onsdag 14. mars 2018

Alle gode ting er tre, den fjerde kjem ikkje til å skje!

Vinterferien er over for i år, det vart nokre rolege dagar heime, ein dag på bussen til Oslo, futt og fart nokre dagar der, og ein dag i bil på heimveg.

Det er slutt på å dragse med seg fotoapparat sidan mobilen tek så bra bilete for tida, men tenk då for ein frustrasjon å oppdage at lagringsplassen er full og det ikkje er muleg å ta fleire bilete!

Med i kofferten var seks glas med rørt sylte, jordbær og bringebær, og tre ferdige gensarar.

Den eine gensaren har eg strikka tre gongar, fyrst i str. S, den passa perfekt til eldstejenta mi,


så i M, den passa godt til svigersonen min, Jose,



og no til slutt i L som passa ganske bra til han som eigentleg skulle ha gensaren, Iver.


Han kunne godt ha tenkt seg at den var lenger i bolen, men strikka er strikka og tråden er oppbrukt, og det blir ikkje aktuelt å strikke nummer fire!


Til Marylin strikka eg ein Tirilgensar fordi eg hadde løyvt så mykje alpakka frå DSA etter hybridgensaren eg strikka til Åsta i haust. Den passa godt, men ho påstår at den klør, så mora trur at i praksis er det ho som har fått seg ny gensar.


Michael fekk ein offwhite gensar i flettestrikk, ikkje akkurat brukarvennleg for ein 7 - 8-åring, men veldig kledeleg til guten. Eg strikka gensaren i freestyle frå Dale,


og eg hadde kjøpt så mykje tråd at eg hadde meir enn nok til ein gensar til Mio også. Bolen til den gensaren strikka eg på bussturen, resten av gensaren vart til medan eg var på besøk, så laurdag var den klar til bruk.


Marte hadde, vanen tru, lagt opp ein tidsambisiøs plan for besøket mitt hos dei: Synssjekk hos optikar for dei to eldste borna, medan Mio og eg fann nokre kledelege solbriller medan vi venta,



måling av veggar i gangen i hovudetasjen, tur i bassenget saman med Michael, handletur i sentrum med innlagt kafebesøk for å treffe Iver, tur til Kolbotn saman med Marylin og Inger, og så klart, bestapizza på laurdagskvelden.

Det vart likevel tid til å vere saman med Mio, han hadde vore sjuk heile veka, så kos på fanget med ei bok var midt i blinken for både han og besta:)



3 kommentarer:

  1. Så flink du har vært med pinnene!Ny genser til mange! Vet ikke hvor stor familien er, men tipper ingen er glemt. Full fart med disse unge. Kjekt å ha en liten en å kose seg med for Besta!

    Ønsker deg ei fin uke!

    Klem

    SvarSlett
  2. Så flittig du har vært! Mye fint her :-)

    SvarSlett
  3. Du verden kor produktiv du har vore...men det visste eg eigentleg ;) Kos å lese <3 Klem frå fruANE

    SvarSlett