tirsdag 29. november 2011

Ei forunderleg reise attende til barndommen

For nokre veker sidan var eg innom ein blogg frå nabokommunen, Herøy. Der såg eg til mi store forundring bilete frå loftet til mormor og morfar!
Mette som eig bloggen http://fjellromantikk.blogspot.com/
hadde vore på besøk hos butikken
Bella Blå: www.bellablaa.no som held til i underetasjen i huset som besteforeldra mine eigde i Fosnavåg. No har butikken teke i bruk loftet også, der stiller dei ut varer, og i samarbeid med andre lokale bedrifter serverer dei både kaffi og god bakst der oppe.

Ei så merkeleg oppdaging kvalifiserte til nærare utforsking; så fredag trassa systra mi og eg uveret “Berit” og reiste utover for å finne ut om dette kunne vekke til live gode minne frå barndommen.

Rart å gå trappa OPP til inngangsdøra i staden for NED, slik det var før…

Rart kor liten gangen innanfor inngangsdøra er!

DSCF1331

Rart å ta trappa opp til loftet og gå seg rett på gjesteromet der vi brukte å sove når vi var på besøk:)

DSCF1312

Annleis, men likt!

DSCF1314

DSCF1315

Kle-roma, der dyner, klerulle og sesong-kleda vart oppbevarte..... – ein gong, når huset var fullt av tilreisande sov vi på flatseng i eit av desse roma:)

DSCF1316

DSCF1328

DSCF1326

Det budde alltid leigebuarar på loftet i vår tid, men vi var no innom hos dei, så vi kunne godt kjenne oss igjen på kjøkkenet, sjølv om der vanlegvis ikkje var gode bakverk når vi var på besøk.

DSCF1318

DSCF1319 Ei aldri så lita overrasking venta på meg: Eit lite rom ved sida av trappa som har vore ukjent for meg heilt fram til no.

DSCF1324

Koseleg tillaga med takvindauge,

DSCF1320  barneseng, 

DSCF1323eit lite skap med blomster på

DSCF1321

og hylle på veggen. Det var som å opne ein forundringspakke!

Når eg konfererte med mor laurdag, fekk eg svaret på kva dette var for eit rom: Jenteromet - altså det romet tenestejenta sov på når mor og syskjena hennar var små. I min barndom var det sikkert brukt som lagerrom for leigebuarane.

Jauda, barndommen kom litt nærare, det var forunderleg og nostalgisk, kjekt at Bella Blå skaper miljø på denne måten!

Etterpå stakk vi over gata til Blomster og Gaver Hilde og Stine så eg fekk kjøpt meg ko:ko-kjolen “Berit” medan "Berit" herja utandørs:)

ko:ko-kjole/-berit

søndag 20. november 2011

-Ei pølse i slaktetida -

No har vi sparka i gong julestria:)

November Michael -11 010

Mor og datter i gong med môring.
Tungt arbeid, men lett samanlikna med den tida kverna var handdriven!

November Michael -11 013

søndag 6. november 2011

Strikkar Strikkebesta?

Jada, stadig vekk, men eg har ikkje vore særleg flink til å oppdatere, lufta har liksom gått heil ut av ballongen når det gjeld å sette seg ned og lage blogg-innlegg.
Kva grunnen til det kan vere er ikkje så lett å svare på, men litt blading i blogge-bøkene mine ga inspirasjon, så no skal du sjå kva eg har pusla med i det siste:

Eit nytt trekantsjal –Aka nightingale, gratis oppskrift på Ravelry. Eg valde svart Tynn alpakka.




Michael har fått to nye barnehage-genserar, ein Kjekkasgensar strikka i dobbel Smart.(Oppskrift på Pickles.) 
Den vart veldig tjukk og hard, men tøff! Passar godt til å herje ute i haustlauvet i:)


Oktober -11 004


Flettegensaren som eg begynte på i mai er også ferdig – kjole, seier mamma hans, kjempefin, sier Besta:)




Så fekk eg lyst til strikke Kerrtu-sokkar igjen, fire par har det vorte hittil, her er bilete av tre av dei:November-11 015


No er det under ein månad til det skal vere julemarknad i Steinerbarnehagen til M og M, så salsobjekt til den er det som står for tur hos meg. I år satsar eg på tjukkelestar med rullekant, greie å strikke og varme og gode å ha på.

November-11 019

Koseleg å strikke i mørketida med lys på bordet og te i koppen:)

November-11 009