mandag 24. oktober 2016

Oslotur

Mot midten av september sette vi kursen austover igjen, vi skulle feire Mio med namnefest. Sidan eg hadde litt avspasering til gode kunne vi reise alt torsdags ettermiddag. Festen skulle haldast laurdag og fredagen skulle brukast til å førebu festen.

Det er tydeleg at austlandsklimaet er betre enn her vest hos oss, hagen som høyrer til huset Marte og Daniel har kjøpt bugna av frukt, enda dei hadde sendt rundt 20 kg eple til pressing var dei to epletrea fulle av store, fine eple. Dei tre pæretrea bar også mykje frukt, meir enn ei gjennomsnittsfamilie klarer å konsumere. Plommene var ikkje av like god kvalitet, det såg ut som trea var angripne av ein slags sjukdom. men bjørnebærriset kunne friste med fine, svarte bær.

Ein slik rikdom er det kjekt å kunne gjere seg nytte av, så til festen vart det laga eplekake, nøttekake fylt med hermetiske pærer og pavlova med bjørnebær, alt frå eigen hage. I tillegg var der sjølvsagt svensk kladdtårta, ostekake, sjokoladekake - ja, alt ein kunne ønskje seg av søtmat:)


Marte fekk bruke kantina på jobben sin som festlokale, der vart det pynta fint på førehand.
Marte laga sjølv hovudretten, god stroganoffgryte, medan systrene Tove og Åsta, fiksa salaten. Vi drakk sjølvsagt nypressa eplemost  til maten.

Sidan det er ganske sjeldan at det blir arrangert "offentleg" namnefest-seremoni i Oslo, måtte foreldra til Mio sjølve lage eit innhald til festen.



Det gjorde dei med glans. Alle gjestene fekk kvar si oppgåve, alt frå å passe Mio, rydde etter måltidet, koke kaffi og setje fram kakene, til å spele og synge, lese dikt og halde tale. 




På den måten vart det ein verdig og fin fest der både store og små kjende seg inkluderte og deltakande.


Hovudpersonen sjølv, som har fått to namn; Mio Holger,  var roleg og blid, så lenge han fekk mat når han var svolten.


Han fekk mange fine gåver - som foreldra sette pris på, i fyrste omgang - så får vi sjå om Mio sjølv likar dei når han blir litt eldre.


For oss besteforeldra var det ekstra kjekt å få vere i lag med alle ungane - og nesten alle barneborna - samstundes igjen, vi synest vi har ein fin flokk av born, svigerborn og barneborn. 







Det er også kjekt å vere saman med Daniel si familie som vi no føler vi begynner å kjenne, 




og sjølvsagt også å få treffe att venner av familien.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar