onsdag 28. september 2016

Slik var sommaren

I år hadde vi ikkje lagt opp til nokon stortur, vi visste at det kom ein blåtur, elles ville vi sjølvsagt ein tur til Oslo og verte kjende med det minste barnebarnet vårt, og så ville nokre venner frå Stord kome på besøk.

Vi køyrde direkte frå blåturen i Lom til Oslo. Der tok vi livet med ro, vi slappa av heime med Marte og familien,


 vi tok oss ein bytur,


vi besøkte tante Inger på Landøya, og vi var på besøk i Marikova i Fagerstrand.


Det ser ut til å verte ein tradisjon at eg må ha meg ein symjetur når eg er der, og slik vart det denne gongen også.


Michael, Helle, Marylin og eg kosa oss i den godt tempererte Oslofjorden. Det var så kjekt at det var vanskeleg å få ungane på land igjen..



Vel heimkomne til Sunnmøre fekk vi besøk av Ann-Elisabeth og Harald, han og Ånund har vore venner sidan dei var små, og vi har det alltid triveleg når vi er i lag med dei. Dei hadde lyst til å sjå seg om i fylket vårt, og jammen var det bra, då kom vi oss også rundt til plassar som vi har snakka om at vi vil besøkje, og så har det berre vorte med praten....

Først i nærområdet, med båttur i heimkommunen 


og så i bil til Runde.



Ein skikkeleg attraksjon i fylket vårt er Atlanterhavsvegen, den køyrde vi ein fin sommardag, med fleire stopp på ruta. Første stopp var Fjellstua i Ålesund.



Så måtte vi ha oss ei runde i Storgata i Molde, det var jo midt i jazzfestivalen.


I Bud var det tid for ein kaffikopp, og sjølvsagt ein rask dypp i sjøen på Farstadsanden.


Omtrent midtvegs på Atlanterhavsvegen er det bygt ut ein promenade der ein kan spasere rundt eit nes og verkeleg ta inn den storslåtte naturen.

Derfrå kan ein også beundre den mest særmerkte brua på strekninga.


I Kristiansund tok vi inn på hotell, så gjekk vi på byen og åt oss ein god middag før vi traska ein tur langs med sjøen og prøvde å finn ut av alle "landa" som denne byen består av; Innlandet, Kirkelandet, Gomalandet....




Neste dag, i eit ver som eigentleg var alt for godt til å sitje i ein bil, hadde vi oss ei skikkeleg sigtseeing-runde. Då køyrde vi om Eresfjorden til Åndalsnes, vidare opp Trollstigen til Valldal, sjølvsagt med nokre naturlege stopp undervegs, både på toppen av Trollstigen



 og ved Gudbrandsjuvet.



Frå Valldalen "barst" det vidare med ferja Linge - Eidsdal og over fjeller til Geiranger. Vi stoppa ikkje i turistvrimmelen der, men fortsette vidare, heilt opp på Dalsnibba.



Så svippa vi innom Oppland fylke ved Grotli, før vi køyrde inn i Sogn og Fjordane på Strynefjellet, og nedover til Stryn og hytta vi fekk låne der. Etter grilling på bålpanna og Valldaljordbær til dessert, fekk vi ei god natt søvn i den flotte hytta.




Vi hadde god tid til å sjå oss om i Stryn sentrum neste dag, og til å handle litt i dei mange outletbutikkane med kjende lokale merke som Ricco Vero, Skogstad og Moods of Norway.
Før vi vende nasa heimover måtte vi ein tur fram til Hjelle hotell og kose oss med nytrekt kaffi og scones, "the English way".







Vel tilbake i heimfylket avla vi padda eit besøk.


For oss to som bur omtrent midt opp i all denne vakre naturen, var det likevel fyrste gong vi var i Eresfjorden og på Dalsnibba.

Etter at sommargjesten var reiste fann eg fram rokken og spann 1 km med dobbelttvinna tråd av villsau-ull til Magnus. Han hadde karda all ulla for hand, tre stampar fulle.




Tråden skal han bruke til å strikke tøfler og sitjeunderlag som han skal tove.

Den årlege jordbærturen til Valldal vart unnagjort ein fin søndag, det vart mykje jordbær- og bringebærsylte til frysaren, som vanleg. 


Denne gongen stoppa vi i Stordalen og tok ein kikk på Rosekyrkja frå 1700-talet.





Den siste veka før skulestart hadde vi besøk av Marylin og Michael, då regna det seks dagar i strekk,
det var berre så vidt vi rakk å stikke nasa ut for døra mellom bygene,


men vi fann no på litt av kvart som vi kunne halde på med innandørs, då.




Og så fekk vi kjøpt skulesekk til Michael😉



tirsdag 27. september 2016

Fin farge

Plommene er hausta for i år,


 og det som ikkje gjekk i magen enda i syltegryta


Gulplommene, som vi vanlegvis ikkje synest så mykje om, vart gode i år, og det vart sylta også.


Og som ein ekstra bonus så er fargen gul og vakker også😃


torsdag 22. september 2016

Og blåturen ....



...... vart både spanande og vellukka. Vi hadde ei lita aning om vassaktivitet, og det slo til. Turen gjekk til Lom, der hadde dei føretaksomme ungane våre bestilt tre campinghytter med ferdig oppreidde sengar, nesten som å bu på hotell. Det var berre dei tre eldste barneborna som ikkje var med, ellers var vi samla heile hurven, atten personar med stort og smått.


Vi fekk møte det nye barnebarnet vårt, Mio, for fyrste gong, han var alt fem veker og vi hadde kjent på lysta til å halde han og snuse på han lenge, så det var sjølvsagt stort.Han er akkurat like nydelig og god som foreldra og syskjena hadde fortalt oss.


Fyrste kvelden var det nok berre å få møtast og vere i lag og finne ut kva slags fasilitetar der var på campingplassen.







Men alt neste føremiddag var det full action., då var det berre å få i seg frukosten og gjere seg klar.




Vi skulle til Bismo og rafte i Ottaelva. Dette er noko eg har hatt lyst til lenge, og det visste sjølvsagt familien om. Ånund var nok ikkje like glad for at denne aktiviteten stod på programmet, men han kunne ikkje godt halde seg på land og berre sjå på moroa på sjølvaste fødselsdagen sin.


Dermed var det på med neoprendrakter - ei oppleving berre det, særleg for Ånund sin del - han hadde fått tildelt ei damedrakt med rosa mage str.42, når han faktisk måtte ha den største herredrakta dei hadde på lager, så etter mykje om og men, og to hjelpande påkledarar vart han endeleg "fit for fight". Desverre var det ingen som fekk festa dette dramaet på film.


Litt instruksjon og opplæring måtte til før vi kom oss i flåtane, og litt meir øving og instruksjon vart det etter at vi hadde sett dei på elva, men så kunne festen begynne!

Ånund, Tove, Daniel og eg kom i same flåten og vi hadde fått ein fransk instruktør som hevda at han var den som snakka minst engelsk av alle, men kommunikasjonen gjekk i grunnen greitt. Elva var så pass strid at vi fekk både gynge oss og kjenne kreftene i dei største stryka nedover.
Petter, som hadde rafta før, ofra seg og sat i barneflåten saman med Mateo 12, Oliver 11, Marylin 10 og Michael 6. Dei tok seg forbi dei tøffaste stykka på land, men dei fekk stor nok fart til at  dei kjende det kitla i magen dei også.




Vi fekk også prøve å hoppe ut i stryka og bli fanga opp av straumen og ført nedover elva i stor fart, kjempespanande og veldig kjekt! Vi hadde fått instruksjon om å kare oss inn til land på eit bestemt punkt, men eg var forbi det punktet før eg hadde fått vatnet ut av augene, så då var det greitt at dei hadde med redningsline som dei kasta ut til meg og halte meg på land.


I dei rolege partia vart vi utfordra til ulike sprell, som å vandre rundt ripa på flåten, site fram på baugen medan dei andre fekk flåten til å rotere, sprute vatn på og kidnappe dei som sat i andre flåtar osb.

Ikkje alle sprell vart like elegante.....


Vi fann også ei roleg bakevje der vi gjekk på land og laga "sklie" av flåtane.



Det var ein strålande fin dag, så Laura, Oskar, Janne, Marte og Mio som ikkje fekk vere med og rafte kunne kose seg i sola i staden.

Vi bestilte porsjonspizza frå Bakeriet i Lom om kvelden, det vart mange pizzaer og dermed oppstod "Det skeive tårn av pizza"


Oskar tok jobben med å rydde opp etter oss.


Neste dag var det berre å kome seg ut av sengene og gjere seg klar igen, no var det klatring som stod på programmet. Etter litt feilnavigering fann vi fram til Galdhøpiggen aktivitetspark, der var det på med hjelm og sikkerheitsutstyr, så litt instruksjon om korleis sikre seg sjølv - og så var det berre å sette i gong.



Der er seks løyper med aukande vanskegrad, så alle fekk utfordringar, uansett nivå. 



Vi var der i fleire timar, ikkje alle klatra like lenge, men det var kjekt å sjå på dei som var i aktivitet også.




For dei som tok ansvar for dei to småttisane i flokken vart det ein noko kald og langtekkelig dag, men vi høyrde ingen klager.

Etter ei god matøkt og ein like god dusj begynte vi så smått å gjere oss klar til restaurantbesøk.


Bord og meny var bestilt på førehand. Vi åt oss gjennom fire rettar, eg starta så bra med å fotografere forretten,


men så vart eg så oppteken med å ete at eg fekk ikkje foreviga sjøkrepssuppa, det langtidssteikte kjøtet eller rabarbradesserten, men godt var det, og kosa oss gjorde vi, ikkje sant, Oliver?



Oskar fekk spesialoppvarting, han åt pannekaker i staden for all den fancy maten vi fekk, og verka svært fornøgd med det bytet.

Nokre av dei sprekaste og yngste vaksne i flokken tok seg ei pubrunde etterpå, medan gamlefolket var vel fornøgde og gjekk til køys.
Jose, som er ein ihuga fjellvandrar, stod opp kl.06:00 neste morgon og gjekk på Lomseggen, han var tilbake omtrent når vi andre stod opp og begynte å tenkje på frukosten.


Så var blåturen over,


men før vi forlet Lom tok vi oss tid til ein god kopp kaffi på bakeriet,

og så var det endå ein aktivitet som måtte prøvast, i alle fall for nokre: Å henge i løypestreng, eller "zip line", over fossen som renn gjennom sentrum av landsbyen.



Marte, som hadde halde seg i skinnet heile helga, fem veker etter fødselen, fekk endeleg vere med på litt galskap ho også, her heng ho opp-ned medan ho suser over fossen og under brua. 

Eg stod over denne seansen, men har tenkt i ettertid at eg burde i grunnen ha nytta høvet til å prøve når sjansen baud seg....