søndag 17. mai 2009

Gratulerer med dagen!

I dag kunne eg ha skrive om MGP og sigeren der, eller om gleda ved å bu i eit demokratisk land, men eg er heller litt nostalgisk og aldri så lite kry, eg. Kry over dei flotte karane som eg omgir meg med.

I 1950 var mannen min to år, då kjøpte svigermor mi ny, fin matrosdress til han. Dressen er av ull med silkekrage og silkesnor med ei fløyte i enden. Fløyta kan puttast opp i ei lita brystlomme slik at snora heng ned over brystet i ein elegant boge. Buksa har snøring bak i livet og blir knappa på trøya.

Det svigermor hugsar best frå denne 17.mai-en er at guten hennar fekk sleppe ut for døra før dei skulle gå og vere med i barnetoget, og når ho og svigerfar var klare til å gå, fann dei veslegut sitjande nedgraven i ein sandhaug og heile dressen var lysegrå av sandstøv:) Det vart sikkert nokre hektiske minutt med børsting og flekkfjerning før dei kom seg avgarde den morgonen!

Svigermor mi tok godt vare på dressen, i 1978 var eldsteguten vår to år, då fekk vi dressen heim til oss, men guten vår var så smal i fasongen at han kom aldeles bort i pappa sin matrosdress, det vart difor aldri til at han brukte han, sameleis var det med andre guten vår, altfor tynn til å passe inn i dressen.

Dermed vart han liggande her i huset som eit klenodie i mange år, heilt til barnebarn nr. 2, Anthony, var nesten tre år, det var første året han skulle feire 17.mai i Norge, dei budde i Sveits til august 2000. Då børsta vi støvet av dressen, og sjå her kor flott han tok seg ut i bestefar sin 51 år gamle dress!

Seinare har dressen vore i bruk både til Mateo og Oliver, og like flotte har dei vore begge to. Eg finn diverre ikkje bilete av Oliver i mappene mine, men her er i alle fall Mateo.






Ha ein god 17.mai vidare!


4 kommentarer:

  1. Gratulera med dagen!!!
    Ein strålande dag!!

    SvarSlett
  2. Nei så artig! Og dette vart litt nostalgi for meg også.. eg hugsar eg følgde søskenbarna mine (som var naboar med meg) til skreddaren for prøving av matrosdressar.Og dei såg på ein prikk lik ut som den du viser bilde av..Veit ikkje om dei har vore like flink som deg og tatt vare på dressen...
    Håpar du har hatt ein strålande nasjonaldag og kos deg med resten av den:0)

    SvarSlett
  3. Kjempe flotte gutter i den flott dressen etter bestefar.
    Skjønner godt at du er stolt, artig er det også at du har tatt vare på slike ting,dette liker jeg!!
    Ønsker deg ei fortsatt fin mai uke!!

    SvarSlett
  4. Sånne sveisne gutter, alle med samme nydelige matrosdress! Fine bilder å ha for ettertida!

    SvarSlett