mandag 22. februar 2010

På tur med Helene harefrøken.

Den uvanlege snømengda vi har denne vinteren har gjort at eg ikkje har gått den vanlege fjellturen min i nærområdet sidan romjula. I dag bestemte eg meg for å spasere på skaren, gjennom skogen av lerketre,

i alle fall til den næraste toppen - eller haugen - Stemnehornet.
Det første som møtte meg i skogkanten var spor etter harefrøkena, og sjølv om eg ikkje såg snurten av henne, så var det som å følgje henne på tur, ho hadde vore der før meg, heile runda, frå eg starta til eg var heime igjen.


Men det var ikkje berre harefrøkena som hadde vore ute og gått: I brattaste lia, der eg frykta at eg ikkje skulle kome meg opp grunna is, der har hjorten tydelegvis trakket sitt. Eg er imponert over at desse flotte dyra, med dei tynne beina, tek seg fram i både djupsnø og isføre i slikt ulendt terreng!

Normalt ville denne vesle turen ta meg 25 minutt, i dag brukte eg vel ein time, men det var vel verdt strabasane å få kome seg opp på den vesle høgda og nyte utsikta mot havet:)

8 kommentarer:

  1. Jammen var det verd slitet på for harefrøkna og deg å komme seg til topps. Nydelig utsikt.

    SvarSlett
  2. Bra bok du leser.. Har kjøpt meg 5 nye idag. Mammutsalget veit du.. Og så har du noe spennende strikk igjen du overskuddsjente!!! Ut på tur gir deg sikkert mye av energien din. Ja no er minstejenta vår voksen...litt rart og stusseligt selv om det er godt..og ho les seg heimatt på begge sider sei dei.Ha en fortsatt fin uke... Skriv egentlig bokmål men verte avskipla når eg lese så flotte nynorsk...

    SvarSlett
  3. Takk for fin tur til Stemnehornet. Ja, det er fint når ein kjem opp, og kan sjå utover havet... Eg var på Leikongeidet i dag. Kaldt, men tok to runder rundt heike løypa, og då fekk eg i meg varmen, gitt... Ha ei fin veke! Snakkast kanskje!

    SvarSlett
  4. Litt av ei utsikt du hadde frå "toppen" din.
    Hjorten er fin den ,men tenk om den kunne holde seg vekke frå vegane. Eg ser hjort langs vegen nesten kvar morgon når eg køyrer på jobb.
    Dei skulle visst kor farleg det er.

    SvarSlett
  5. Hei! Eg takkar og bukkar for awarden...men eg lyt spørje kva for ein award det var? Har ikkje funne ut av det, men eg vurderer sterkt å ta imot:)so gi meg eit vink... Ha ein strålande dag vidare. Eg skal på byatur! Klem

    SvarSlett
  6. For en utsikt!
    Vel verd turen det der!
    Ja dyrene har det nok stridt om dagen, men slik er naturen;)) Klem og god onsdag!!

    SvarSlett
  7. For et flott turterreng du har. Artig med alle de sporene, særlig Helene Harefrøken. Det er nok tøft å være dyr nå, særlig her på Østlandet i den sprengkulda vi har hatt siden nytt-år.
    Ønsker deg en fortsatt fin vinterferie-uke.

    SvarSlett
  8. Fin tur med både utsikt og spor!

    SvarSlett