp

Kva gjer ein når ein har kjøpt tråd til gensar og oppdagar at ein har kjøpt eitt nøste av eit anna fargeparti?



Særleg når ein har strikka 8 cm vrangbord med dette eine nøstet, og ikkje innser at fargeforskjellen er for stor før ein har strikka opp to og eit halvt nøste til? 


Rekkjer opp? Niks! Det må då finnast betre alternativ!
Kanskje eg kan opne opp knuten som bind saman nøste nr. 1 og 2, og lirke tråden ut heile vegen rundt?


Det er faktisk muleg å få til:) Men det vil nok ta si tid, og så må eg strikke nye 8 cm vrangbord nedover.... Godt at det ikkje hastar med å få gensaren ferdig - og flaks at butikken hadde igjen fleire nøster av det rette partiet!


søndag 27. april 2014

Vårsøndag

Ein herleg dag:) Sykkeltur i solskin. Blomster over alt:)


Kvitveis i tuer og tepper


Og kusymrer i store klasar oppetter haugane


Utruleg blomstring i år!


torsdag 17. april 2014

No kan gjestene kome

I nokre dagar skal vi få ha jente- barnebarna på besøk. Vi gler oss til vi skal på flyplassen og hente dei i morgon.

Sengene står ferdig oppreidde og vi har leita fram påskepynten


Ein bukett med ranunklar har vi også


Pskeegga er fylte



Og i kjøleskapet står årets påskekake


God påske:)

søndag 6. april 2014

Back to the seventies

Måndag var eg på saniteten sin strikkekafe og laga lampeskjerm av tråd og lim. Ein triveleg og "ruskete" aktivitet:)
Det var greitt å ha eingongshanskar på seg.
Lampeskjemane måtte hengast til tørk, eit vakkert syn:


I dag har eg kjøpt "innmat" til skjermen: ein kveil med lyslenkje, og eg er strålande fornøgd med resultatet; lampen liknar til forveksling slike dei hadde på syttitalet:)


Ha ei fin helg:)

fredag 4. april 2014

Å våren:)

I går måtte eg berre gå av sykkelen og forevige desse på veg heim frå jobb:

:

onsdag 2. april 2014

Turkis og grå- eller grå og turkis?



Eg klarer visst ikkje slutte med "huepjoninga". Eg har stadig nokre trådrestar som skal brukast opp - og som viser seg å verte for lite så eg må kjøpe litt meir - som skal brukast opp...
Her er dei siste som er klar til bruk,




og enno har eg minst to til under produksjon��