lørdag 19. oktober 2013

Ein skatt av eit klesplagg

Vi er så heldige at vi har ei mor/sviger-/beste-/oldemor som tek vare på ting. Ein ting vi verkelege har gleda av å bruke om og om igjen er matorsdressen til mannen min.

Tenk at for 62 år sidan kjøpte ho inn ein splitter ny matrosdress I ull, med silkekrage , silkemansjettar og silkesnor i fløyta til eldsteguten sin, mannen min.

IMG_8799

IMG_8801

IMG_8810

Der er mange finurlege detaljar på dressen, som at buksa heng fast på trøya etter fire knappar

IMG_8802

-at der er snøring I livet bak på buksa

IMG_8804

-at der er sydde legg på skuldrane og ned på ermane på trøya, og flott løvemerke på eine ermet

IMG_8797

-at fløyta framdeles gir lyd frå seg når vi bles I henne

IMG_8803

-at gutebarnebarna mine tek seg så flotte ut når dei får på seg bestefar sin matrosdress.

IMG_8811

Våre eigne gutar hadda aldri på seg dressen, dei hadde for lite kjøt på beina til å fylle ut i han når dei var i aktuell alder. Den eldste av barnebarna fekk heller ikkje brukt dressen, han flytta ikkje hit til landet før han var litt for stor for han.

Men Anthony, Mateo, Oliver, og sist Michael har alle vore dressa opp i det staselege, gamle plagget, og Besta har vore like sjarmert og kry av alle saman:)

IMG_8846                      IMG_8845

Veslebror til mannen min var ikkje like begeistra med gjensynet då Michael kom i konfirmasjonen til Anthony

IMG_8836 

iført stasplagget; han hadde friskt i minnet korleis han sneik seg fram mellom ei rekkje bilar på ein parkeringsplass då han som femåring vart trua inn I dressen på syttande mai…

fredag 18. oktober 2013

Fredagskveld i heimen

Kjekt å oppdage at mannen i huset framleis kan å overraske. I dag kom eg seint heim frå jobb, tung i hovudet etter å ha planlagt neste veke og laga opplegg til ulike vikarar for to dagar når eg skal vere student, og fann denne flotte rosebuketten på stovebordet:)

,

.....og no bryggjer han te til oss:) 

Ha ei god helg!

torsdag 10. oktober 2013

Busstur

Tur med alle 10. klassene. Målet er Krakow og Auswich. Det blir mange timar i bussen. Ungdommane har ein beundringsverdig evne til å sove seg gjennom bussinga, det har ikkje eg.... Veldig greitt då å ha eit strikk å halde i:) kerttusokkar på gong, dei har eg i fingrane.