fredag 28. oktober 2016

Senilveka

Det fylgjer med eit stort privilegie når ein fyller 60 år, ein får retten til ei ekstra ferieveke.
Denne retten gjorde eg meg nytte av direkte etter namnefesten i Oslo.

Mannen min har reist til varmare strøk kvar haust etter at han pensjonerte seg. Han meiner september er den ideelle månaden når det gjeld å ta  seg ein sydentur, då har sjølvsagt ikkje eg hatt høve til å vere med - men det hadde eg i år.

Han har hatt Madeira som sitt paradis gjennom fleire år, men eg nektar å reise dit når eg skal slappe av, dei snakkar jo portugisisk der, ikkje forstår eg kva dei seier og ikkje får eg friska opp att spansken min, så då forstår vel alle at det ikkje er noko reisemål for meg.

Etter ein del forhandlingar vart kompromisset Tenerife. Det ligg i Atlanterhavet, vestsida ligg slik til at ein kan  rekne med store bølgjer, og dei snakkar spansk.

Rett frå namnefesten sette vi oss i bilen og køyrde til Gardermoen. Flyet letta kl. 23:30, vi mellomlanda i Madrid ein gong midt på natta og var framme på flyplassen nord på Tenerife kl.12:00 dagen etter. Ikkje akkurat topp for godt vaksne menneske å reise nattestider med trange fly der dei har innskrenka plassen mellom seta til eit minimum, faktisk var der ikkje plass til oppbevaringsnett i seteryggen på setet framfor ein gong. Vi var ganske urvne der vi stod og venta på bussen som skulle ta oss frå flyplassen til reisemålet vårt, så etter ein halvtimes busstur til Puerto de la Cruce var det godt å finne ei stor, god seng på hotellromet. Vi stupte til køys og sov som nokre steinar til langt ut på ettermiddagen.

Puerto de la Cruce skuffa ikkje,




store bølgjer fekk vi både sjå og kjenne,
sol og varme vart det nok av og  vi fekk symje i beskytta sjøbasseng.




Vi fekk nokre glimt av el Teide når skodda som låg oppe i høgda letta i korte glimt.


Kveldane brukte vi til å traske rundt i sentrum av byen,







vi åt godt - og eg fekk snakke spansk.



Frå hotellromet hadde vi fin utsikt mot havet og badeanlegget,




og vi såg rett ned på hotellbassenget, men vi brukte det aldri, sjøvatn fristar meir enn klor.


Vi høyrde ingen andre som snakka norsk for heile veka vi var der, og det var i grunnen heilt greitt.

No har gubben til og med funne ut at Tenerife er eit enda betre alternativ enn Madeira, og vi veit at der er mykje meir å sjå og oppleve enn det vi brydde oss med å utforske denne gongen, så om det lagar seg slik blir det sikkert fleire turar til den vakre øya i El archipielage de las Canarias.



På flyturen heim fekk vi knipsa nokre bilete av Gibraltarstretet, der vi ser både Afrika og Europa samstundes:)



mandag 24. oktober 2016

Oslotur

Mot midten av september sette vi kursen austover igjen, vi skulle feire Mio med namnefest. Sidan eg hadde litt avspasering til gode kunne vi reise alt torsdags ettermiddag. Festen skulle haldast laurdag og fredagen skulle brukast til å førebu festen.

Det er tydeleg at austlandsklimaet er betre enn her vest hos oss, hagen som høyrer til huset Marte og Daniel har kjøpt bugna av frukt, enda dei hadde sendt rundt 20 kg eple til pressing var dei to epletrea fulle av store, fine eple. Dei tre pæretrea bar også mykje frukt, meir enn ei gjennomsnittsfamilie klarer å konsumere. Plommene var ikkje av like god kvalitet, det såg ut som trea var angripne av ein slags sjukdom. men bjørnebærriset kunne friste med fine, svarte bær.

Ein slik rikdom er det kjekt å kunne gjere seg nytte av, så til festen vart det laga eplekake, nøttekake fylt med hermetiske pærer og pavlova med bjørnebær, alt frå eigen hage. I tillegg var der sjølvsagt svensk kladdtårta, ostekake, sjokoladekake - ja, alt ein kunne ønskje seg av søtmat:)


Marte fekk bruke kantina på jobben sin som festlokale, der vart det pynta fint på førehand.
Marte laga sjølv hovudretten, god stroganoffgryte, medan systrene Tove og Åsta, fiksa salaten. Vi drakk sjølvsagt nypressa eplemost  til maten.

Sidan det er ganske sjeldan at det blir arrangert "offentleg" namnefest-seremoni i Oslo, måtte foreldra til Mio sjølve lage eit innhald til festen.



Det gjorde dei med glans. Alle gjestene fekk kvar si oppgåve, alt frå å passe Mio, rydde etter måltidet, koke kaffi og setje fram kakene, til å spele og synge, lese dikt og halde tale. 




På den måten vart det ein verdig og fin fest der både store og små kjende seg inkluderte og deltakande.


Hovudpersonen sjølv, som har fått to namn; Mio Holger,  var roleg og blid, så lenge han fekk mat når han var svolten.


Han fekk mange fine gåver - som foreldra sette pris på, i fyrste omgang - så får vi sjå om Mio sjølv likar dei når han blir litt eldre.


For oss besteforeldra var det ekstra kjekt å få vere i lag med alle ungane - og nesten alle barneborna - samstundes igjen, vi synest vi har ein fin flokk av born, svigerborn og barneborn. 







Det er også kjekt å vere saman med Daniel si familie som vi no føler vi begynner å kjenne, 




og sjølvsagt også å få treffe att venner av familien.



fredag 21. oktober 2016

Strikkeoppdatering

Det er lenge sidan eg fann ut at bloggen min ikkje høyrer til i ein bestemt kategori, men eg har no -strikke- i namnet, så då er det vel naturleg å blogge litt om strikkeaktiviteten min også.

Eg er usikker på kva eg hadde med sist eg blogga om strikking, har eg lagt ut bilete av babyjakkene til Mio og syskjenbarnet hans?  Og alle babysokkane? Eg satsar på at dei ikkje har vore omtalte her før, og starte med dei:


Marte ønskte ei lita jakke til vesleguten sin, alle strikkajakkene som storesyskjena hadde hatt var gitt bort for lenge sidan, så då vart det denne jakka strikka i Sandnes babyull:



Sidan det vesle syskjenbarnet kom til verda berre ei veke etter Mio, var det naturleg at ho fekk ei jakke også:



Babysokkar var også mangelvare, så det var berre å bruke opp restetråden på det.


Tidlegare hadde eg strikka ei kortbukse som eg gløymde å ta bilete av, den hadde Mio på seg då vi var på besøk i sommar, så her er den.


Nokre Kerrtusokkar vart det også, greitt å halde på med når vi er på langkøyring.



Oskar er meir enn alminneleg oppteken av traktorar, så ein traktorgensar til han kjende Besta seg forplikta til å strikke.




Så fann eg fram ein liten, forenkla Mariusgensar som aldri vart gjort ferdig medan Oskar var baby, no er den ferdig og passar perfekt til Mio.


Ein annan ufo i strikkesakene mine vart også henta fram, ein Setesdalsgensar som eg hadde begynt på, og så oppdaga eg at eg hadde lagt opp i str. 6 mnd i staden for 2 år. No er den klar, hua er også nesten ferdig, og eg har nok tråd til å strikke ei bukse og nokre vintersokkar til Mio av restetråden.



Så har eg eit litt større prosjekt på gang som eg reknar med å f ferdig denne helga; gensar til minsteguten min, ei forseinka gåve til 27-årsdagen. 


Eg er litt spent på om eg kanskje har strikka han for smal, men då får han berre gi gensaren til kjærasten og be meg strikke ein ny.

torsdag 20. oktober 2016

Fagre Stryn i bryllaupsmodus

Midt i august var vi inviterte i bryllaup. Det er ei av tantejentene mine som  som har funne seg ein staut kar frå Stryn. Dei har bestemt seg for å slå seg til i Oppstryn, så difor vart bryllaupet halde der.



Vigsla gjekk føre seg i Oppstryn kyrkje,


medan bryllaupsfesten var på Bresenteret like ved.


Ramma rundt dagen kunne ikkje ha vore betre; sol frå skyfri himmel og fin sommartemperatur. Bruda bar ein blomsterkrans i håret som stråla i sterke, vakre fargar,

buketten var like vakker, og festlokalet var pynta med same herlege blomsterfloren.


80 feststemte gjester var der plass til, maten var god - og det var drikken også.


Mange vakre og morosame talar vart brudeparet til del, og brudgommen sjølv heldt ein fin og rørande tale til si strålande brud, der han til og med spelte gitar og song "deira" song.

Mor til bruda hadde laga song med maaange vers, allsong er alltid kjekt å vere med på, og mor til brudgommen akkompagnerte på gitar:)

Brudepar og gjester måtte gjennom nokre artige utfordringar før spelemannen spelte opp til dans.

Brudeparet ønskte seg pengar til husbygging framfor husgeråd og pynteting, dei fekk likevel fleire fine og praktiske gåver som dei sette pris på. 



Vi kosa oss gjennom heile festen og hadde ikkje vit til å finne senga før langt på natt.

Vi hadde booka plass på Hjelle hotell, eit erværdig hotell som eg har skrive om tidlegare. 


Det ligg ved breidda av Strynevatnet, så etter frukost søndagsmorgonen fekk eg sjansen til eit lite bad i smeltevatnet frå fjella rundt Stryn.

Friskt, kan eg vel seie om den opplevinga:)