fredag 11. januar 2013

Med piggane ute

Etter at borna våre har vakse til og vorte vaksne har vi i syskjenflokken begynt å kjøpe små julegåver til kvarandre, ikkje noko stort og dyrt, berre småting, som vakre juletrekuler, godteri o.l.
Til denne siste jula syntest eg at eg var tidleg ute, og at eg verkeleg hadde funne bra gåver til syskjena og svigersyskjena mine:

piggar 001

Mini-broddar med berre to piggar i kvar  små nok til å putte i veska eller lomma, og med nok grep til å halde seg på føtene i ein naudsituasjon:) Og med ei metallboks til å oppbevare dei i.

Broddane fann eg, av alle plassar, på nettsida til Den Norske Bokklubben. Som sagt, til meg å vere var eg tidleg ute med bestillinga, og ganske kjapt hadde eg halvparten av gåvene i hus; dame-broddane i str. 35 – 40. Resten let vente på seg, men nokre dagar før jul fekk eg mail om at no var restordren send, pakken skulle kome rett i postkassa mi…….. han dukka ikkje opp…

Nei, nei, han kjem vel i romjula då, tenkte eg, det er no ikkje så nøye kva tid mine vaksne syskjen får desse gåvene.
 Romjula gjekk, utan at pakken dukka opp, rekninga, derimot, den kom -
- Og purring på rekninga fekk eg også, så eg måtte sende ein mail om at eg ikkje ville betale for varer eg ikkje har fått. Heldigvis gjekk det ikkje lenge før svaret kom, eg måtte berre sjå bort frå purringa.

Eg føler eg har god grunn til å skryte av De Norske når det gjeld betaling, eg har ein lei tendens til å bruke fakturaen som følgjer bøkene til bokmerke, så blir dei liggande inne i bøkene, og eg gløymer å betale dei… Dermed får eg purrebrev, som eg då er rask å betale:)
Av og til kjem det ei bok der det står 0 kr på fakturaen, då har eg betalt dobbelt for ei tidlegare bok, og De Norske passar på for meg at rekneskapen kjem i balanse igjen:)

Tilbake til julegåvebroddane: I går fekk eg ei påminning frå posten om at der ligg ein uhenta pakke på postkontoret……å, javel, men eg har ikkje fått noka tidlegare melding! Når eg påpeikte det til dama i skranken fekk eg til svar at det er heilt vanleg i julerushet at dei ikkje får ut pakkemeldingar.
Er det slik at dei sit det julaftan i ein haug av pakkar som dei har gløymt å sende ut hentemelding om? Synest eg ser dei for meg midt i pakkehaugen med det flotte slagordet sitt:)

Posten – Vi lever for å levere

No har eg i alle fall ein haug med mini-broddar, både store og små

piggar 004

Kanskje eg må sende ut hentemelding til syskjen og svigersyskjen?

4 kommentarer:

  1. Eg såg desse broddane på XXL faktisk, å vurderte å kjøpe. Slo det frå meg, fordi eg var litt usikker på kor effektive dei var - og var ferdig med dei fleste gåvene. Vil gjerne ha tilbakemelding på om dei faktisk passar og funkar?! Kanskje ei fin gåve til tantene og onklane til neste jul :)

    God helg!

    SvarSlett
  2. Det er jo illa, det er vel akkurat rett før jul det haster å få ut slike meldinger, julegaver er som regel tenkt til den 24.e og firma som sender lover jo ofta rask leveranse, så stopper det på postens melding. Asch, det var ille synes jeg. Ellers er det jo smart med brodder som er så små at man får dem med seg :)

    SvarSlett
  3. Disse var jammen smarte! Har aldri sett dem så små! Jeg bruker brodder når vinteren gir isføre, slik det var for litt siden. Da var det umulig å bevege seg utendørs uten dem. Selv bikkja datt!
    Angående postleveringer før jul. En pakke jeg hadde sendt, havnet et helt annet sted i landet enn den skulle. Det var egentlig min feil, for jeg hadde satt feil postnummer. Bynavnet var imidlertid rett. Og pakken kom akkurat på juaften, fordi jeg fikk sporet den, da hadde den ligget en uke på posthuset uten at hentemelding var sendt. Postvesenet er ikke som det var. Måtte tenke på en episode fra mange år tilbake. Min svigerinne hadde jobb på Magerøya, ei lita øy utenfor Molde. Det var den gang hun var nyforelsket i broren min, som da bodde i Bergen. På brevet til henne sto det "Til lærarinna på den ytterste magre ø". Brevet kom fram, men med en tilføyelse fra postvesenet om å adressere rett...

    SvarSlett
  4. Godt nytt år!..og sannelig trenger du broddene så langt;)
    Såå irriterende med pakken som du fikk forseint..Posten måå skjerpe seg!
    Koselig med slike smågaver, for sannelig er det ikke mange gavene med åra:))
    Nyt januar videre, klem fra mæ;)

    SvarSlett