søndag 31. januar 2010

Vintersøndag og Pay it forward-trekning

I nabokommunen Herøy har entusiastar og eldsjeler i vinter ferdigstilt ei lysløype som kan brukast til fotturar, og som i tillegg er heilt super til skiturar når tilhøva ligg til rette for det. Sidan vi no har hatt snø ein heil månad i trekk, har det etterkvart vorte eit "must" å prøve skia i dette flotte området.

I dag hadde eg endeleg tid til å ta turen til Leikongeidet og prøve både ski og løype. Ein strålande dag med lett, fin nysnø, -8 grader og sol.
Fullt av bilar på parkeringsplassen fortalde om populariteten til anlegget, skia kom på og eg la i veg innover i terrenget. Mange blide ansikt å sjå langs den godt preparerte løypa.
Eldstejenta mi, som har ivra slik for at eg skulle ta meg ein tur, hadde foreslått at eg kunne gå lenger enn lysanlegget, det var berre å følgje skispora etter folk som hadde gått der før meg. Eg var godt fornøgd med eigne skiferdigheiter etter å ha stått utfor opptil fleire unnarenn utan fall og følgde rådet hennar, men utanfor oppkøyrde løyper, der snøen er mykje lausare, måtte eg før eller seinare "tryne"; eit mjukt fall, utan nokon tilskodarar:)
Vel komen på beina igjen, såg eg at eine skia låg att eit par meter lenger oppe - men kvar var bindingen? Eg leita i laussnøen og fann ein bit av ei plastplate, noko meir var ikkje å sjå, ikkje før eg kikka ned på skoen min. Der hang resten av bindingen.
Slik enda eg opp som upopulær fotgjengar i skiløypa i dag.
I morgon skal G-sport få besøk av ein vanskeleg kunde som vil ha svar på kor mykje ein skibinding eigentleg skal tole.




No til Pay it forward-trekninga:
Før jul vart eg trekt ut til å motta ei gåve frå Gamleheksa, ho hadde 365 dagar på seg til å få avgarde gåva, men rask som ho er, så hadde eg ein pakke i postkassa mi rett over nyttår.


Den 11. denne månaden hadde eg mitt Pay it forward-innlegg, då sette eg fristen til kommentere til kl. 22.00 i dag, tre av dei som har kommentert skal no trekkjast ut til å føre stafettpinnen vidare. Lappar med namna til alle er bretta saman og lagt i ei skål, mannen i livet mitt kom akkurat inn, så han skal no få det ærefulle oppdraget å trekkje tre av lappane:)

Desse tre vil innan 365 dagar få ei gåve frå meg, føresett at dei er villege til å vidareføre leiken:
Sonja med bloggen Sonjas side
Anne Britt som er å finne på Kontraster
Wigdis som er eigar av Bestemors kosekrok

Eg har planen klar for kva gåva skal innehalde, og eg lovar at det skal ikkje gå eit heilt år før pakken kjem, men nokre veker vil det nok ta...

Til slutt må eg fortelje at eg tidlegare i dag var så heldig å vinne ein brodert duk i jubiléumslotteriet til Bodil i Handarbeidsgleder:)

fredag 29. januar 2010

Tema gir seg sjølv


Har eg eigentleg noko val når ABC-leiken, som Petunia har settt i gong, er komen til bokstaven S?
Så altoppslukande som den nye interessa mi har vorte på nokre få månader så må eg berre få lov til å lage eit innlegg om henne igjen.
Denne gongen har eg tenkt å gå i Toraa sine fotspor og velje eit ord med, ikkje berre dobbel, men trippel tyding, minst!:
SPINNING.

I den eine tydinga av ordet er målet å produsere tråd. Enten ein bruker tein eller rokk, så er det like flott å sjå akkurat den magiske augneblinken når fiber blir omdanna til tråd!

I den andre tydinga er målet å omdanne lagra energi til kraft, eller i mitt tilfelle å senke blodsukkernivået så mykje som muleg. Minst to timar i veka trakkar eg på ein slik stadbunden doning - og ser fram til føret på vegane tillet meg å ta fram dameSykkelen min og sykle til og frå jobb igjen:)

Når vi snakkar om føret så kjem eg fram til den tredje tydinga av ordet, det er nemleg ikkje fritt for at det har vorte litt spinning i motbakkane med den vesle Yarisen min dei to siste dagane, grunna nysnø og nullføre.


Elles finns det eit uttrykk som seier at vinninga går opp i spinninga, då står ikkje arbeid og gevinst i høve til kvarandre.

Andre, og vel så spennande S-innlegg finn du her.

onsdag 27. januar 2010

No går dei Besta i næringa

Eit rart uttrykk, å gå nokon i næringa..... i mi tyding er det å ta over eit domene.
Mitt domene har vore laurdagspizzaen, i mange år..... Ein skulle tru at vi var gått oss trøytte og leie på pizza for lenge sidan heile familien så mange pizzaer som eg har laga, men nei, kvar laurdag dukkar dei opp og vil ha meir Bestapizza. Berre ikkje dei to minste gutane, Mateo og Oliver, dei synest ikkje at pizzaen min er så veldig god. Der er for mykje rot i han. Løk og paprika og sjampinjong er ikkje for alle ganar, så no har dei bestemt seg, karane, dei vil bake sin eigen pizza.






Dei to siste laurdagane har det difor vore ekstra stor mjølsky på kjøkkenet hos oss, då har Oliver og Mateo stått i kø for å få svinge kjevlet. Mateo sin favorittpizza består av grov botn med ketchup og ost på, med ein liten "tøtsj" av oregano på toppen.
Oliver er litt meir avansert, han strør hakka påleggsskinke på ketchupen før han legg på ost. Begge karane er strålande fornøgde med sin spesielle pizza, det dei ikkje et opp på laurdagskvelden er god niste til skule og barnehage på måndagen:)




søndag 24. januar 2010

Min tur

Eg har sett denne awarden

farte rundt frå blogg til blogg den siste tida, og i dag har han teke turen til meg:)
Tusen takk til Mathilde som ikkje heiter Mathilde, men har bloggen Mathildes rokk for at du tenkte på meg!

Eg likar i grunnen desse awardane der vi skal fortelje noko om oss sjølve, då får vi stadig lese overraskande ting om medbloggarane våre. No er eg av den sorten som har fortalt både interessante og mindre spennande ting om meg og mitt, og neimen om det er lett å grave fram sju nye interessante ting, men ei utfordring er ei utfordring, så eg prøver:

* Eg har slutta å sjå på tv.
* Eg les altfor lite når eg veit korleis ei god bok kan fengje meg.
* Trening er medisinen min og tek mange timar av fritida mi kvar veke.
* Eg prøver å utfordre meg sjølv på fordommane mine.
* Å kjede seg høyrest forlokkande ut i mine øyrer:)
* Nest siste skuledag før jul gjekk eg på jobb i ein svart og ein brun støvlett, eg oppdaga det då eg skulle ta dei av i garderoben, det var sjølvsagt den dagen det var skulegudsteneste.
* Eg har bada i sjøen tre av fire laurdagar i år.







Kven skal eg så vidaresende denne awarden til?

Ane i Hagebø som fortel historier og i tillegg lagar mykje fint, frå handarbeid til måleri.
Tubakk i Den syende himmel, kviltedame med mange flotte prosjekt.
Wigdis med handarbeidsbloggen Bestemors kosekrok der ho i racerfart legg ut nye, fine ting ho har strikka.
Nanni i Nannis verden som er ordkunstnar, flink med interiør og raus med følgjargåver.
M i Et glimt av M som er forfattarspire - vi ventar på neste innlegg så snart vi har lese det siste ho har skrive!
Anne Britt i Kontraster, som er forfattar, og som stadig har nye, gode dikt til ettertanke på bloggen sin.
Ellen i Ellens hobby, barndomsvenninne som brått dukka opp som følgjar av bloggen min:) Ho er flink med handarbeid, og bruker gamle ting som interiør heime hos seg sjølv på ein flott måte.

Eg ser ikkje bort i frå at de alt har fått awarden, men likevel, no kjem han frå meg:)

fredag 22. januar 2010

Råstoff

Kva blir dagane av? No er det tid for R-innlegg, utan at eg har hatt tid til å planlegge kva eg skulle skrive om! Derfor passa det godt at eg fekk hentelapp i postkassa i går så eg måtte innom postkontoret i dag. Der fekk eg utlevert RÅSTOFF.

Med tida skal råstoffet foredlast til tråd, det er vel litt drygt å påstå at eg foredlar det, men eg lagar tråd:)- og etter fire månader som spinnekjerring er eg framleis like fascinert over at eit flak med fiber kan bli omdanna til tråd.


No er det nok ikkje så høg kvalitet over tråden min - enno,
men kjem tid, kjem råd, heiter det.

Det hadde passa godt å avslutte innlegget med ein rosebukett som god-helg-helsing, men sidan eg ikkje kan varte opp med roser, så får det bli ein rosa bukett i staden.


God helg, dei andre R-innlegga er å finne her.

fredag 15. januar 2010

QUO VADIS?



Q er ingen enkel bokstav i språket vårt, derfor er det greitt å låne eit uttrykk frå latin denne gongen for å ha noko å bidra med i

ABC-leiken:


Quo vadis - kvar går du?
Eit sitat som i følgje Wikipeedia er henta frå tidleg kristen litteratur / ei legende om Peter på flukt bort frå Roma for å unngå å bli krossfesta, som i ein draum møter Kristus og spør: "Quo vadis, Domine?" Svaret han fekk var som følgjer: "Til Roma for å bli krossfest på nytt", noko som ga Peter mot til å vende tilbake til Roma og møte skjebna si der.
Også i ei tidleg bibelomsetjing, Vulgate, i Johs. 13.36, finn ein sitatet, Peter spør "Qou vadis?" -og meisteren svarar: "Dit følgjarane mine ikkje kan kome".

Etter å ha teke landevegen fatt og vore pilgrim eit par somrar, synest eg dette sitatet er godt dekkjande for mykje av det ein tenkjer under vandringa:
Når skuldrane verkjer under tyngda av ryggsekken, når lår- og leggmusklar er stive og støle etter mange timars trasking, når føtene er såre og tærne heilt utan kjensle, - då tenkjer ein: Kvar skal eg? Kvifor går eg her? Kva er målet med denne turen?

Når ein er komen inn i rytmen, når kroppen har justert seg og beina går av seg sjølve, blir ein meir filosofisk, då får tankane vandre fritt, då blir "Kvar går du?" meir omfattande: Kva vil eg, kva bruker eg tida mi til, kva har eg oppnådd?
Ei slik vandring kan verte eit vegskilje i livet til pilgrimmen.



Ein kan til og med kome til å tenkje litt vidare enn rett framfor sin eigen nasetipp og begynne å fundere over store og vanskelege problemstillingar, som:
Kva gjer vi med jorda vi bur på? Korleis kan vi hindre at denne flotte, velfungerande planeten vår går av hengslene?



Og når ein kjem i snakk med alle dei flotte, kjekke ungdommane frå mange ulike delar av verda, kjenner ein at om ikkje vår generasjon er så flinke til å ta vare på "Vår Herres klinkekule", så får ein faktisk trua på at dei som kjem etter oss kanskje kan klare å gjere ein betre jobb.

torsdag 14. januar 2010

Stjernekrage i vaksen storleik

No har eg strikka ny stjernekrage, denne gongen til mistejenta som frys i vinterkulden. Oppskrifta er den same som eg brukte på barnekragen, men no auka eg kvar femte omgong i staden for kvar fjerde.
Eg strikka av den andre trådhespa eg spann, i september, ei blanding av ull og alpakka, hundre gram, spunne på handtein, ujamn og tjukk, men god å strikke av:)

Ei noko uvilleg frøken stilte som modell, ho er lite interessert i å bli blanda inn i blogginga mi, men her er resultatet:





Den blå kragen fekk eg nesten gitt bort til Oliver, men så var det nokon, eg skal ikkje nemne namn, som spurde om han hadde fått seg skjørt, dermed var han ikkje interessert i kragen meir. Eg fekk knipsa eit bilete av han før han ombestemte seg, og retteleg fin vart han, synest no i alle fall Besta:

mandag 11. januar 2010

Pay it forward - og litt av kvart som gir grunn til feiring:)

Det strålande vinterveret åleine skaper god stemning:) No er vi kystbuarane forskåna for dei ekstreme temperaturane som innlandsfolket kan melde om, derfor er god, gammaldags vinter heilt topp hos meg.

Tida fyk avgarde, den 31. denne månaden er det eitt år sidan eg slumpa til å opprette blogg. Det fyrste innlegget var eit forsiktig steg ut i verdsveven, det verka temmeleg meiningslaust og tullete å begynne å publisere halvtenkte tankar og meiningar av mange slag, kven ville bry seg med dei?
I løpet av dette året har eg, som aldri før har hatt trong til å meddele meg skriftleg til nokon, hatt 122 innlegg - merkeleg!
Eg har hengt meg på som følgjar hos bortimot 50 bloggarar - og 26 følgjer meg.
Eg har fått mange gode og positive kommentarar, eg har fått råd og hjelp, eg har vorte inspirert til begynne med nye hobbyar, eg har handla på bloggauksjon:


Eg har fått gåver:


Og vunne gevinst:



- Alt dette frå folk som eg ikkje visste eksisterte for eitt år sidan!
Eg blir glad når eg ser nye innlegg hos dei som eg følgjer - blogging har rett og slett vorte ein viktig del av kvardagen min.


Det tredje som set meg i god stemning er av heilt privat karakter, men eg har lyst til at fleire skal dele gleda med meg: Som diabetikar vart eg for omlag eitt år sidan sett på tablettar, to for dag, for å kontrollere blodsukkeret mitt. Eg har aldri vore glad i pillar, så eg sette meg der og då som mål å kvitte meg med tablettane, i alle fall for nokre år. No har eg hatt ein prøveperiode på tre månader utan medisin - og kostomlegging og trening har gitt resultat - eg har fått kontroll over blodsukkeret mitt og er her og no pillefri:)!!

I dag fann eg i tillegg ein pakke i postkassa vår, ein Pay it forward-pakke denne gongen. Eg var så heldig å bli uttrekt på bloggen til Gamleheksa som mottakar av denne pakken:) Ho hadde lagt både arbeid og omtanke i gåva:
Heimestrikka pulsvantar med nydeleg blondekant og flott rosepynt, te, sjokolade, eit vakkert hjerte med englemotiv og eit koseleg brev. Kjekt! Tusen takk til Gamleheksa:)



Sidan eg har teke imot denne gåva er reglane slik at eg skal trekkje ut tre av dei som kommenterer på dette innlegget og sende ein pakke til dei innan 365 dagar. Før eg sender pakken må dei uttrekte akseptere reglane.
Med dette inviterer eg deg til å kommentere under her innan søndag 31. januar kl. 22.00.

fredag 8. januar 2010

På 'an igjen: P denne veka.

Komne meir enn midtvegs i alfabetet er kreativiteten stadig på vikande front, ikkje alltid like lett å finn på noko å blogge om, men ser eg litt rundt på dei andre som deltek i ABC-leiken til Petunia, blir eg skamfull over at eg ikkje har kome på nokon av alle dei flotte idéane.


Men i alle fall så har eg ein P, minst ein:)
Eg har skrive om kor glad eg er i krydder tidlegare, og no er det på tide å presentere den desiderte favoritten: PEPAR. Det finns vel knapt ein middag som ikkje hevar seg når vi tilset litt pepar, jaja, bortsett frå graut, då.
Og kikar eg i den velfylte krydderskuffa mi, finn eg raskt ut at pepar, det har eg - i ulike framtoningar:
Heil svart pepar, malt svart pepar, sitronpepar, peparsymfoni, allehånde, både heil og malt, som på svensk heiter kryddpepar, sitronpepar.. men eg manglar kvit pepar akkurat no, det får eg ordne på i morgon.Alle desse sortane av pepar treng eg til matlaginga, dei passar til ulike rettar, frå sitronpepar i fiskerettar, heil svart pepar i fårikål til peparsymfoni i meir eksotiske rettar,ja til og med i peparkakedeiga lurer eg i ei lita teskei malt svart pepar:) Men den eg alltid har ståande på kjøkkenbenken, klar til alle formål er peparkverna, fylt med vanleg heil svart pepar, ingen krydder er viktigare for å få eit godt resultat ved grytene enn nykverna pepar!




Eg har ein P-favoritt til: Storeguten min, Petter.