søndag 29. april 2012

I dag har vi feira Luca,

den fyrste av barneborna våre som er konfirmant:)

Konfirmanten og foreldra

Konfirmasjonen til Luca 007
 
Konfirmanten og oldemødrene

Konfirmasjonen til Luca 002

Konfirmanten og besteforeldra

Konfirmasjonen til Luca 010

Ein flott kar og ein kjekk gut som Besta er kjempekry av:)
Gratulerer med dagen, Luca, og takk for eit fint selskap!

søndag 15. april 2012

Våren–jada:)

Same kor mykje nordavind, og sjølv om hagl og snø kjem dettande ned frå skyene, så sprett våren fram.

Vårblomster -12 012

Det ligg så mykje livskraft og sprengjer på at vårteikna dukkar opp i år som i fjor:)

Vårblomster -12 028

Frå sykkelsetet, på veg til og frå jobb, har eg sett både kusymrene og ein og annan kvitveis, så no var det på tide å ta seg ei runde med fotoapparatet og forevige desse skjønne skapningane.
Blåveisen veks ikkje fritt her på vår kant av landet, men dei er ikkje så verst dei plantene som trivest her heller:)

Vårblomster -12 010

Vårblomster -12 017

tirsdag 10. april 2012

Sykling og slikt

Når ein snart fyller seks år er det nesten forventa at ein skal kunne sykle på tohjulssykkel.
Men ikkje alle er like interessert i sykling – og ikkje alle kjenner seg trygge på at dei klarer å halde balansen når beina er plasserte på sykkeltrødene.

Marylin har vore heilt fornøgd med å ha på støttehjula på den vesle sykkelen sin, som ho har hatt sidan påska i 2009.

Påska 09 familietur 005

Men når det kjem kommentarar frå dei andre ungane i gata, så må berre støttehjula av, og mamma til Marylin hadde ei viss forventning om at når berre besteforeldra kom på påskebesøk så skulle det bli ei ordning med å lære å sykle – “på orntli”.

Klart det, med to pedagogar på oppdraget så måtte det bli sving på sakene! Passe helling fann vi rett utanfor huset, og jenta var både samarbeids- og lærevillig:)

Påska -12 007

Fyrst lære å halde balansen

Påska -12 005

Så auke farta

Påska -12 008

og øve meir

Påska -12 014

-og vips, så er jenta syklist!

Michael fann seg godt til rette med bestefar som “motor”

Påska -12 012

og berre kosa seg i solskinet:)

Påska -12 013

Kosa oss gjorde vi også på Oslobesøk hos born og borneborn, her er forresten Michael i mariusen som eg strikka til han i vinter:

Michael 0412 003

søndag 1. april 2012

Påskeferie

Deilig med nokre fridagar, og herleg med dei lyse, lette fargane som inntek huset når vi pyntar til høgtida – så får berre snøen lave ned utanfor…..

Påske -12 009

Eg trur vi har meir påskepynt enn julepynt, utruleg alt ungane har hatt med heim gjennom åra!

Påske -12 004

Litt har eg laga sjølv også

Påske -12 005

Og nokre ting har eg fått av andre

Påske -12 001

Litt har vi kjøpt

Påske -12 023

Og det meste er i gult og pastell:)

Påske -12 014

God påske!

Påske -12 012