mandag 31. oktober 2011

Så vart det eit innlegg denne månaden også...

...fordi det brått stod ein skummel gjeng utanfor døra mi no i kveld og truga med knep om eg ikkje varta opp med knask.
Ikkje for det, dei var vel så interesserte i kvart sitt glas med friskt vatn som i knasket eg hadde å by på, det skal litt væte til for å fordøye alle søtsakene som blir stappa i munnen
ein slik kveld.

Og eg lurer på - i år som i fjor - kvar prinsippa mine har teke vegen...

Tenkje seg til, strikse, prinsippfaste eg, som nekta mine eigne born å gå rundt på dørene med slike "amerikanske tullfakter" for berre eit tiår eller to sidan, eg førebur meg på besøk med innkjøp av høvelege mengder knask - og til og med oransje stearinlys i utelykta mi...
Kan det vere forventningsfulle borneborn som har smelta steinhjartet mitt???