mandag 11. januar 2010

Pay it forward - og litt av kvart som gir grunn til feiring:)

Det strålande vinterveret åleine skaper god stemning:) No er vi kystbuarane forskåna for dei ekstreme temperaturane som innlandsfolket kan melde om, derfor er god, gammaldags vinter heilt topp hos meg.

Tida fyk avgarde, den 31. denne månaden er det eitt år sidan eg slumpa til å opprette blogg. Det fyrste innlegget var eit forsiktig steg ut i verdsveven, det verka temmeleg meiningslaust og tullete å begynne å publisere halvtenkte tankar og meiningar av mange slag, kven ville bry seg med dei?
I løpet av dette året har eg, som aldri før har hatt trong til å meddele meg skriftleg til nokon, hatt 122 innlegg - merkeleg!
Eg har hengt meg på som følgjar hos bortimot 50 bloggarar - og 26 følgjer meg.
Eg har fått mange gode og positive kommentarar, eg har fått råd og hjelp, eg har vorte inspirert til begynne med nye hobbyar, eg har handla på bloggauksjon:


Eg har fått gåver:


Og vunne gevinst:



- Alt dette frå folk som eg ikkje visste eksisterte for eitt år sidan!
Eg blir glad når eg ser nye innlegg hos dei som eg følgjer - blogging har rett og slett vorte ein viktig del av kvardagen min.


Det tredje som set meg i god stemning er av heilt privat karakter, men eg har lyst til at fleire skal dele gleda med meg: Som diabetikar vart eg for omlag eitt år sidan sett på tablettar, to for dag, for å kontrollere blodsukkeret mitt. Eg har aldri vore glad i pillar, så eg sette meg der og då som mål å kvitte meg med tablettane, i alle fall for nokre år. No har eg hatt ein prøveperiode på tre månader utan medisin - og kostomlegging og trening har gitt resultat - eg har fått kontroll over blodsukkeret mitt og er her og no pillefri:)!!

I dag fann eg i tillegg ein pakke i postkassa vår, ein Pay it forward-pakke denne gongen. Eg var så heldig å bli uttrekt på bloggen til Gamleheksa som mottakar av denne pakken:) Ho hadde lagt både arbeid og omtanke i gåva:
Heimestrikka pulsvantar med nydeleg blondekant og flott rosepynt, te, sjokolade, eit vakkert hjerte med englemotiv og eit koseleg brev. Kjekt! Tusen takk til Gamleheksa:)



Sidan eg har teke imot denne gåva er reglane slik at eg skal trekkje ut tre av dei som kommenterer på dette innlegget og sende ein pakke til dei innan 365 dagar. Før eg sender pakken må dei uttrekte akseptere reglane.
Med dette inviterer eg deg til å kommentere under her innan søndag 31. januar kl. 22.00.

11 kommentarer:

  1. Så koselig å få pakke i posten enda jula er over.
    Skal si du har vært flink, tenk at du har sluttet med piller. Det hadde vært vanskelig for meg å kutte sukker (godteri).Du kan være stolt av det.Lykke tilvidere med dietten.

    SvarSlett
  2. Gratulerer med gevinsten ! Så bra at du har fått blodsukkeret under kontroll! Det er jo en flott gevinst det også ;) Ønsker deg lykke til videre med ny livsstil! Jeg prøver også;))
    Klem fra meg!

    SvarSlett
  3. Hei!
    Masse å glede seg over her....fine gåver...og bedre helse, so flott.
    Kan gjerne skrive under på det du skriv om blogging......det har på ein måte opna ei "ny verd"....og berre positivt.

    SvarSlett
  4. Så hyggelig å lese dette! Heldige du som er pillefri. Her i gården er det en umulighet, for mine plager lar seg ikke fjerne. Så jeg er glad for at piller holder problemene i sjakk. Men ikke misforstå: Jeg er glad på dine vegne. Kjenner meg igjen på veien din inn i bloggverdenen. Jeg famler litt enda, men har fått med meg en trofast følgergjeng. Nå syns jeg at jeg kjenner mange flere.

    SvarSlett
  5. Takk for helsinga...
    Så artig at du og likar litt sprøe ide,ar.
    Klart du er velkommen ombord.

    Ha ei fin veke.

    SvarSlett
  6. så blev det 27, .. trodde jag var där jag, så dum och förvirrad kan man vara :)

    SvarSlett
  7. Huff da, at jeg sendte deg sjokolade når blodsukkeret skal holdes i sjakk. Jeg håper du har andre som kan ta på seg ansvaret for å spise disse små bitene ;) Fortsatt lykke til med prosjekt "uten piller"

    Gratulerer med snart et år i bloggverden. Det gir et påfyll i hverdagen og heldigvis kan en bare glemme blogginga i travle tider.

    SvarSlett
  8. Enig med deg i at blogging blir en viktig del av livet. Selv har jeg jo en ren håndarbeidsblogg, men jeg koser meg dessto mer med bloggene til de andre som jeg leser. Deriblant din. Tenk at det ikke er mer enn et år siden du startet.
    Så flott at du har fått orden på blodsukker og kan slippe tabletter. Det er utrolig hva mat kan gjøre hvis en er litt bevisst på hva en har i seg. Har boken om Stenalderkost selv og har tenkt å bruke den, men det blir stadig utsatt. Får vel ta meg selv i nakken og ta det merarbeidet en spesiell diet krever, for det tar jo ganske mye tid i begynnelsen. Det tenker jeg du merker.
    Gratulere forøvrig med gevinst. De pulsvantene var jo nydelige.
    Ha en fin uke videre.

    SvarSlett
  9. eg er heilt med deg i det du skriv om denne fantastiske bloggverda! Det å blogga er vorte ein kjær hobby som eg ikkje ville vore forutan!
    Honnør til deg for innsatsviljen ang. diabetesen!!
    Eg har sjølv ei lita bestemorjente med diabetes som må ha 6 sprøyter for dagen, og av og til synes ho det er vanskeleg å akseptera sjukdomen.
    Så fine pulsvantar du har fått frå Gamleheksa (ja,det andre som var med i pakka også sjølvsagt)
    Ha ein fin kveld:0)

    SvarSlett
  10. Eg har også fått heilt dilla på blogg no. Har, som du, fått mange nye venar, fleire overraskingar i posten, og utroleg nok litt system på hobbytinga mine. Er ikkje heilt sikker på kva PIF er for noko, men det høyrest koseleg ut. Kanskje eg kan vere med? Så får du heller forklare meg kva det går ut på. Ha ei fin veke!

    SvarSlett
  11. JA! Dette vil eg gjerne vere med på... Eg har hatt stor glede av å lese blogginnlegga dine, Krisin! Du inspirerer og motiverer! Tusen takk! Klem

    SvarSlett