torsdag 17. januar 2013

Seksti sider

I likheit med mange andre bloggarar får eg laga bok av bloggeåret. Det var nesten flaut å sende av garde bestilling på siste utgåve av bloggeboka, men det vart no gjort, og i dag sit eg med resultatet i hendene: Seksti sider, trettitre bloggeinnlegg vart det i 2012. Lite å skryte av, særleg når eg ser at i løpet av det første bloggeåret produserte eg 241 sider.

002

Likevel, no har eg fire årgongar av Strikkebesta i bloggverda, hadde eg ikkje fått det omgjort i bøker så hadde mange bilete og mange småhistorier vorte gløymde.

003          004

Kvaliteten på det eg har skrive kunne ha vore betre, kvaliteten på bileta har i alle fall ikkje betra seg i takt med fotoutstyret. Men det hender at eg slumpar til og får eit blinkskot, og bileta er gode nok til å vere ein katalysator for å huske dei fine, kjekke, gode minna:)

mandag 14. januar 2013

Islendar

Kva er ein islendar? Ikkje ein person, men ein ullgensar. Etter Devold AS si meining er dette ein islendar:
images

Eg skal ikkje akkurat påstå at dei tek feil, det er heller slik at eg har alltid hatt ei anna oppfatting, og ved å søkje litt på nettet fann eg dette biletet:

655_7006-T_Garn_og_oppskrift_til_vest_thumb

på fylgjande side: http://www.birgirsdottir.no/Shop/List/Akkurat-n%C3%A5/32/1
Det vart eg i grunnen glad for, for det stemmer heilt over eins med mi oppfatting;
ein einsfarga gensar med mønster i rundfellinga frå brystet og opp. Eg har strikka mange slike islendarar, frå eg begynte å strikke på 70-talet og minst ein periode i kvart av dei andre tiåra. Både mann og ungar har gått rundt i desse islendarane.
På tidleg 80-tal strikka eg denne på bestilling frå mannen min:

Islendarar 001

Han er ein ivrig fiskar og treng varme, gode kle når han er ute på havet i timesvis midtvinters. Med åra vart kragen misfarga, og for eit par – tre år sidan fann eg ut at eg ville strikke ein ny islendar til han, men gubben var heilt fornøgd med gensaren sin, han, skulle eg strikke ein ny så måtte den vere akkurat sameleis!
Eg brukar ikkje oppskrift når eg strikkar gensar med rundfelling, då diktar eg enkle mønsterrapportar som stemmer med masketalet undervegs, og feller ei runde når eg finn det for godt, men no måtte eg til å bruke gamle-islendaren som mønster:) Eg likar ikkje å strikke to ting heil likt, så det enda med eit kompromiss: Mørk tråd vart lys og omvendt, og ved nærare ettersyn ser eg at eg har lurt meg til å dikte litt annleis mønster også, men ikkje eitt ord til nokon om det!

Islendarar 003

Sjølv om den nye er mest i bruk, så har han også den gamle på seg av og til, her ligg dei side om side:

Islendarar 005

Eg strikkar alltid av fritidsgarn når eg lagar islendarar, det gjorde eg også når eg strikka Mateo sin i haust, eg må vedgå at det er ikkje akkurat den mjukaste tråden, så det spørst kor mykje han kjem til å ha han på seg, men eg fekk i alle fall strikka ein islendar dette desenniet ogsåSmile
Jula -12 089

fredag 11. januar 2013

Med piggane ute

Etter at borna våre har vakse til og vorte vaksne har vi i syskjenflokken begynt å kjøpe små julegåver til kvarandre, ikkje noko stort og dyrt, berre småting, som vakre juletrekuler, godteri o.l.
Til denne siste jula syntest eg at eg var tidleg ute, og at eg verkeleg hadde funne bra gåver til syskjena og svigersyskjena mine:

piggar 001

Mini-broddar med berre to piggar i kvar  små nok til å putte i veska eller lomma, og med nok grep til å halde seg på føtene i ein naudsituasjon:) Og med ei metallboks til å oppbevare dei i.

Broddane fann eg, av alle plassar, på nettsida til Den Norske Bokklubben. Som sagt, til meg å vere var eg tidleg ute med bestillinga, og ganske kjapt hadde eg halvparten av gåvene i hus; dame-broddane i str. 35 – 40. Resten let vente på seg, men nokre dagar før jul fekk eg mail om at no var restordren send, pakken skulle kome rett i postkassa mi…….. han dukka ikkje opp…

Nei, nei, han kjem vel i romjula då, tenkte eg, det er no ikkje så nøye kva tid mine vaksne syskjen får desse gåvene.
 Romjula gjekk, utan at pakken dukka opp, rekninga, derimot, den kom -
- Og purring på rekninga fekk eg også, så eg måtte sende ein mail om at eg ikkje ville betale for varer eg ikkje har fått. Heldigvis gjekk det ikkje lenge før svaret kom, eg måtte berre sjå bort frå purringa.

Eg føler eg har god grunn til å skryte av De Norske når det gjeld betaling, eg har ein lei tendens til å bruke fakturaen som følgjer bøkene til bokmerke, så blir dei liggande inne i bøkene, og eg gløymer å betale dei… Dermed får eg purrebrev, som eg då er rask å betale:)
Av og til kjem det ei bok der det står 0 kr på fakturaen, då har eg betalt dobbelt for ei tidlegare bok, og De Norske passar på for meg at rekneskapen kjem i balanse igjen:)

Tilbake til julegåvebroddane: I går fekk eg ei påminning frå posten om at der ligg ein uhenta pakke på postkontoret……å, javel, men eg har ikkje fått noka tidlegare melding! Når eg påpeikte det til dama i skranken fekk eg til svar at det er heilt vanleg i julerushet at dei ikkje får ut pakkemeldingar.
Er det slik at dei sit det julaftan i ein haug av pakkar som dei har gløymt å sende ut hentemelding om? Synest eg ser dei for meg midt i pakkehaugen med det flotte slagordet sitt:)

Posten – Vi lever for å levere

No har eg i alle fall ein haug med mini-broddar, både store og små

piggar 004

Kanskje eg må sende ut hentemelding til syskjen og svigersyskjen?

søndag 6. januar 2013

I kveld har eg tent eit lys

 

- i ærefrykt

eit lys 002

- for livet

eit lys 004

for døden

eit lys 001

for sorga, for saknet - og for kjærleiken  Red heart

tirsdag 1. januar 2013

Her startar vi friskt

Skal bloggeåret bli godt må ein berre sette i gong den første dagen i det nye året.

Det finns saktens noko å skrive om, berre ein har lyst:) Strikkekroken min, til dømes. Endeleg fekk eg rydda bort småting som berre har vorte liggande der og vente på neste gong eg får bruk for dei, og grunnen til ryddinga er dette:

Nytt år 004 (2)

Nytt år 005 (2)

Den optimale julegåva for ein dedikert strikkar:), sjølv om eg tvilar på at eg kjem til å ofre det ved å tenne fyr i det…. No skal det i alle fall få lov til å stå og pynte opp i strikkekroken ei stund.

Eg har forresten vore svært heldig med gåvene mine denne jula og nemner i fleng: Piggdekk til sykkelen min:) sykkelbukse i ull:),ulltrøye:), skinnhanskar:)  nye Willowtree-figurar:),

Nytt år 006Nytt år 007 (2)

ein ny engel som har fått plass saman med dei eg har frå før:

Nytt år 008Nytt år 010 (2)

…i tillegg til snop og handkle og julepynt:) Så no er godt rusta til å ta fatt på både arbeidsåret, bloggeåret og det som måtte kome av gleder og sorger, trur eg…

GODT NYTTÅR!