torsdag 28. mai 2009

Ei ære!

No har eg hatt mine nesten daglege runder i bloggverda i meir enn eit halvt år, eigen blogg kom brått i stand fordi eg hadde så lyst til kommentere eit innlegg.......
Sakte, men sikkert har eg funne fram til bloggarar som eg ser opp til og lærer mykje av. Lærer om tekniske datafinesser, men endå meir lærer eg om livet, om kvardagar og festar, om gleder og sorger, om kreativitet og handverk, om natur og kultur, om omtanke og omsorg, om humor og skriveglede.......

Sakte, men sikkert har lysta mi til å delta i dette auka. Det er ikkje lenger så skummelt å vere openhjertig og dele ein flik av livet mitt med bloggevenner:)
I dag fann eg ei helsing på kommentarplass som gjorde meg glad og kry: Nokon har funne meg verdig til ein award, min fyrste!

Hjerteleg TAKK til Villmarkstausa for denne tildelinga! Eg set stor pris på å bli gjort stas på! Her ein dag fekk eg følgjande kommentar frå minstejenta: " Det er nok midtlivskrisa som har sett inn, mamma, sidan du er så oppteken av merksemda du får frå andre bloggarar." Gjerne for meg, er det slik midtlivskrisa artar seg så kan ho godt vare lenge her i garden, for eg har det BRA:)
Det følgjer reglar med awarden, mellom anna skal han delast med andre bloggarar som eg set pris på:

Til Bestablogg for alt det kjekke ho tek oss med på saman med barnebarnet sitt.

Til Bestemors kosekrok for den utrulege strikkekapasiteten sin.

Til Trollkåno i Troll og Ting for innlegga om livet på garden, og for alt det ho elles finn tid til i ein travel kvardag.

Til Tankar frå ein kvardag fordi ho, utan
å vite det sjølv, har gjort meg til bloggar:)

Til Jorids Bestemors Blogg for vakre sitat, dikt og blomar, og fordi ho tryllar fram så flotte ting med symaskina si.

Så vil eg dele peonbuketten min med alle som kikkar innom!


Peonar skaper gode barndomsminner hos meg. Som småjente hadde eg ei venninne som var 60 år eldre enn meg, kvart år overrekte ho meg ein herleg bukett med peonar og skogskjegg på fødselsdagen min i slutten av juni:)

mandag 25. mai 2009

Mannen i ......

...livet mitt - ja, det er det han er!

Mannen eg har delt bord og seng med gjennom mange og tretti år.Mannen som er kjærasten min, og den eg kan støtte meg til når det buttar imot. Mannen som har sine særheiter som eg ler av - og andre som eg ergrar meg over... og som, tru det eller ei, finn irriterande sider ved meg - men likevel held fast ved meg:)Akkurat no, etter at klokka har passert midnatt, og etter at han eigentleg hadde gått til køys for natta, virrar han rundt og er irritert på seg sjølv. Han har nemleg vore impulsiv i dag....

Eg fekk hjelp av storeguten vår til å installere viktig programvare på pc-en, og sidan den manglar cd-rom måtte programvaren over på minnepenn før installering. Min kjære mann kom då med ein minnepenn med "berre utdaterte ting på", sa han, det var berre å slette alt som var der og bruke minnepennen til programvaren eg ville ha. Jaja, som sagt, så gjort -

og så begynte mannen i livet mitt å tenkje: "Å, nei! Var det på den minnepennen vi la inn alt frå gamle-pc-en då minsteguten vår hadde bruk for ein ekstra data? Har vi faktisk sletta alle bileta frå sist sommar? "

No har han misst nattesøvnen på grunn av den "fortærande impulsiviteten" sin!

Trøysta mi når det gjeld sommarbileta er at dei viktigaste av dei, i alle fall i mine auge, har eg lagra på pc-en min! Og no er det best å få dei ut på nettet til sikker lagring i verdsveven.

Sommaren 2008 fylte mannen min 60 år. Han har det slik at jubiléum skal han ikkje feire, han går gladeleg til innkjøp av marsipankake og inviterer små og store på kaffislaberas ein "vanleg" fødselsdag, men dei runde dagane er han allergisk for, så sist sommar MÅTTE han berre kome seg heimanfrå. Ferda gjekk med båt sørover til heimtraktene hans, Stord, berre vi to. Ein fin tur i godt ver.

Vi levde herrens glade dagar, kosa oss saman med slekt og venner, tok turar ut på Nautøyo med soling og bading, sekstiåringen stupte endå til frå taket på båten, bra stil, eller?
Men på sjølve dagen kunne han ikkje vere der heller, han ville sikre seg å få vere i fred for alle velmeinande gratulantar som kunne kome til å dukke opp. Vi enda opp i Skudesneshavn,
der feira vi for oss sjølve med ein god middag på .. kva-det-no-var-han-heitte-igjen-restaurant, fotoapparatet låg igjen i båten, så det måltidet har vi ingen bilete ifrå,
men kaka eg hadde lurt inn i fryseboksen i kjøleskapet, tok vi til kaffien ombord:

Det aller viktigaste biletet frå sist sommar er av Kaptein Gråskjegg til rors på si stolte skute, med gåva frå kjerringa godt planta på hovudet, ei "blonskjoldahue" av beste sort:)

fredag 22. mai 2009

Vondt i ryggen

Den siste veka har eg slite med vond rygg, noko som passar svært dårleg no når vi skal til å gå oss opp til resten av caminoen.
Einaste medisin eg veit mot ryggvondt er å gå i terrenget, noko eg har gjort så og seie kvar kveld siste veka. Og her kjem bonusen ved det å ha vondt i ryggen:
Nattmenneske som eg er, legg eg gjerne turen til seint på kveld, på den måten fekk eg med meg tre strålande vakre solnedgongar frå toppen av Høgåsen forrige veke, siste kvelden hadde eg med kamera og fekk tatt nokre bilete med fine fargar (eitt av dei ligg på høgresida).
På turen i kveld tok eg med kamera først og fremst for å ta bilete av det som spirer og gror, som tyttebær
og skogstjerne.


Men vel oppe på toppen måtte eg berre fram med apparatet igjen, havskodda kom sigande innover mot land, så i staden for å gå ned i havet, sakk sola ned i skoddedisen,

for så å dukke delvis fram inne i alt det grå!

Eit vakkert skue som hadde fortent eit betre kamera - og ein flinkare fotograf.

Og ryggen er mykje betre, takk:)

torsdag 21. mai 2009

Epistel nr. 4 i Pilgrimbesta-forteljinga.

Kartet er lånt frå heimesida til EL Camino de Santiago.
På an igjen, det er ikkje lett å skulle velje ut berre små brotstykke av alle inntrykka under den 30 dagar lange vandringa vår langs Caminoen for to år sidan, men eg gjer eit forsøk:

Den 5. juli passerte vi Rioja og kom inn i den store og mektige Provinsen Castilla y Leon. Første stopp her var småbyen San Juan de Ortega, namngjeven etter ein stor arkitekt som bygde eit kloster for å verne pilgrimmar mot røvarar som herja området. Han bygde og ei kyrkje som er konstruert slik at ved solnedgong på vår- og haustjamdøger, og berre då, treff strålane frå sola akkurat Maria i eit bilete av Jomfru Maria og engelen Gabriel (El annunciación). Ein del av klosteret er framleis pilgrimsherberge, og verten, ein gammal, liten mann set si ære i å servere alle pilgrimmar som stoppar der eit måltid mat: Ei tradisjonell spansk suppe kokt på kjøtkraft, løk, paprikapulver og brødbitar, ikkje særleg innbydande å sjå til, men ho glei ned..
Juan, ein ung argentinsk mann som driv eigen restaurant i Buenos Aires var respektfull kjøkkenskrivar og servitør.

Neste etappe gjekk til Burgos, ein av dei større byane på caminoen. På vegen dit passerte vi Atapuerca som er innlemma i UNESCO si verdsarvliste fordi ein der har funne fossilar etter nokre av dei første menneska i Europa i nokre fjellholer.

På toppen av ein ås eit stykke lenger framme på vegen såg vi ein labyrint à la den julianske borga som vi finn på ein fjelltopp på Vartdal i Ørsta kommune. Anton, ein psykoterapeut frå Basel i Sveits, hadde gått heile labyrinten frå ytst til inst før han sette seg på ein stein og skreiv ned inntrykka sine.
Frå dette høgdedraget kunne vi skimte Burgos i det fjerne, men jammen var der framleis langt å gå. Endeleg framme, måtte vi vandre gjennom heile byen, frå aust til vest, før vi fann eit herberge som hadde plass til oss. På vegen fekk vi knipsa nokre bilete av den overdådige katedralen i Burgos, men vi var ikkje inne i han.

Burgos har elles tilknyting til Noreg gjennom mellomalderprinsessa Kristina som ligg gravlagt ca. 8 km utanfor byen. Prinsesse Kristina var dotter til Håkon Håkonson og syster til Magnus Lagabøter. Ho vart gift med Don Felipe, bror til kong Alfons X av Castilla y Aragon i år 1258. Dei busette seg i Sevilla, men då ho døydde berre 28 år gammal, bestemte Don Felipe at ho skulle gravleggast i Covarrubias, ein by utanfor Burgos, der han hadde vore utnemnd til biskop før dei gifta seg.
Biletet er lånt frå biblioteket til høgskulen i Vestfold sine nettsider
Vi hadde lese om prinsessa før vi starta turen vår, og det hadde vore kjekt å fått sett sarkofagen hennar, men 8 km kvar veg for VELDIG trøytte bein var berre heilt uaktuelt.

søndag 17. mai 2009

Gratulerer med dagen!

I dag kunne eg ha skrive om MGP og sigeren der, eller om gleda ved å bu i eit demokratisk land, men eg er heller litt nostalgisk og aldri så lite kry, eg. Kry over dei flotte karane som eg omgir meg med.

I 1950 var mannen min to år, då kjøpte svigermor mi ny, fin matrosdress til han. Dressen er av ull med silkekrage og silkesnor med ei fløyte i enden. Fløyta kan puttast opp i ei lita brystlomme slik at snora heng ned over brystet i ein elegant boge. Buksa har snøring bak i livet og blir knappa på trøya.

Det svigermor hugsar best frå denne 17.mai-en er at guten hennar fekk sleppe ut for døra før dei skulle gå og vere med i barnetoget, og når ho og svigerfar var klare til å gå, fann dei veslegut sitjande nedgraven i ein sandhaug og heile dressen var lysegrå av sandstøv:) Det vart sikkert nokre hektiske minutt med børsting og flekkfjerning før dei kom seg avgarde den morgonen!

Svigermor mi tok godt vare på dressen, i 1978 var eldsteguten vår to år, då fekk vi dressen heim til oss, men guten vår var så smal i fasongen at han kom aldeles bort i pappa sin matrosdress, det vart difor aldri til at han brukte han, sameleis var det med andre guten vår, altfor tynn til å passe inn i dressen.

Dermed vart han liggande her i huset som eit klenodie i mange år, heilt til barnebarn nr. 2, Anthony, var nesten tre år, det var første året han skulle feire 17.mai i Norge, dei budde i Sveits til august 2000. Då børsta vi støvet av dressen, og sjå her kor flott han tok seg ut i bestefar sin 51 år gamle dress!

Seinare har dressen vore i bruk både til Mateo og Oliver, og like flotte har dei vore begge to. Eg finn diverre ikkje bilete av Oliver i mappene mine, men her er i alle fall Mateo.






Ha ein god 17.mai vidare!


fredag 15. mai 2009

På Caminoen gjennom Rioja.



Etter ei veke på vandring forlet vi Navarra og kom inn i det mest kjende vindistriktet i Spania; Rioja. Dei er stolte av vinen sin i området, og på ein av bodega er det laga til ein tappekran på utsida av veggen slik at alle pilgrimmar som passerer kan få seg eit glas styrkande vin før dei går vidare. Over tappekranen er det festa eit skilt med fylgjande tekst( omtrentleg):

"Pilgrim, dersom du ønskjer å nå Santiago med styrken og helsa i behald, ta litt av denne vinen og drikk ein skål for lukka."

Rioja er ein liten provins, Logroño, som er provinshovudstad, ligg tett ved grensa til forrige provins. Katedralen her, Santa Maria Redonda, er nemnt spesielt i boka Señor Peregrino fordi der skal vere eit særskilt vakkert altar, men eg skal vedgå at vi passerte rett forbi katedralen på jakt etter ein restaurant som ville servere middag før kl. 21, og var lite opptekne av byggverk og kultur akkurat då.
Ferda vidare gjekk til Nájera, eit stykke utanfor byen gjekk vi oss fram på eit dikt til pilgrimmen:


Diktet handlar om kva som får pilgrimmen ut på vegen, kva som utløyser trongen til å gjere denne reisa, eller rettare, handlar det om kva som ikkje er grunnen til pilgrimsferda, diktet sluttar slik: "Krafta som dreg meg, krafta som trekkjer meg til seg, kan ikkje forklarast, ikkje av meg. Berre Han der oppe veit!"

I Nájera fekk vi god kontakt med ein italiensk gut som heiter Wilmar. Han hadde starta på ferda frå Saint Jean Pied de Port same dag som oss, hadde berre lagt i veg utan å ha heilt klart for seg korleis han skulle finansiere turen, men ting ordna seg undervegs....

Neste stoppestad på ferda var Santo Domingo de la Calzada. Byen er oppkalla etter grunnleggjaren sin, som bydge eit stort hospital og herberge for pilgrimmar i byen. I dag er byen mest kjend fordi der er eit par levande kreatur i kyrkja: Ein hane og ei høne vaglar seg nemleg der inne til minne om "hønseunderet", ei legende om ein gut på pilgrimsferd som vart uskuldig dømt til døden ved henging, og som på forunderlegvis framleis var i live, dinglande i tauet, når foreldra kom attende etter å ha vore til Santiago. Dommaren i byen, som tvilte på at dette kunne vere muleg, fekk seg ein støkk når han hevda at det var like lite sannsynleg at guten levde som at hanen og høna som var servert på middagsbordet hans skulle reise seg og begynne å kakle, nok dei gjorde i same augneblinken. (Katolsk mystisisme og helgendyrking har plass til krydder, noko lutheransk lære manglar!)

I denne byen var vi seks norske pilgrimmar samtidig, her er eg saman med to av dei: Ragnhild frå Bergen og Ann Siri frå Trondheim.

Det var også i Santo Domingo de la Calzada at Wilmar overraska meg med sjølvplukka blomsterbukett og fødselsdagssong, rett nok eit par dagar etter fødselsdagen min:)

mandag 11. mai 2009

Kvifor eg stadig vekk skriv om El Camino de Santiago

No er det like før eg skriv eit nytt innlegg om den evinnelege pilgrimsturen vår, eg fryktar at alle de som er innom bloggen min kjem til å gå grundig leie før eg klarer å avslutte følgjetongen min. Tenkte difor eg skulle fortelje kvifor eg er så standhaftig med denne historia.

For det første så var det faktisk FERIEN med store bokstavar for både mannen min og meg, for det andre så har eg eit mål med skriveriet mitt. Vi har fått ei flott bok i julegåve med eldstedattera vår, ei bok som handlar om ferien deira i Spania. Dei har late bileta fortelje heile historia, men det er fullt muleg å kombinere dette med tekst.


Herlege dagar på stranda, på vestsida av Spania er det Atlanteren som kjem inn, så sjøtemperaturen er frisk!

Tanken min er difor å lage ei bok der vi samlar bileta frå pilgimsferda, og sidan vi middelaldrande paret stadig "svekkest på minnet", trur eg det vil vere lurt å ha med litt tekst, så blir det ei verkeleg minnebok. Skriv eg litt og litt på bloggen min, kan vi samle teksten til slutt, og så kan min kjære mann få legge til bilete så mykje han berre vil, før vi sender "manus" inn til FotoKnutsen for "utgjeving" i bokform. Det blir no sjølvsagt gjevt å titulere seg som forfattar, sjølv om det berre blir eitt eksemplar av boka:)

Her frå besøk på ein galisisk restaurant med tradisjonsmat, der ein av rettane på menyen var griseøyrer:)

Eg har fått nokre spørsmål om det eg har skrive hittil, og tenkte eg kunne svare på dei no.
Kor mange land denne pilgrimsruta går innom: Mange pilgrimmar startar i Frankrike, Le Puy er eitt utgangspunkt, Somport eit anna, ein argentinsk gut vi vart kjende med hadde starta ved den heilage kjelda i Lourdes, ein hyggeleg mann frå Basel i Sveits hadde starta frå utgangsdøra si, eit nederlansk par hadde gått frå sin heimby. Ei rute startar i Portugal, men dei fleste startar ein eller annan stad i Spania.

Om det er langt mellom tettstader /byar på vegen: På størstedelen av turen ligg byar og små landsbyar tett, dei strekningane der det er litt avstand mellom byane er godt merka, slik at ein passar på å ta med nok vatn og mat.

Kvar vi skal gå i sommar: I løpet av dei 30 dagane vi hadde til rådvelde klarde vi å gå 700 av knappe 800 km. Det står alstå igjen 8 mil før vi kan seie at vi har fullført caminoen. Det skal vi i sommar, men sidan den vestlege delen av Spania har ein utruleg vakker natur, har vi bestemt oss for å gå om att den finaste delen, og skal difor gå 16 mil i staden for 8.



Her har pilgrimmane også fått plass i Spania-boka.

søndag 10. mai 2009

Ja, dagen vart fin:)

Eg har fått så hyggelege helsingar i samband med dåpsdagen til Håkon, tusen takk!
Ei glad og letta gudmor kunne etter gudstenesta stille opp for fotografering framfor døypefonten i Ulstein kyrkje.
Ho utførte gudmoroppgåva si på beste vis, passa seg så ho ikkje snubla i trappa og svarte klart og tydeleg på spørsmåla frå presten.

Dåpsbarnet sjølv, Håkon, var så tolmodig og grei gjennom heile gudstenesta.

Dei stolte foreldra hadde gjort ein flott innsats og dekka vakkert til 30 gjester heime hos seg sjølve. Vi fekk servert nydeleg koldtbord, og seinare eit typisk sunnmørsk kakebord med litt for mange kaker i høve til talet på gjester, men vi gjorde eit utruleg innhogg i alt det gode...


Så fekk vi knipsa eit bilete av Håkon saman med den einaste som lever av oldeforeldra, kjekt å få foreviga dei to saman på dåpsdagen, særleg sidan det er ho som har hekla dåpskjolen.



Sienna er så stolt over syskjenbarnet sitt, ho ville meir enn gjerne halde han på fanget og kose med han.

Den vellukka marengsbotnen min vart fylt med vaniljekrem, friske, tropiske frukter og jordbær, og vart oppeten før han vart "takras".

No er vi klare for den store dagen

Natta sig på, roa senkar seg, det har vore mykje å gjere i dag, men no er vi i mål, kaker er bakte, vellukka...... og mindre vellukka........

Eg fann ei oppskrift på ei Pavlova, (som eg ser at ho heiter. Eg har laga marengskake med frukt og krem mange gongar før, blant borna mine går ho under namnet takraskaka fordi ho ser noko samanrasa ut dagen derpå, men det er då ho smakar best!) eg følgde oppskrifta til punkt og prikke, bortsett frå at eg bytta ut sukkeret med fruktose. Resultet vart slik.
Så laga eg ei ny, men etter gamleoppskrifta, og den vart som forventa. Var det fruktosen som gjorde at den første vart mislukka?
Dåpskjolen er vaska og nystroken, klar til brukDenne dåpskjolen hekla mor til eldste barnebarnet, storejenta mi, skulle døypast. Han har vore i bruk mange gongar sidan, og det er kjekt at neste generasjon også vil vidareføre tradisjonen med denne dåpskjolen.


gåver til dåpsbarnet er innkjøpte og pent pakka inn, huset er rydda og vaska, resten av familien har lagt seg, eg har ei stund for meg sjølv før eg også skal finne senga så eg er frisk og opplagd til morgondagen:)

tirsdag 5. mai 2009

Vår og bunadstid

Våren er utan tvil høgsesong for bunadsbruk, då er det konfirmasjonar, nasjonaldag, songarstemne og gjerne også slektstreff, og alle desse festlegheitene foregår då med høg bunadsfaktor.

Til helga skal eg få vere fadder når Håkon, den vesle grandnevøen min, skal døypast. Det ser eg på som ei stor ære. Veslejenta mi er tiltrudd rolla som gudmor, ho er om muleg endå meir stolt og kry enn meg.
Ein ting er sikkert: Då må vi ha bunad begge to!

Eg fekk bunaden min til konfirmasjonen for...... lenge sidan, skal vi sjå....... 38 år sidan er det visst. Ettersom liv- og brystmål har auka har han nok vore utsett for eit par utsyingar, men framleis er sjølve bunaden like fin å sjå til. Skjorta derimot har tidens tann gnege kraftigare på, og ettersom ho også var i minste laget, fekk eg sydd meg ny, fin skjorte for eit par år sidan. Det var målsaum, må vite, men sidan sydama rekna med at eg sakte men sikkert kom til å sige meir ut i fasongen, tok ho gode mål. Både halslinning, og ikkje minst ermelinningar, var godt vide då eg tok henne i bruk.
No har det, mot formodning, gått andre vegen med mine strategiske mål. Eg måtte legge om livsstilen for nokre månader sidan, noko som har ført med seg ein markert nedgong i både mål og vekt. Dermed er det utenkjeleg at eg skal kunne bruke nyeskjorta no på søndag.

Dermed måtte eg grave fram den gamle, ho får tene ei stund til, endå eg har stoppa eit hol på halslinningen, og frynsene stikk fram på ermene.
Så får eg sjå etterkvart om eg får byte til meg ei ny skjorte hos nokon som kanskje treng seg ei større ei.
Uansett så er eg stolt av min Ørskogbunad, som er offisielle bunaden for Sunnmøre.

Veslejenta mi likte så godt ein annan variant at då ho skulle velje,vart det Ørstabunad på henne. Vakker den også. Broderia på dei to har same fargane, men kan hende Ørstabunaden har enda finare roser enn den andre.

Detalj frå halslinning, front og skulderlapp på Ørsta-skjorta.
Skulderlappen på Ørskog-skjorta:Veslejenta mi meiner at eg ikkje treng å blande henne inn i blogginga mi, men eg må no få lov til å vise fram den fine bunaden hennar. Biletet knipsa vi i fjor på konfirmasjonsdagen, ho og ei god venninne stod rett utanfor kyrkjetrappa. Her ser vi Ørstabunaden til venstre og Ørskogbunaden til høgre.