søndag 28. februar 2010

Batteria lada

Gå tur i skogen -
sette seg på eit nedfallstre i sørhellinga med ei saftig appelsin -

og nyte sola -

og utsikta -


Kan ein ha det betre?

Klar for ny arbeidsveke, eg:)

lørdag 27. februar 2010

Fordi eg bloggar....

Eg har inga god forklaring på kvifor eg bloggar, det er litt tilfeldig, eg gjer det så lenge eg har glede av det. Eg skriv om det som fell meg inn, og det som eg blir inspirert til - eller utfordra på.
Etter vel eit år som bloggar har eg fått ein viss lesarskare, nokre er medbloggarar som stadig er innom med kommentarar, takk for det:) Andre surfar berre innom når dei sit ved pc-en, og andre kikkar inn for å sjå kva eg no styrer med.

I syltetida på seinsommaren var eg frampå og spurde om nokon kunne fortelje meg kvar eg fekk tak i syltekrukker med hol i lôket, ikkje lenge etter hadde to av mine medbloggarar sendt meg ei syltekrukke kvar, noko eg vart veldig glad for, og eg tok dei i bruk med ein gong.
Men det er andre der ute som også har lagt merke til etterlysinga; svigerinna mi som bur i Sverige, og som elskar å gjere "fynd på loppis", har samla på krukker til meg sidan, eg fekk nokre i haust då eg var på besøk, og nokre kom til jul:) No har eg altså skaffa meg eit samleobjekt - og det er vel greitt, eg har ikkje hatt for vane å samle på spesielle ting før, men no gjer eg det - fordi eg bloggar....

For eit par veker sidan vart eg utfordra til å skrive om nyttige reiskapar, eg la då ut om den kjære vispen som eg har hatt eit særskilt forhold til heilt sidan eg gifta meg, no er han snart utsliten og eg har ikkje funne erstatning for han nokon stad.
Kva skjer så?
Tysdag kom veslesystra mi på besøk, ho hadde med gåve, det var faktisk bryllupsdagen vår:) - eg pakka ut og der låg ein splitter ny visp av den sorten som eg har kikka etter i årevis! Han var å finne på den lokale Jerniabutikken, og eg fekk han fordi eg bloggar......

fredag 26. februar 2010

Wienerbrød

Eg skal ikkje påstå at wienerbrød er nokon favoritt hos meg. Mannen min, derimot, et gjerne wienerbrød når sjansen byr seg, så kvifor ikkje glede han litt ekstra sidan eg treng ein W til ABC-leiken denne veka?

Oppskrifta fann eg her:


Litt moderering må til, det er no grenser for kor mykje smør ein skal trykkje inn i ein deig! Og kvifor ikkje prøve å skifte ut 200g av kveitemjølet med fibermjøl?

Ganske artig å kjevle smøret inn lag for lag, forresten:)

Klar for steiking!

Litt sterk varme, kanskje?

Spennande å sjå om det ferdige wienerbrødet deler seg i fleire lag, slik det skal!
Godkjent?

Litt melis på toppen - så: KAFFI!

Kan wienerbrød frysast, forresten? Vi to kan då ikkje ete så mykje åleine, same kor godt det smakte!
Fleire W-ar kan du sjå på her.

torsdag 25. februar 2010

Balljegôve

heiter det når sunnmøringar samlast for å ete potetball.
Men ballen skal lagast fyrst:
Ein heil haug poteter skal skrellast og kuttast, nokre kokte poteter må vi også ha,
godt å ha kjøtkvern på Kenwooden - så må det salt, byggmjøl og litt kveitemjøl til,
og sjølvsagt skal vi ha lettsalta flesk i midten.

Når så ballen er komen i gryta og har fått godgjort seg der ein time eller to, så kan balljegôva begynne.

Kokt rabbe, pølser, smelta smør og kefir er fast følgje til denne middagen.

Hos oss er vi minst ti til bords når det er potetball på menyen:)

Fredeleg

Tur i skogen gir ro i sjela.

Frosten sit i all naturen...

nei, ikkje heilt, sjølv i minus 8 slidrar vatnet fram...

Og frå utsiktspunktet skimtar ein hurtigruta som legg ut frå Torvik med kurs for Ålesund.

mandag 22. februar 2010

På tur med Helene harefrøken.

Den uvanlege snømengda vi har denne vinteren har gjort at eg ikkje har gått den vanlege fjellturen min i nærområdet sidan romjula. I dag bestemte eg meg for å spasere på skaren, gjennom skogen av lerketre,

i alle fall til den næraste toppen - eller haugen - Stemnehornet.
Det første som møtte meg i skogkanten var spor etter harefrøkena, og sjølv om eg ikkje såg snurten av henne, så var det som å følgje henne på tur, ho hadde vore der før meg, heile runda, frå eg starta til eg var heime igjen.


Men det var ikkje berre harefrøkena som hadde vore ute og gått: I brattaste lia, der eg frykta at eg ikkje skulle kome meg opp grunna is, der har hjorten tydelegvis trakket sitt. Eg er imponert over at desse flotte dyra, med dei tynne beina, tek seg fram i både djupsnø og isføre i slikt ulendt terreng!

Normalt ville denne vesle turen ta meg 25 minutt, i dag brukte eg vel ein time, men det var vel verdt strabasane å få kome seg opp på den vesle høgda og nyte utsikta mot havet:)

lørdag 20. februar 2010

Vinterferie



Bokstaven i veke 7 er V.
Fleire v-er er å finne her.


Min versjon er slik:
Vere lat med bok og strikk i sofakroken.........

Henge ein vårleg blåfugl i vindauget.....

Velje sjølv kva eg skal gjere frå morgon til kveld.....


Vere ute og nyte vakkert vintervêr


Slik vil eg ønskje alle ei god veke:)

fredag 12. februar 2010

Ulla var frå Ulsteinvik

......song ein sogning for nokre år sidan, eg har litt ull av sauer frå Ulstein så den ulla er frå Ulsteinvik, men eg kjenner ikkje nokon som heiter Ulla:)
Ulstein er ein av to kommunar som ligg på Hareidlandet, ei øy sørvest for Ålesund. Ulstein kommune er mest kjend for skipsindustrien og fotballaget Hødd. Men her er mange andre goder som vi godt kan skrive om:
I nordenden av øya finn vi Flø, med havet rett imot er naturen og lyset der vel verdt eit besøk. Dei seinare åra har Flø vorte "trendstaden" i kommunen, fleire unge har bygt seg hus på den forblåste stripa mellom fjell og fjøre, eit fotogalleri er opna, og eigaren har fått fleire verdskjende kunstnarar til å stille ut hos seg. Han har også opna Moods of Norway-butikk, og siste kolleksjonen deira blir lansert frå Flø:)

I kommunen vår er det mange fine viker, øyar og holmar for dei som likar båtlivet, og det er ikkje langt ut til gode fiskefelt. Terrenget er variert, og her er mange fine turmål for dei som trivest med å gå på fjellet.

Kommunesenteret, Ulsteinvik ligg lunt til, senteret har vakse raskt dei siste åra, både når det gjeld butikkar, kulturbygg og husvære.

Frå favorittfjellet mitt, Hasundhornet, er utsikta mot Ulsteinvik slik:




Andre flotte U-ar kan du sjå om du kikkar deg inn her.

torsdag 11. februar 2010

Utfordring.

Er det noko eg har problem med her i livet, så er det å stå imot utfordringar. Det kan sjølvsagt føre meg opp i mange vanskelege situasjonar, men denne gongen er det heldigvis ei overkomeleg utfordring Mormonsen har gitt meg: Skriv om nyttige reiskapar du har bruk for i kvardagen.

I jobbsamanheng er den nyttigaste reiskapen utan tvil den vesle firkanta boksen som eg opnar så snart eg er på plass om morgonen, og den siste eg let att før eg går heim langt ut på ettermiddagen: Pc-en.



Før denne forhatte, men velsigna reiskapen vart fast inventar på arbeidsroma rundt om på skulane, gjekk det med uendeleg mange timar til å lage skjema, med linjal og tusj som hjelpemiddel, du veit, det er haugevis med planar som skal lagast på ein skule: Fagplanar, vekeplanar, dagplanar, møteplanar, planar for individuell opplæring og planar for spesielle tiltak. Det skal også lagast oversikter over ulike oppgåver som elevane skal utføre, oversikt over fjell-, idretts- og skidagar osb.

Nesten heilt fram til årtusenskiftet var den viktigaste reiskapen blyant /penn / tusj og linjal. Alle planar var handskrivne, ei god hjelp var blanko og kopimaskin, men samanlikna med alle mulegheiter vi har fått med pc-en når det gjeld kopiering, redigering, endring av layout og oppsett,var den gamle måten berre tungvindt og seindrektig.

I heimen er eg visst eit veldig rørete menneske,i alle fall er rørereiskapar det eg synest er viktigast. Vi har ein visp som vi fekk i bryllypspresang, saman med mange andre nyttige gjenstander til heimen, og denne vispen passar eg på som om han skulle vere gullbelagt! Etter mange og tredve år er han både "furet og værbitt" og eg fryktar at loddinga mellom visp og handtak kan gå opp kva dag som helst, og så finn eg ikkje noko som kan erstatte han!



Den gamle ballongvispen er ok til sitt bruk, og det har kome i hus ein fancy sak med blankt, fint stålhandtak, men som visp gjer han ikkje nytta. Det einaste som delvis kan måle seg med gamlevispen er to sjølvlaga rørereiskapar i furu.



Men kven veit, kanskje nokon finn akkurat ein slik visp på ein loppemarknad eller brukthandel og sender til meg - det har hendt før at omtenksame medbloggarar har trådt til og sendt meg det eg har ønskt meg:)

mandag 8. februar 2010

I was born under a lucky star

Dette året teiknar godt - eg har sett det på andre bloggar tidlegare, at når ein først har vinnarlykke så slår det til gong etter gong - og no ser det ut som det er eg som er inne i ein god stim. Så langt i år har det dumpa tre pakkar med flotte gåver frå medbloggarar ned i heimen min:
Frå Gamleheksa kom det gode pulsvarmarar, Bodil i Handarbeidsglede sende meg ein flott brodert duk og frå tubakk, som er kollega her i heimkommunen min, fekk eg ei nydeleg nålemappe med innhald:)



Ikkje nok med det, interessa mi for spinning, som breier meir og meir om seg, har ført til at folk eg kjenner kjem med både ull, ein heil pose full, og kardar.



Denne helga har eg vaska ullfiber, eg tok ikkje sjansen på å vaske meir enn halvparten, i tilfelle det skulle gå gale. Eg følgde instruksjonen som står i boka "Start spinning" av Maggie Casey, og det gjekk heilt fint:)
Det er same boka eg hadde som rettesnor då eg starta å spinne, både med handtein, og seinare med rokk, og no prøver eg meg fram med karding etter rettleiinga i boka.



Eg blir nok ingen meister på dette feltet heller med det første, men eg har no fått til å karde nokre tullar såpass at det skal gå greit å spinne dei, så kjem vel teknikken med åra...
Spennande er det i alle fall, og eg skulle ønskje tida strakk betre til!

lørdag 6. februar 2010

T-tankar.

Jada, eg veit at eg er seint ute med bidraget mitt til ABC-leiken, Petunia, men her er det:)

Etter ein rask liten symjetur på laurdags formiddagen er det ingenting som kan måle seg med ein rykande varm tekopp! I alle fall når temperaturen i lufta er rundt 0 grader.



Te drikk vi kvar dag, til frukost, til nistematen, og om kvelden.
Om morgonen er Liptons Yellow Label grei å ty til, på jobb går det i Earl Grey, medan vi må variere litt på kveldstid.
I desember og januar gjekk det i herleg julete-blanding, eg har også diverse fruktte-blandingar, og ein eksklusiv te frå Mauritius med ein aning av vanilje, men ikkje for mykje. Den teen fekk eg med svogeren til eldstejenta i sommar. Han er frå Mauritius, men er busett i Sveits, og han fortel at kvar gong han besøker familien, så kjøper han med seg fleire kilo av denne gode blandinga heim.
Eksklusivt med andre ord, så denne teen drikk vi ikkje ofte.



Same kva teblanding vi måtte velje, av dei i laus vekt, så må vi ha tesil, då er det kjekt med desse små som vi puttar i tekoppen, for då treng vi ikkje å brygge ei heil kanne kvar gong vi vil ha oss ein god kopp te:)



Storejenta mi, Tove, høyrer også med når T-en står for tur:
Danseglad firebarnsmamma som stort sett er blid og fornøgd:)


Mange gode T-ar kan du finne her.

mandag 1. februar 2010

Ull frå utegangar-sau.

I dag har eg hatt besøk av Anita - ANE - ho med Hagebø-bloggen. Ho har lånt ein handtein med meg og fått sansen for spinning:) I dag kom ho med ubehandla ull frå utegangar-sau, eller vikingsau. Eg sa at eg har lese om vasking av ull i vaskepose, så kan ein karde og spinne ulla etterpå. Men nei, Anita har delteke på eit spinnekurs ein gong for lenge sidan, og då kurshaldaren der fekk sjå ulla, og kjenne på kvaliteten, så meinte han at slik ull skal ikkje kardast!


Dette verka spennande, så eg måtte berre prøve og sjå korleis fibrane reagerte når eg begynte å trekke og dra i dei. Og jammen let ulla seg drafte, eg kunne drage ut lange lengder rett frå ullkrullen! Så var det berre å sette seg til rokken og prøve om det gjekk å spinne dei drafta lengdene.
Ullfiberet er ganske seigt, fullt av lanolin - og ein del rusk -, men tråden vart fin:) Nydeleg melering i den grå ulla, den brune har eg ikkje fått prøvt enno, men fargen er fantastisk flott!
Trur nok eg må ta meg ein tur bort til Linda som eig sauene og sjå om der er meir ullfiber å hente!


Korleis ubehandla ull luktar? SAU!